Hopp til innhold

Ungdoms­klubb stengde på grunn av rusbruk: – Skremmande og vondt å høyre

Ungdom heilt ned i barneskulealder brukte rus utanfor ein ungdomsklubb i Bø i Vesterålen. Leiar for førebygging hos Blåkors seier det er skremmande.

Sofie Olsen, Tuva Fagereng og to andre jenter framfor ungdomsklubben i Bø.

Ungdommane som har sjølv reagert på at ungdommar heilt ned i barneskulealder har brukt ungdomsklubben til å kjøpe og prøve rusmiddel.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Om det er mørkt ute, kan ein lett stille seg mellom her. Då er ein nesten ikkje synleg.

Det seier Tuva Fagereng (16) medan ho peiker på eit smug rett på utsida av Bø ungdomsklubb.

Her har ho og venninnene sett fleire ungdommar ruse seg. Og nokon av dei er heilt ned i barneskulealder.

– Det er ein gøymeplass for dei som vil drive med det, kan du seie, seier Fagereng.

Sofie Olsen, Tuva Fagereng og to andre jenter sitter i en mørk sofa på Bø ungdomsklubb.

Sofie Olsen, Tuva Fagereng, Camilla F. Vikan og Oda Jakobsen er blant ungdommane som har brukt ungdomsklubben i Bø i Vesterålen mykje.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Det er barn ned i 7. klasse som har lyst til å prøve, seier Sofie Olsen som også brukar ungdomsklubben.

– Dei ser dei eldre elevane gjere det og tenkjer at det vil vere kult.

Kokain i snusboks

Rusproblemet utanfor Bø ungdomsklubb blei så uoversiktleg at klubbleiaren valde å stenge dørene og kalle inn til krisemøte.

– Dei stel piller med smertestillande hos foreldra.

Dei seier Ivan Andreassen, leiar for Bø ungdomsklubb.

Ivan Andreassen, leiar for Bø ungdomsklubb inne i på klubben ikledd blå jakke og briller.

Ivan Andreassen, leiar for Bø ungdomsklubb, fekk høyre om rusbruken blant dei mindreårige frå ungdommane på ungdomsklubben.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Det er ungdommane sjølv som har vore bekymra og snakka med ham.

Andreassen seier at det også har blitt meir kokain.

– Dei legg kokainen dei kjøper og sel i snusboksane. Foreldra har slutta å sjå både i lommane og sekkane til ungdommane. Så dei har det liggande, seier Andreassen.

Snus

Leiaren for ungdomsklubben meiner ungdommane oppbevarer, kjøper og sel rusmidla i snusboksar.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Totalbruken av narkotika i Noreg har ikkje endra seg stort dei siste ti åra, men bruken av kokain og sentralstimulerande stoff har auka litt. Og av dei to er det kokain som har auka mest.

Aukinga er størst blant unge mellom 16–30 år. I 2020 svara 2,2 prosent av dei spurte at dei har brukt kokain. I 2022 svara 4,7 prosent det same, vis tal frå FHI.

Les også Færre barn enn tidligere blir avhørt på Barnehus: – Skammen er ekstrem

Camilla Slettvoll Berger

– Myte at rusbruk er eit storbyfenomen

Camilla Lunde, leder for førebygging hos Blå Kors synest det er svært skremmande og vondt å høyre at ungdommar ruser seg på smertestillande og bruker kokain.

– Spesielt i dette tilfellet, der det er snakk om ungar heilt ned i barneskulealder.

Er det ein aukande trend at unge bruker kokain?

– Ut ifrå tala som vi kjenner til er det i storbyane at det er særleg auka bruk av kokain. Dei mindre lokalmiljøa veit vi statistisk lite om, seier Lunde.

Les også Vil la politiet ta spyttprøver og beslaglegge mobil ved mistanke om rus

Linda Helen Haukland, førstekandidat Nordland KrF

Likevel legg ho til at denne saka, og andre saker frå tidlegare i media, viser at kokain er eit problem andre stader også.

– Det er ein myte at rusbruk generelt berre er eit storbyfenomen. Dette eksisterer jo diverre dei fleste stader.

Ein av årsakene til at det særleg er urovekkande er at hjernen er i utvikling fram til ein er 25 år, meiner Lunde.

Camilla Lunde, leder for forebygging hos Blå Kors.

Bruken av kokain på vidaregåande skular i Oslo dei siste fem åra har auka frå tre til 8 prosent viser tal frå Ung i Oslo undersøkinga våren-23, seier Camilla Lunde, leder for førebygging hos Blå Kors.

Foto: Blå kors Norge

– All forsking viser at auka tilgjengelegheit er lik auka forbruk. I dette tilfellet, der langarar heng utanfor klubben, vil resultere i auka forbruk.

I tillegg har sosiale medium som snap blitt ein kanal for å selje narkotika, forklarar ho.

Ho meiner ei av løysingane for samfunnet i Bø kan vere fleire politifolk i gatene.

Ber foreldra ta meir ansvar

Men politiet i Vesterålen har få ressursar tilgjengeleg. I tillegg seier det ikkje er deira oppgåve å vere på ungdomsklubbane heile tida.

Difor ber dei foreldra ta meir ansvar.

Tor Håvard Bentzen, leiar for politiet i Lofoten og Vesterålen.

Tor Håvard Bentzen, leiar for politiet i Lofoten og Vesterålen, meiner foreldra på ta meir ansvar for at dei skal få bukt med problema med rusbruk blant unge.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Mange roper på politiet når det er uro i samfunnet og lokalsamfunnet. Politiet åleine kan ikkje handtere utfordringane og kompleksiteten samfunnet står ovanfor, seier Tor Håvard Bentzen, leiar for politiet i Lofoten og Vesterålen.

Han etterlyser eit tverrsektorielt samarbeid, og meiner foreldra er nøkkelen til det. Men påpeiker at politiet i Vesterålen ikkje har forstahandsinformasjon om saker der det er rusmiddel blant mindreårige i Vesterålen.

– Vi har tilfelle med dette over heile Nordland og heile Noreg. Vi ser på landsbasis at ungdomskriminaliteten aukar.

Sofie Olsen, Tuva Fagereng og to andre jenter framfor ungdomsklubben i Bø.
Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Vi høyrer om fleire stader som ønsker å stenge ungdomsklubbane ved rus og hærverk, seier Vibeke Johansen Ingebrigtsen, ein av politikontaktane i Vesterålen.

– Det har vi forståing for, men vi vil at ting skal vere ope for ungdom. Dei har behov for det.

Ho seier det er færre vaksne ute blant barna, og meiner for mange stoler på å ha kontakt med sine unge per telefon.

Leiaren for rusførebygging i Blåkors seier at barn og unge treng gode og trygge arenaer rundt seg. Spesielt er det viktig når det gjeld førebygging av rusproblem for dei barna som er i ein sårbar livssituasjon.

Sofie Olsen, Tuva Fagereng og to andre jenter på veg ut i skogen.

Camilla Lunde i Blå Kors meiner dialogen med foreldra må vere tett slik at dei ikkje har liggande smertestillande medisinar heime.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Ein ungdomsklubb er ein slik arena. Difor er det synd at denne stenger.

Lunde meiner det trengst universelle førebyggande tiltak der foreldre, skule, ungdomskontakt og politi og utekontakt blir involvert.

– Dei må skape aktivitetar og møteplassar som barn og unge blir tiltrekke av og gi dei gode, attraktive og rusfrie aktivitetar med trygge tilgjengelege vaksne.

Les også Kuljit (17) og hennar generasjon er i mindretal i Nordland: – Skiljet var historisk

Kulit Kauman har mørkt hår og mørkebrune øyne og smiler til kamera. Hun har nesering, svart skinnjakke og grå ullgenser. I bakgrunn er det flere ungdommer som skal stemme på skolevalg.

Opnar nytt tilbod

Men no er det snart nyopning av ungdomsklubben i Bø.

Denne gongen legg dei til rette for eit multimedierom og gir ungdommane tilgang til podkastutstyr og radio- og filmutstyr.

– Vi skal lage eit ope tilbod, lover leiaren for ungdomsklubben.

Ivan Andreassen, leiar for Bø ungdomsklubb

For å lukkast med det nye tilbodet i ungdomsklubben etterlyser Ivan Andreassen, leiar for Bø ungdomsklubb, eit betre samarbeid på tvers av kommunane i regionen.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Han har, trass i alt, god tru på at det kan betre seg rundt ungdomsklubben i Bø.

– Ungdommane våre er stort sett dei beste i heile verda.

Les også Via Snapchat oppdaget hun sønnens hemmelige narkoliv

Tenåringsgutt som sniffer