Kristin Kirkemo Haukeland (foto: NRK).
Det vart stille i rettslokalet då Kristin Kirkemo Haukeland fortalde om korleis Per og Veronica Orderud hadde planlagt drapet på Kristian og Marie Orderud, Anne Orderud Paust og Per Paust. Bakgrunnen skulle vere rettstvisten om overtakinga av Orderud gard.
Planlegging
Kristin sa at Per og Veronica etter våpeninstruksjonen natt til julaften gjorde det klart at dei måtte drepe dei fire, før dei tok livet av dei. Då Kristin lurte på om dei verkeleg hadde tenkt å ta livet av dei fire, fekk ho til svar at ho ikkje forstod alvoret i saka.
Per og Veronica skal ha sagt at dei hadde tenkt å gjennomføre drapa i kårbustaden, og at det må skje så snart om mogleg.
Etter dette vil Kristin reise frå Orderud, men seier at Lars Grønnerød hindra henne. Ho kjende seg utilpass av det ho hadde høyrt denne natta. -Det høyrdest ut som ein amerikansk actionfilm når dei skulle ta livet av fire menneske på grunn av ein rettstvist, sa ho.
Kristin sa også i retten at var tydeleg at Veronica og Per skulle utføre drapa i kårbustaden, men at dei spurde Lars Grønnerød om han kunne hjelpe til. Ho sa også at Veronica og Per sommaren før hadde spurt henne om ho kunne skaffe dei kontakt med ein torpedo i det jugoslaviske miljøet i Oslo. Ho forstod det slik at dei spurde for nokre vener av dei. Ho kunne i retten ikkje hugse at det då var snakk om ei likvidering.
Kristin sa i retten at Per og Veronica hadde planlagt at dei skjulle drepe Anne Orderud Paust og Per Paust først, fordi dei var raskast til beins. Det var også snakk om å bruke eingongskjeledressar som ein kunne kjøpe på Biltema.
Små føter
Det var også snakk om fottøy. Veronica snakka om kor små føter ho har, og det vart nemnt at ho kunne ha raggsokkar utanpå skoa. Det var også snakk om at ho kunne bruke andre sko, slik at det ikkje vart oppdaga spor som kunne føre tilbake til hennar små sko, forklarte Kristin.
Kristin Kirkemo Haukeland sa også at Veronica hadde uttrykt tvil om at våpna som ho hadde skaffa var kraftige nok til å ta livet av dei fire. Kristin sa også at det vart servert lite alkohol på Orderud denne kvelden, og at det på ingen måte var snakk om fyllerør. Sjølv var Kristin heilt edru fordi ho skulle køyre bil, sa ho.
Kristin forklarte at dei tre andre måtte ha forstått at ho ikkje ville vere med på drapa, og at det var grunnen til at Lars Grønnerød hindra henne i å reise frå Orderud ved å ta frå henne bilnøklane.
- Det verkar som om dei såg på det å ta livet av fire menneske var heilt naturleg, men eg ville ikkje tru at det var deira alvor å gjennomføre det. Derfor stilte seg meg heilt utanfor det dei snakka om. Eg forstod eigentleg ikkje at det var alvor før eg høyrde om drapa, sa Kristin Kirkemo Haukeland i forklaringa si i retten i dag.
Det enda med at Lars Grønnerød sjølv stakk fra garden i Kristin sin bil, etter å ha skrudd på nye skilt, medan Kristin sin sjølv gjekk derifrå til fots, for så å returnere ut på morgonsida.
Då ho vakna neste dag stod det eit glas med ein del tablettar med blå valium, pluss resten av amfetaminen som Veronica hadde kjøpt for å slanke seg, på nattbordet. Kristin tok amfetaminet, men røyvde ikkje pillane. Under julemåltidet klokka 17 neste dag vart ikkje drapsplanane nemnde med eit ord, forklarte Kristin i dag.
Hemmelege rom
I Nes Herradsrett kom det i dag også fram at Lars Grønnerød hadde fleire hemmelege rom i husværet sitt, der han oppbevarte våpen og mobiltelefonar han ikkje brukte, ifølgje Kirkemo Haukeland.
Kirkemo Haukeland fortalde også at Grønnerød rundt påsketider, då det omtalte våpenbytet på Orderud gard skal ha skjedd, hadde eit nytt våpen heime hos seg.
Dørvakt
Kristin fortalde også i Nes heradsrett i dag om eit møte med ein tidlegare dørvakt og torpedo i Trondheim. Ho spurde vedkomande om han framleis tok på seg torpedo-oppdrag, men at ho stilte spørsmålet berre fordi ho var nyskjerrig. Begge to var rusa, sa ho. Han sa at han ikkje dreiv med slike ting lenger, og at han heller ikkje kjende nokon i miljøet.
Kristin forklarte også at Lars Grønnerød på eit seinare tidspunkt hadde fått førespurnad frå Per og Veronica Orderud om kjøpe ein revolver som Lars kallar "lillegutt".
Han ville at Kristin skulle vere med til Orderud for å levere pistolen, men dette ville ho ikkje. Ho ville ikkje ha noko med familien sin der oppe å gjere, sa ho.
- Veronica ringde fleire gonger til Lars og maste om å få kjøpe "lillegutt", sa Kristin Kirkemo Haukeland i heradsretten. Bortsett frå dette hadde ho ikkje vore i kontakt med Per og Veronica etter det som hende i jula.
Lyd og video
- - Kristin Kirkemo Haukeland fortalte i retten i dag at de tre andre tiltalte under det omtalte juleselskapet planla å drepe både ekteparet Paust og Marie og Kristian Orderud. Reporter Atle Bjurstrøm (40 kbps Real Video).
- - Reporter Silje Hovland om Kristin Kirkemo Haukelands forklaringer i ettermiddag (40 kbps Real Video).
- - Reporter Åse Marit Befring om Kristin Kirkemo Haukelands forklaring (40 kbps Real Audio).