Hopp til innhold

- Ikkje middelmådig og kjedeleg

Noreg er slett ikkje eit middelmådig og kjedeleg reisemål, meiner dei som har ansvar for å marknadsføre Noreg.

Geiranger med Homlung
Foto: Thorberg, Erik / SCANPIX

Si kva du meiner nederst i artikkelen.

Det er eit vakkert land, med det er dyrt - og naturen er kjedeleg. Noreg som turistmål er berre middelmådig, ifølgje ein rapport som HSH la fram denne veka.

Les: - Noreg er eit kjedeleg reisemål

Rapporten er laga av inFuture og ECON.

Men dette stemmer ikkje, meiner Innovasjon Norge. Det er dei som har ansvar for å marknadsføre Noreg i utlandet.

Nett-TV: - Ikkje middelmådig og kjedeleg

Innovasjon Norge sine undersøkingar viser noko anna, fortel reiselivsdirektør Per-Arne Tuftin.

Turistane er nøgde

- Det er ikkje grunnlag for å karakterisere Noreg som eit kjedeleg reisemål, og at naturen ikkje held mål, seier Tuftin. Vi veit at rundt 98 prosent av alle som kjem til Noreg, kjem hit for å oppleve naturen.

- Vi veit også at når dei forlet landet, er dei også svært godt nøgd med dei naturopplevingane som dei har hatt, seier han.

Han meiner deler av HSH-undersøkinga er gjennomført på ein slik måte at den ikkje gjev eit korrekt bilete.

Fleire opplevingar

- Men er det ingen ting å lære av denne rapporten?

- Jau, det er heilt klart behov for eit betre tilbod når det gjeld opplevingar for turistane, seier Tuftin.

- Dette har vi jobba med ei god stund, og det kjem vi til å jobbe mykje mer i tida som kjem. Opplevingane må tilretteleggjast betre. Mellom anna treng vi å trekkje inn kultur- og matopplevingar, og element frå norsk historie i større grad enn vi gjer no.

Sjølvgode

Reiselivsforskar Arvid Flagestad på BI meiner vi er blitt litt sjølvgode fordi vi har fin natur.

- Dette lammar oss når vi skal utvikle ei reiselivsnæring som meir og meir er prega av at vi skal ha spennande opplevingar for turistane, seier han.

- Kva må til?

- Vi må bruke naturen som den spannande kulissen den er. Gudbrandsdalen er spennande i seg sjølv, men når vi får Peer Gynt-spelet i Gudbrandsdalen er det også mykje meir spennande å vere i Gudbrandsdalen, seier Flagestad.

- Det er også i opplevingsturismen at pengane ligg, legg han til.

AKTUELT NÅ