Hopp til innhold

- Noreg er eit kjedeleg reisemål

Skulpturar, tronge fjordar og høge fjell er ikkje attraktivt nok for utlendingane.

Sinnataggen
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Camilla AC Tepfers

Camilla AC Tepfers må berre konstatere at Noreg har kjedeleg natur.

Foto: NRK
Vibeke Hammer Madsen

Vibeke Hammer Madsen er flau over rapporten.

Foto: Øystein Knoph, HSH

Vi likar gjerne å tru at Noreg er eit attraktivt og spennande reisemål for turistar, men ein ny rapport viser at ikkje alle er like nøgde.

- Vi er ikkje noko meir enn middelmådige, og vi ligg bak samtlege nordiske land, seier Camilla AC Tepfers, som er partnar i rådgjevingsselskapet inFuture.

Nett-TV: - Noreg er eit kjedeleg reisemål

Den omfattande rapporten er utarbeidd av ECON og inFuture på oppdrag frå HSH. Rapporten byggjer på funn i ei rekkje norske og internasjonale rapportar og eigne rapportar frå inFuture og ECON. I tillegg er det gjennomført intervju av ulike aktørar i norsk reiseliv.

Totalt sett ligg Noreg som reiselivsnasjon på 17. plass av 130 land. Når det gjeld prisnivå, ligg vi på 125. plass. Lista er laga av World Economic Forum, som er ein del av grunnlaget for rapporten.

Kjedeleg natur

- Det som overraskar meg mest, er at vi er dårlege der vi trudde vi var gode. Vi er faktisk under gjennomsnittet når det gjeld naturressursar. Det viser seg at vi har ein god, bevart natur, men den er rett og slett kjedeleg, seier Tepfers.

Når vi i reiselivet snakkar om opplevingar, så snakkar vi gjerne om naturgitt "råvare" som fjord og fjell. Men dette held berre ikkje. Vi må nok regissere mykje betre opplevingar enn det, seier ho.

Ikkje å anbefale

Høgsesongen er over, men ikkje alle turistane har reist. Det har vore færre av dei i sommar, men på eitt punkt er det vekst.

- Vi ser ein vekst i talet på forretningsreiser, men når dei forretningsreisande kjem til Noreg, gjev det ikkje meirsmak. Svært få av dei vil anbefale Noreg som reisemål, fortel Tepfers. Der ligg vi faktisk på sjette plass nedanifrå (124. plass), seier Tepfers.

Må samarbeide betre

I morgon skal rapporten leggjast fram på årskonferansen til HSH. - Dette er skuffande, og det er jo ganske flaut at vi gjer det så dårleg, seier administrerande direktør Vibeke Hammer Madsen.

- Kva kan medlemsbedriftene i HSH og andre reiselivsbedrifter gjere for å rette på dette?

- Bedriftene har i altfor stor grad fått arbeide med sine ting utan å samarbeide. Vi i HSH vil no krevje at våre medlemsbedrifter samarbeider betre. Det er heilt nødvendig for å få ein større heilskap i satsinga, seier Madsen. Dette vil gje auka verdiskaping i Noreg som nasjon og det vil gje nye arbeidsplassar lokalt og regionalt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT