Hopp til innhold

Stor streikevilje blant vektarane

- Leiarlønnene har auka med 20 prosent, og vi har fått tilbod om 1,64 prosent. Dei burde skamme seg, seier Jan Klemetsen i Norsk Arbeidsmandsforbund.

Jan Klemetsen i Norsk Arbeidsmandsforbund

- Streikeviljen er stor, seier Jan Klemetsen i Norsk Arbeidsmandsforbund.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Norsk Arbeidsmandsforbund organiserer dei streikande vektarane, som er i ferd med å skape store problem for blant anna flytrafikken. Fleire flyplassar er stengde, og publikum må rekne med køar i tryggingskontrollen på dei som er opne.

Jan Klemetsen forsikrar at streikeviljen er stor blant vektarane. Han legg vekt på at vektarjobben inneber eit stor ansvar, og at jobben har høg risiko og ugunstig arbeidstid.

LES OGSÅ: Tomme minibanker

LES OGSÅ: Flytter helikoptertrafikken

- Sjølv folk som jobbar dagtid tener betre enn vektarar som går på natta, seier han.

- Vi vil gå så langt det er mogleg. I dag stengde fleire flyplassar, Riksarkivet og Nasjonalmuseet. Men for å unngå tvungen lønnsnemnd har vi gitt dispensasjonar der det er fare for liv og helse. Alle vaktsentralar er opne, og vi rykkjer ut på tryggingsalarmar. Og trafikken til Nordsjøen blir oppretthalden, seier han.

Tidlegare i dag møtte 150 vektarar opp utanfor NRK, der dei heldt appellar og orienterte om streiken.

Streikeviljen er stor blant vektarane i Norsk Arbeidsmadsforbund

Rundt 150 vektarar heldt appellar og orienterte om streiken utanfor NRK.

Foto: Helge Carlsen / NRK

LES OGSÅ: Vektarstreiken stoppar fleire flyavgangar

LES OGSÅ: Siste fly har lettet

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger