Hopp til innhold

Kyrkjestreik kan ramme julegudstenester

21 kyrkjetilsette Oslo, Asker, Bærum og Borg går ut i streik laurdag. Allereie neste veke vert streiken trappa opp. Det kan få konsekvensar for julegudstenester.

Julegudstjeneste i Uvdal kirke julaften

POPULÆRT: Om streiken held fram i to veker kan den også ramme julegudstenester heilt, delvis eller digitalt. Dette bildet er frå ei gudsteneste i Uvdal i 2013. Det er ikkje kjend om Uvdal vert ramma av streiken.

Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix

– Konsekvensen vert heilt eller delvis avlyste arrangement der tilsette er tatt ut i streik.

Det seier forhandlingsleiar i Unio KA, Kristian Mollestad til NRK.

Eit døme kan vere at andakten vert avlyst eller at kyrkjelege handlingar skjer utan musikk.

Meklar Inger-Marie Landfall konstaterte klokka 2.30 i natt at partane sto for langt frå kvarandre til at ho så noko grunnlag for å fortsette meklinga.

Det var ikkje mogeleg å få til eit framlegg som ho trudde kunne bli tilrådd av begge partar.

I fyrste omgang gjeld det prestar og diakonar som arbeider i Oslo, Asker, Bærum og Borg bispedømme.

Opptrapping

Kristian Mollestad er forhandlingsleiar for Presteforeininga

REKRUTTERINGSPROBLEM:– Garantiløn for prestar vert redusert med 65.000 kroner. Det er ikkje mogleg å akseptere for ei kyrkje som har store rekrutteringsproblem, seier Kristian Mollestad til NRK.

Foto: Unio

Dei 21 som no streikar tilhøyrer fagforeininga Unio KA (Presteforeininga) og Fagforbundet Teologane.

Meklinga omfatta arbeidsgivarane KA og ti av i alt 22 fagforeiningar i kyrkjesektoren.

Neste veka vert streiken trappa opp. Då går 12 kyrkjemusikarar og kateketar organisert i Creo og Kyrkjeleg Undervisningsforbund ut i streik.

Det er også varsla at tilsette i Nidaros bispedømme kan leggje ned arbeidet om streiken held fram.

Ti av dei 22 fagforeiningane i kyrkjeleg sektor valde å bryte forhandlingane i hovudtariffoppgjøret i slutten av oktober.

Forhandlingane med dei andre fagforeiningane vart utsett i påvente av resultatet frå meklinga i natt.

Kritisk arbeidsgivar

Forhandlingsleiar i Unio KA, Kristian Mollestad, seier at bakgrunnen for streiken er at nye prestar får mykje lågare løn. Årsaken er at lønssystemet vert endra neste år.

– Garantiløn for prestar vert redusert med 65.000 kroner. Det er ikkje mogleg å akseptere for ei kyrkje som har store rekrutteringsproblem, seier han.

Om streiken held fram i to veker kan den også ramme julegudstenester. Mollestad beklagar det sterkt:

– Der den presten som skulle hatt gudstenesta er tatt ut, vil gudstenesta bli avlyst. Dersom det er ein kantor eller kyrkjemusikar som er tatt ut, vil det bli ein kyrkjeleg handling utan musikk.

– Der kor julegudstenesta skulle vore halde utandørs, vil den bli ramma eller avlyst der kor aktørane er tatt ut i streik.

Arbeidsgivaren er kritisk etter forhandlingsbrotet.

– Vi har strekt oss til det ytste for å imøtekomme fagforeiningane sine krav innanfor ansvarlege rammer. For oss er det derfor sterkt beklageleg at disse vel å ta i bruk streikevåpenet i denne situasjonen.

Det seier administrerande direktør Marit Halvorsen Hougsnæs i KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder til NTB.

AKTUELT NÅ