Fann ikkje ein einaste spisestad i Lofoten – Jennifer (32) måtte lage maten sjølv

Det er skralt i matvegen for vegetarianarar som ferierer i Nord-Noreg, seier svenske Jennifer Eriksson. Norsk Vegetarforening forstår frustrasjonen – men trur trenden kjem. Seint, men godt.

Jennifer Eriksson

– Er du vegetarianar eller veganar er det eit betydeleg mindre utval på restaurantar og bensinstasjonar her oppe, seier Jennifer Eriksson om Nord-Noreg

Foto: Privat

Det putrar i sopp og grønsaker på stormkjøkkenet.

Jennifer Eriksson har nok ein gang måtta fyre han opp.

Sjølv om ho eigentleg berre ville ha noko raskt på bensinstasjonen.

Bør vere tilbod for alle

– Er du vegetarianar eller veganar er det eit betydeleg mindre utval på restaurantar og bensinstasjonar her oppe, seier Eriksson.

Vegansk mat på primus
Jennifer Eriksson måtte lage maten sin sjølv i Lofoten.
Ho fann ikkje nokon vegetariske alternativ.

Jennifer bur i Oslo og et helst vegetarisk mat.

I sommar køyrde ho frå Oslo til Lofoten for å oppleve den imponerande naturen.

Men matopplevingane vart ikkje like imponerande.

– Eg synest det er merkeleg. Vi lever i ein tid kor det er mange vegetarianarar og pesceterianarar. Det gir ikkje meining at det ikkje finst eit tilbod til alle.

NRK forklarer

Kva er ein veganar?

Ein veganar er nesten som ein vegeterianar

Berre at veganarar berre et mat som er plantebasert. Dei unngår all mat av animalsk opprinnelse. Dei vil seie at dei ikkje et kjøt, fisk, skalldyr, egg, meieriprodukt, honning og andre ingredienser som stammer fra dyr. Dei brukar heller ikkje kosmetiske produkt kor det er gjort forsøk på dyr eller klær laga av dyr, og dei held seg unna underhaldning som går ut over dyr.

Og kva er vegeterianar igjen?

Ein vegeterianar et utelukkande planteføde, og unngår i stor grad produkt frå dyreriket. Nokon vegeterianarar et animalske produkt i form av egg og mjølkeprodukt, altså produkt der dyret ikkje vert slakta. Denne forma for vegetarisme vert kalla ovo-lakto-vegetarisme.

Men kva med vegeterianarar som et fisk?

Det kallast pesceterianar. Ein pescetarianer et hovudsakeleg mat frå planteriket, men skil seg frå ein vegetarianar ved at han eller hun også inkluderar fisk i kosthaldet sitt. «Pesce» betyr fisk på italiensk. Ordet «pescetar» kjem derfrå.

Men kva er så fleksiterianar?

Ein fleksitarianer et i hovudsak plantebasert, men inkluderer likevel noko fisk, kjøtt, egg og mjølk. Begrepet låg på Språkrådets ti-på-topp-liste over «Årets ord» i 2016. Begrunning var at nye livsstilar og nytt engasjement for miljø og bærekraft har gitt oss fleksitarianere – altså folk som bevisst vel bort animalske produkt, altså mat laga av dyr, regelmessig.

For om du et vegetarisk mat, er ikkje Nordland det beste reisemålet, meiner Eriksson.

Ifølgje ho er det nemleg langt mellom spisestadene som tilbyr alternativ utan animalske produkt.

Jennifer måtte lage maten sin sjølv på ferietur.

Jennifer Eriksson. Veganer på tur i Lofoten.

– Vi lever i ein tid kor det er mange vegetarianarar og pesceterianarar. Det gir ikkje meining at det ikkje finst eit tilbod til alle.

Foto: Privat

I Sverige, der ho kjem frå, hevdar ho at tilbodet for vegetarisk mat noko heilt anna.

Utvalet er mykje større, sjølv på mindre stader.

– Eg merka det sjølv når eg har køyrt i mange timar og kjem til ein bensinstasjon. Ofte finst det berre pølse. Er du vegetarianar må du ty til ein yoghurt. Då kan humøret lett svikte litt.

Kjem til å bli betre

– Mange tenkjer at Lofoten er veldig hipt, men viss ein oppfattar at mattilbodet er skuffande vert det eit brot med at Nord-Noreg er trendy og innovativt.

Det seier Pål W. Thorbjørnsen, informasjonsansvarleg i Norsk vegetarforeining.

Han forstår frustrasjonen til dei som meiner at vegetartilbodet i Nord-Noreg er dårlegare samanlikna med andre deler i landet og våre naboland.

Pål W. Thorbjørnsen

Pål W. Thorbjørnsen er informasjonsansvarleg i Norsk vegetarforeining

Foto: Privat / Privat

Likevel meiner Thorbjørnsen at tilbodet for vegetarisk mat vert stadig betre.

– Det har vore ein kraftig auking i tilbodet for vegetarianarar og veganar. Det finst mykje i butikkane. Tilbodet er noko heilt anna enn det var for berre få år sidan.

Men kvifor har det tatt slik tid før Noreg slengde seg på vegetartrenden?

Thorbjørnsen trur det handlar om at vi har få butikkjeder.

Og at mange av oss var bønder for berre få generasjonar sidan.

– Vi er nok van med at mat skal vere tradisjonelt. Motene kjem litt seinare til oss. Vi gløymer moglegheita vi ser i matvegen i utlandet.

Men for å hugse det trengst føregangsfigurar.

I Bodø spirar trenden med plantebasert mat litt meir enn andre stader i Nord-Noreg.

Det trur Thorbjørnsen mellom anna kjem av at Noregs første vegankokebokforfattar kjem frå byen.

I tillegg husar byen ein av dei to veganske serveringsstadene i heile Nord-Norge.

Maloca Coffee & Food

Maloca Coffee & Food er den einaste etestaden med berre vegansk mat i Bodø.

Foto: Ole Dalen / NRK

Plantebasert av miljøomsyn

På Maloca Coffee & Food i Bodø vert lekker mat lagt på tallerkenane.

Her er alt på menyen plantebasert, dei serverer ikkje noko som er laga av kjøtt, fisk eller kumjølk.

Det har vist seg å vere veldig populært blant turistane.

Tom Erik Hansen Maloca Coffee & Food

Tom Erik Hansen er dagleg leiar i Maloca Coffee & Food.

Foto: Ole Dalen / NRK

– Folk seier at staden vår trengst, seier dagleg leiar for kaféen, Tom Erik Hansen.

Men det er langt mellom tilboda for dei som vel vegetarisk.

Faktisk er dette den einaste serveringsstaden i Nordland der alt vert laga av planter.

– Eg har mange gonger fått tilbakemelding om at det er vanskeleg å få plantebasert mat i Bodø.

Maloca Coffee & Food opna for under eit år sidan. Då var planen å starte ein kaffibar, men det viste seg fort at Bodø var svolten på vegansk mat.

– Det er i tida no. Folk frå heile landet seier at det ikkje er mange andre slike plassar i landet, seier Hansen.

Bodø-gründeren innan vegansk mat seier at dei ikkje har angra eit sekund på at dei valte å vere plantebasert.

Han har trua på at miljøet for vegansk mat kjemt til å vekse seg til etter kvart som folk får testa dei veganske alternativa.

Tom Erik Hansen Maloca Coffee & Food

På Maloca Coffee & Food serverar Tom Erik Hansen kaffi med mjølk frå havre, kokkos og mandel. Kumjølk er ikkje eit alternativ.

Foto: Ole Dalen / NRK

– Vi vil at folk skal smake kor mykje god mat det går an å lage som berre er plantebasert, seier Hansen.

Men det er ikkje berre for å fryde Bodø-ganar med spennande smaker at Hansen har opna denne staden.

Det er òg av miljøomsyn.

– Eg vil hjelpe folk å kutte ned på kjøttforbruket. Vi er alt for mange på denne kloden til at vi skal hive i oss masse kjøtt.

Pål W. Thorbjørnsen, informasjonsansvarleg i Norsk vegetarforeining, trur dette er eit frampeik for at vi kjem til å sjå meir mot plantebasert mat i framtida.

– Trenden veks, det tek berre litt meir tid i Noreg, seier han.

– Om nokre år trur eg at vi kjem til å ha fleire slag vegetarpølse å velje mellom på bensinstasjonane. Då treng ikkje vegetarianarane å pakke med seg niste lenger.

Vegansk mat på primus

Jennifer Eriksson rører i gryta på stormkjøkkenet sitt.

Foto: Jennifer Eriksson / Privat

Enno ein veg å gå

Men tilbake i turistmagneten Lofoten rører Jennifer Eriksson i grønsakene.

– Eg trur vi må ha merksemd på det. Eg veit jo at det er mange som et mindre kjøt. Skal vi ete mindre kjøt må det finst eit tilbod for vegetarisk mat også, seier ho.

– Det kan vere så enkelt som at dei som serverer mat ikkje har reflektert over det.

Eriksson har budd i Noreg sidan 2008. Ho har merkt at tilboda for vegetarianarar har vorte betre.

Men det er enno ein veg å gå.

– Eg kjem tilbake til Lofoten, men per i dag kjem eg ikkje til å gjere det for matopplevinga.

NRK gjer oppmerksam på at vi har gjort endringar i saka etter publisering. Dette for å presisere at saka omhandlar påstandar frå Jennifer Eriksson.