Hopp til innhold

- Mulla Krekar er framleis ein trussel

Oslo-Brussel (NRK): - Mulla Krekar er framleis ein trussel mot tryggleiken i Noreg. Arbeidet med å få han utvist held fram for fullt, seier statsminister Erna Solberg (H).

Statsminister Erna Solberg (H).

– Krekar er framleis ein trussel, seier statsminister Erna Solberg (H).

Foto: NRK

Statsministeren seier at ho har full respekt for at ein norsk domstol teke dei avgjerdene dei gjer baserte på den bevisa dei har i ei straffesak.

– I så måte er det berre å akseptere at det har skje. I Noreg har vi eit klart skilje mellom politikk og rettsstellet, så dette kan vi ikkje gjere noko med, seier Solberg til NRK i Brussel i kveld.

Ho gjer det likevel klart at mulla Krekar framleis er ein trussel mot det norske samfunnet.

– Jobbar vidare

Mulla Krekar

Mulla Krekar er ein fri mann igjen, men statsministeren seier at han framleis er ein trussel mot norsk tryggleik.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Det stadfesta Høgsterett då eg var kommunalminister. Det betyr at han er utvist frå Noreg, og så jobbar vi vidare med å gjennomføre den utvisinga.

Ho minner også om at ei sak om utlevering til Italia kjem opp for retten seinare i år.

– Italia har halde oppe saka si mot Krekar, men dei meiner ikkje lenger at det er naudsynt å halde han i varetekt, seier Erna Solberg.

Tidlegare i dag vart det klart at lagretten har oppheva domen på eitt og eit halvt års fengsel for mulla Krekar, etter det Oslo tingrett meinte var drapstruslar mot ein kurdisk mann. Der vart han også dømd for oppmoding til drap på denne mannen. Dette fordi mannen blant anna hadde brent Koranen.

Vil hindre utlevering

Brynjar Meling.

Forsvarar Brynjar Meling førebur seg no til ny Krekar-rettssak 9. juni.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Brynjar Meling, forsvararen til Krekar, sa til NRK tidlegare i dag at det no er viktig å arbeide for å hindre at klienten hans blir utlevert til Italia. Denne saka skal opp for Oslo tingrett 9. juni i år.

Bakgrunnen for saka er at den italienske påtalemakta meiner at Krekar er leiar for Rawti Shax, som dei meiner er ein terrororganisasjon.

– Skilnaden frå andre saker er at normalt tek ein utgangspunkt i ei straffbar handling og prøver å finne ein gjerningsmann. Når det gjeld mulla Krekar, er på førehand avgjort at han er gjerningsmannen, og så prøver ein å finne straffbare handlingar han kan straffast for, sa Brynjar Meling til NRK tidlegare i kveld.

Intervju med forsvarer Brynjar Meling

VIDEO: Krekar frikjent og sett fri.

AKTUELT NÅ