Politiet avviser Sandberg-teori

Politiet meiner å kunne dokumentere at ingen av gjerningspersonane i Orderud-saka gjekk mellom etasjane i kårbustaden.

Video nsps_upload_2009_3_25_21_8_38_1676.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tore Per Bakken leidde den tekniske etterforskinga av Orderud-drapa.

Tore Per Bakken leidde den tekniske etterforskinga i Orderud-saka. Han fortel at dei gjorde grundige undersøkingar av fotspora i andre etasje av kårbustaden.

Han er sikker på at ingen av dei som sette fotspora sine i andre etasje, og som tok livet av Anne Orderud Paust, Marie Orderud og Kristian Orderud, har vore i trappa eller nede i første etasje.

Avviser kritikk

Tore Sandberg viser fram hullet

Tore Sandberg viser fram kuleholet politiet ikkje fann.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Bakken avviser kritikken om at politiet har låst seg fast i ein teori og ikkje har villa etterforske andre teoriar. Han seier at dei gjekk svært breitt ut i denne saka, og at dei på ingen måte var låst i at konflikten om garden var det einaste motivet for drapet.

Han meiner også at Sandberg sin teori om at glaset i verandadøra var knust frå innsida, ikkje held mål. Han seier at den grundige etterforskinga viser klart at glaset er knust frå utsida.

Det styrkar politiet sin teori om at inntrengjarane kom seg inn gjennom verandadøra i andre etasje, og at dei opna døra etter å ha knust glaset der.

Tore Per Bakken er heilt sikker på at dei fire som er dømde for drapa i kårbustaden på Orderud gård, er skuldige.

Privatetterforskar Tore Sandberg meiner at minst ein av gjerningspersonane har kome seg inn i kårbustaden gjennom hovudinngangen i første etasje. Han forklarar at det er fullt mogleg for ein som er dyktig på dette feltet, å dirke opp ein lås utan å setje merke etter seg.

- Dette har vi gjort grundige testar av, seier han.

Anne Orderud Paust

Anne Orderud Paust

Anne Orderud Paust.

Foto: Privat / SCANPIX

Han meiner det Bakken legg fram ikkje utelukkar at nokon kom inn hovudinngangen i første etasje.

Sandberg sin hovudteori er at det var Anne Orderud Paust som var målet for drapspersonane. Han meiner at politiet har hengt seg for mykje opp i konflikten om Orderud gård, som i første rekkje var mellom Per og Veronica Orderud på den eine sida, og Marie og Kristian Orderud på den andre.

Han seier det er mogleg at Anne Orderud Paust har høyrt, og kanskje sett, at nokon var på ytterdøra, og at hennar naturlege fluktveg var opp trappa til andre etasje, der foreldra hadde soverom.

Det passar også inn med funnet av eit kulehol i ei skapdør, som poltiiet ikkje registrerte då saka vart etterforska. Sandberg meiner dette funnet passar med at det er avfyrt eit skot frå øvst i trappa i låg høgde. Det kan tyde på, meiner Sandberg, at det vart skote mot Orderud Paust medan ho var på flukt.

Attentatforsøk

Sandberg legg stor vekt på at det to gonger tidlegare var gjort attentatforsøk mot Anne Orderud Paust og ektemannen Per Paust. Han døydde av naturlege årsaker berre eit par veker før drapa på Orderud gård.

Han meiner at også det såkalla 180-sporet har vore for dårleg etterforska. Her var det ein mann som ringde inn til Opplysinga 180 og fortalde at han skulle ta livet av Anne Orderud Paust. Han sa også at foreldra hennar hadde lidd nok.

Politiet fann aldri ut kven som ringde inn denne samtalen. Tore Sandberg seier at han har ein teori om kven som kan ha gjort det, men at han ikkje kan seie noko meir om det no.

SISTE NYTT

Siste meldinger