Hopp til innhold

- Øystein Mæland ny politidirektør

Psykiater og tidlegere statssekretær Øystein Mæland overtar jobben som politidirektør etter Ingelin Killengreen i Oslo.

Øystein Mæland

Øystein Mæland var ein av to søkere til stillingen.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Det melder VG Nett.

Mæland var ein av to søkjarar til stillinga. Killengreen (63) har
gått av som politidirektør og er i dag departementsråd i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD).

Mæland har vore statssekretær for Justisdepartementet frå Arbeidarpartiet. Han har òg vore politisk rådgjevar og leiar for AUF i Oslo.

Ingelin Killengreen

Avtroppende politidirektør, Ingelin Killengreen, overlatar jobben til Øystein Mæland.

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

Han blei i 2009 utnemnt til leiar av Klinikk for psykisk helse og avhengighet ved Oslo universitetssjukehus.

Mæland ønskjer ikkje å kommentere saken overfor avisa. Han skal ifølgje VG utnemnast offisielt om kort tid.

Justisdepartementet er svært tilbakehaldne med informasjon om saka, og viser til at offentleggjeringa ikkje står på sakslista til dagens møte i Statsråd.

Det er difor mogleg at avgjersla ikkje vil bli teke før om nokre veker.

Fellesforbundet nøgd

Leder UNIO Stat, Arne Johannessen

Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund trur Mæland vil ha ein svært krevjande jobb i den nye stillinga.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, seier til NRK.no at han er nøgd med at valet falt på Mæland.

– Det er eit spennande men uventa val. Han har ein spennande bakgrunn fordi han verken er jurist eller politiutdanna. Han har politisk erfaring og leiarerfaring, men også gode menneskelege eigenskapar som er viktige i den rolla. Eg kjenner han frå då han var statssekretær, og me hadde gode relasjonar.

Johannessen meinar Mæland si lange politiske erfaring ikkje treng å bety meir detaljstyring frå politikarar. Dette ansvaret meinar han ligg på justisministeren.

– Me har hatt mange år med politisk detaljstyring. Det handlar meir om at justisministeren klarar å skilje mellom kva som er politisk styring og kva som ikkje er det. Eg forventar at Mæland får eit større handlingsrom, og eg trur ikkje det er samanheng mellom politisk erfaring og sjølvstende frå politikarar.

Er det ein ulempe at han ikkje har relevant politierfaring?

Nei, eg meinar dei personlege eigenskapa og samfunnsforståinga er mykje viktigare enn om ein har juridikum. For oss er ikkje det noko kvalitetsstempel.

– Best blant kandidatane

Per Sandberg

Per Sandberg meinar Mæland kan bli ein bauta om han frikoplar seg frå politisk styring.

Foto: Hans H. Bjørstad

Framstegspartiet sin justispolitiske talsmann, Per Sandberg, meinar det har vore alt for få søkjarar til stillinga, men tykkjer Mæland er den beste blant kandidatane. Likevel kritiserar han Arbeidarpartiet for at dei plukkar ut sine eigne til toppverv.

– Det er eit eksempel på politisk utvelging basert på om ein har partiboka i orden. Dette gjer at jobben blir lite attraktiv, og difor er det veldig få søkjarar.

– Eg håpar han tør å utfordre dei som er i politisk posisjon, og at han ikkje lar den politiske erfaringa påverke dei store behova som er innanfor politiet. Han står overfor kjempesvære utfordringar, og eg håpar verkeleg at han ikkje lar seg kue av politikarar, seier Sandberg.

AKTUELT NÅ