Hopp til innhold

Mulla Krekar er på frifot igjen

Mulla Krekar (59) er frikjent for tiltalen om å ha sett fram truslar og å oppmode til straffbare handlingar i eit NRK-intervju, og han er sett fri frå fengsel. Jusprofessor Mads Andenæs er ikkje overraska over utfallet.

Mulla Krekar

Mulla Krekar er igjen ein fri mann.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Krekars advokat Brynjar Meling seier i ein kommentar til NRK at dette er ein siger for rettstryggleiken.

I dag vart det altså halde prosedyrar i saka der mulla Krekar, eller Najmuddin Faraj Ahmad som han eigentleg heiter, anka domen i Oslo tingrett i oktober i fjor. Der han vart dømd for å ha sett fram truslar mot ein kurdisk mann som hadde brent Koranen. Han vart også dømd for å ha oppmoda andre om å drepe denne kurdiske mannen.

Ikkje skuldig

Saka starta i lagmannsretten måndag denne veka. Etter prosedyrane i dag trekte juryen seg tilbake, og dei kome ut igjen med ei avgjerd. Det vart nei på begge dei to tiltalepunkta.

Intervju med forsvarer Brynjar Meling

VIDEO: Sjå intervjuet med Brynjar Meling.

Vegard Rødås, politiinspektør i Oslo politidistrikt, har følgjande kommentar:

– Vi er overraska over resultatet, etter at tingretten samrøystes kom fram til domfelling. Ut over det har vi ingen kommentar.

Domen i oktober lydde på fengsel i eitt og eit halvt år.

I dag svarte lagretten «ikkje skuldig» på begge desse tiltalepunkta, og mulla Krekar vart sett fri. Han er no heime saman med familien sin.

Forsvarar Brynjar Meling seier at dette først og fremst er ein siger for rettstryggleiken, for religionsfridomen, for ytringsfridomen og til sist for Noreg som rettsstat.

Meling seier også at mulla Krekar takka juryen og retten for at han fekk leggje fram saka si. Han sa at han hadde fått fornya tru på det norske rettssystemet.

Dei som fornærmar islam, fortener å døy, seier mulla Krekar i eit NRK-intervju. Mullaen støttar norske ungdommar som krigar for IS, og han seier han vil sende ei gåve til den som tek livet av ein av kurdarane han tidlegare er dømt for å ha truga.

VIDEO: Sjå intervjuet med Krekar i 2015

Ny rettssak i juni

Krekar er framleis tiltalt for å ha planlagt terror, og etter krav frå italiensk politi skal denne saka opp for retten i juni. Italiensk politi meiner Krekar er ein del av eit påstått terrornettverk som går under namnet Rawti Shax.

– Han er klokkeklar på at han ikkje har noko med terror å gjere, og no førebur vi oss på saka skal opp i juni, seier Meling. Han legg til at italienske styresmakter har gått bort frå kravet om varetektsfengsling, og dermed er mullaen igjen ein fri mann.

Italiensk politi har kravd Krekar utlevert til Italia, og det er blant anna dette retten skal ta stilling til i juni.

Jusprofessor Mads Andenæs.

Jusprofessor Mads Andenæs meiner det er viktig at ein så upopulær og utskjelt person som mulla Krekar får ei rettferdig behandling i rettssystemet.

Foto: NRK

Det omtalte NRK-intervjuet i februar i fjor, kom vel ein månad etter at Krekar var ferdig med å sone ein fengselsdom på to år og ti månader i ei sak som gjaldt truslar mot Høgre-leiar Erna Solberg pluss tre kurdiske menn.

Rår frå nytt intervju

Brynjar Meling seier til NRK at han vil rå mulla Krekar frå å stille i eit nytt intervju for å forklare sitt syn på saka, fordi han fryktar det kan føre til ein ny arrestasjon. Han seier også at han no kjem til å arbeide for at klienten ikkje blir utlevert til Italia.

Han viser til at ein britisk domstol nyleg avgjorde at tre kurdarar, som høyrer til det same nettverket som Krekar, ikkje skal utleverast til Italia.

Meling minner om at det Krekar har gjort, er å fortelje kva Koranen og sharialova seier om å brenne Koranen, at det er døden. Han har sjølv ikkje lagt noko personleg meining eller truslar i det, seier han.

– Rettferdig behandling

Jusprofessor Mads Andenæs ved Universitetet i Oslo er ikkje overraska over utfallet i lagretten.

– Det var betydeleg tvil etter domen i tingretten. Så kom saka til behandling i lagretten med ein jury og tre erfarne dommarar, så det er klart at Krekar har fått ei rettferdig behandling, seier Andenæs til NRK.

Han meiner at fleire politikarar har gått over streken når dei har uttalt seg om Krekar, og at det tener domstolen til ære at dei ikkje har late seg påverke.

– Det er viktig at ein mann som er så upopulær, som får så mange mishagsytringar, som er ein ytterkant i samfunnet, at han får ei rettferdig behandling. Og det har han fått, legg han til.

Mulla Krekar dømt til halvannet år i fengsel

Peker ut Krekar som leder av terrornettverk

Norge har fått formell utleveringsbegjæring for Krekar

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger