Skitne truser, klede med søl av olje, dyrehår, blod og urin.
Matavfall, restavfall og papir.
Det er blant «tekstila» som UFF Noreg får inn i sine konteinarar.
NRK skreiv førre veke at dei og liknande organisasjonar må kaste halvparten av donasjonane dei får inn.
No må regjeringa kome på bana med ei ordning som sikrar forsvarleg innsamling av tekstilavfall, meiner SV.
SØPPEL: Dette var blant tinga som låg i og ved ein av UFF sine konteinarar.
Foto: UFF NorgeVil innføre påbod
Lars Haltbrekken i Sosialistisk Venstreparti (SV) meiner regjeringa må pålegge butikkar å ha ei klesinnsamling.
– Vi meiner at dei som produserer og sel tekstil, enten det er klede, gardiner, sengetøy eller anna, bør påleggast å ta imot brukte tekstil. For ein forsvarleg gjenbruk av dei, eller ein forsvarleg destruksjon av det.
Lars Haltbrekken i Sosialistisk Venstreparti.
Foto: William Jobling / NRKHan viser til at ein i dag har liknande system for brukt elektronikk.
– Korleis er du sikker på at dette er løysinga?
– Det er ikkje den endelege løysinga. Men det er ei løysing på kort sikt for å hindre at det kjem så mykje dårlege klede og tekstil inn i konteinarane til frivillige organisasjonar.
Den endelege løysinga håpar han at regjeringa kjem med i rapporten som er venta til hausten. Då skal nemleg regjeringa levere si endelege tilråding om korleis eit produsentansvar for tekstil kan gå for seg i Noreg.
Haltbrekken meiner vi ligg dårleg an for å nå målet om å finne ei god løysing på å ta imot tekstil innan 2025.
– Problemet er her og no. Då meiner vi regjeringa bør kome med eit tiltak no som pålegg produsentar og dei som sel tekstil å ta imot ting som ikkje lenger er brukbart.
Forskar: – Heilt latterleg
– Det er verkeleg heilt latterleg, seier Ingun Grimstad Klepp som forskar på klede ved Oslo Met.
Der jobbar ho blant anna med prosjektet Wasted Textiles. Ho har ikkje tru på SV sitt forslag.
– For det første tar det meir enn eit og eit halvt år å bygge ein fabrikk. Det andre er at teknologien ikkje er utvikla i dag. Kven skal sortere alt dette? Det for eksempel H&M har er ein demonstrasjon på at det går an i teorien, men det tar ikkje unna mengder, seier Grimstad Klepp.
Professor innan klede og berekraft, Ingun Grimstad Klepp.
Foto: Sonja Balci / OslometHo synest det er urealistisk at ei løysing er på plass til 2025, eller at ein får løyst dei verkeleg store problema, viss det i det heile tatt kjem løysingar.
– Eg meiner at det som hastar er avfallsførebygging. At vi sluttar å produsere så mykje lett brukte klede.
Men kor skal Ola Nordmann i dag gjere av brukte tekstil?
– Ikkje rart at folk er forvirra
Per i dag er den einaste løysinga at brukte tekstil går i restavfallet, seier Grimstad Klepp.
Og det er ikkje rart at folk er forvirra, meiner ho.
Ho har to hovudforklaringar på det:
- Akkurat no går det føre seg fleire forsøk rundt omkring i norske kommunar som utforskar moglegheitene. Dei gjer derfor ulike ting.
- Ulike frivillige organisasjonar som i dag samlar inn tekstil har ulik politikk på området. Organisasjonar som tidlegare har sagt jatakk til alt, så lenge kleda er tørre og reine, har gått tilbake på det og vil no berre ha klede som kan attvinnast.
– Det kan sjølvsagt vere vanskeleg for folk å få med seg, seier Klepp.
Jobbar med tekstilstrategi
Regjeringa har ikkje planar om å pålegge butikkane å ha klesinnsamling.
I løpet av 2025 skal Noreg ha på plass separat utsortering av tekstil frå hushald. Det blir eit krav i heile EØS-området.
Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Ragnhild Sjoner Syrstad i Arbeidarpartiet, er ueinig i Haltbrekken sin påstand om at ein ligg dårleg an med arbeidet.
– Det er eg ikkje einig i. Arbeidsgruppa vi har sett ned har levert eit oppdatert kunnskapsgrunnlag vi trengde. Dette er nødvendig for å sikre at vi får eit godt system som fungerer, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap).
– Kanskje har tekstilet ein restverdi du ikkje visste om? Nokre filler finn vegen via kjøkkenhandkle, måle- eller gulpeklutar før dei til slutt er heilt brukt opp. Vi kan alle prøve å bruke det vi har, litt lenger. Økonomisk er det òg, seier Sjoner Syrstad.
Foto: CECILIE BERGAN STUEDALHo forklarar at regjeringa like før sommaren har sendt på høyring eit forslag om å innføre krav til utsortering og separat innsamling av tekstilavfall frå hushaldsavfall og liknande næringsavfall.
Eit slik krav vil ifølge Sjoner Syrstad bidra til at tekstil som skal kastast ikkje hamnar i restavfallet, men i eigne separate straumar.
– Vi treng fleire greip for å redusere avfallsmengdene og med ein europeisk klesbransje treng vi felles europeiske reglar, seier ho.
Det jobbar blant anna EU-kommisjonen med no.
Vil justere kostnadane for produsentane
Ferske forslag frå EU-kommisjonen inneber blant anna at:
- Tekstilprodusentar må dekke kostnadane for handteringa av tekstilavfall
- At kostnadane til produsentane skal justerast basert på kor miljøvenlege tekstila er.
På den måten meiner kommisjonen at produkta si evne til attvinning, og levedyktigheit, kan auke.
– Korleis ser regjeringa på at frivillige organisasjonar må bruke ressursar på å handtere så mykje avfall som det ikkje er mon i?
– Det er veldig synd. Det er viktig at forbrukarane får tydeleg informasjon om at det som skal leggjast til innsamling må vere brukbart og reint. Det skal kunne bli selt vidare. Mange trur nok framleis at alt er velkomen.
Foreslår stikkprøvekontrollar
Fleire har sendt inn spørsmål til NRK om kva ein eigentleg skal gjere med brukte tekstil. Per no har ulike selskap forskjellig informasjon til forbrukarane.
Nokre påpeikar også at kleskjeda H&M har innsamlingsconteinarar til slike formål, liksom den Haltbrekken foreslår.
I juni publiserte svenske Aftonbladet ei avsløring som viste at tekstilinnsamlinga til denne kleskjeda, som går med slagordet «Let's close the loop», eigentleg hamnar i fjell av kleshaugar i heilt andre land.
– Fører eit pålegg til butikkane eigentleg til det betre?
– Ein er jo nøydde til å stille krav til korleis H&M og andre butikkar handterer kva dei får inn, slik at ein kan unngå at det berre blir eksportert ut av landet og blir søppel.
– Korleis konkret kan ein handheve dette?
– Det kan ein gjere gjennom stikkprøvekontrollar hos butikkane. Vi har eit system i dag for innsamling av brukt elektronikk der selskap som sel det er pliktige til å ta imot brukt elektronikk. Der har myndigheitene moglegheit til å ta stikkprøver for å sjå at ein handterer det etter regelverket.