Hopp til innhold

Musikkfestival fryktar storinnrykk til øysamfunn

Festivalar prøver vanlegvis å trekke så mange som mogleg for å besøke dei, men på Træna ber dei i år om at folk held seg heime.

Trænafestivalen

Dei stupbratte fjella som dannar bakteppe for teltleiren på Træna får i år ei betydeleg mindre folkemengd å vakte over – håpar arrangørane.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / Den Norske Turistforening

Denne sommaren har ein tendens til å snu alt på hovudet, og dei mange norske sommarfestivalane er ikkje noko unntak.

No ber Trænafestivalen om at folk ikkje kjem til øya i festivalhelga, med mindre dei har fått billett.

– Vi ynskjer ikkje at folk kjem til Træna berre for å feste, seier festivalsjef Martin Rugelsjøen Lie.

Trænafestivalen

På sosiale media har arrangørane oppfordra til at dei som ikkje har festivalbillett, ikkje kjem til øykommunen berre for å feste. Dei som skal besøke vener og familie er sjølvsagt unnateke frå oppmodinga, opplyser festivalsjefen.

Foto: Skjermdump Trænafestivalen på Instagram

Ein kommune utan korona

I mars i år forbaud Træna kommune alle sine tilsette å forlate øysamfunnet. I eit samfunn med 400 innbyggarar der om lag 100 er tilsett i kommunen, var dette eit av landets strengaste smittetiltak.

Dette vart oppheva av fylkesmannen etter ei veke, men kommunen har i dag ingen som er smitta av korona.

Men dette er festivalarrangørane, som sjølve er lokale, redde skal endre seg om det kjem altfor mange til øya i festivalhelga.

Publikum

Slike bilete vert det nok få av frå årets Trænafestival.

Foto: Munevver Yildiz / NRK

Håpar besøkande held seg for seg sjølv

Målet før pandemien kom var å få 3500 tilreisande til øykommunen Træna for å få med seg festivalen i havgapet. Desse besøkande betyr vanlegvis mykje for økonomien til det lokale næringslivet.

– Vi har jo nokre småbedrifter som lever på den festivalhelga til langt utpå vinteren, seier arbeidarpartiordførar Jan Helge Andersen.

Han seier at det kan bli tøft for delar av restaurantbransjen å halde seg flytande, men at ein meir spreidd periode med besøkande kan vere med å hjelpe på.

Jan Helge Andersen, ordfører, Træna kommune.

Ordførar Andresen meiner at både festivalarrangørane og kommunen har gode smittevernrutinar, og at dei fastbuande skal kunne føle seg trygge.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Det kjem jo litt an på korleis denne noregsferien blir, men per i dag har det vore langt fleire norske turistar enn vanleg.

Men det vert framleis litt ekstra trøkk då dei 200 som har fått billett kjem til øya. Ordføraren fortel at festivalen har gode smittevernrutinar på plass. Han håpar likevel på at det ikkje blir noko storstilt festing utanom festivaldeltakarane.

– Vi håper berre at dei som kjem ikkje skal ha for mykje kontakt med oss lokale, seier Andresen.

Kim Lie & Lang Nord Band

Bandet Langt Nord med Kim Lie var ein publikumsfavoritt då dei spelte på Trænafestivalen i 2015.

Foto: Munevver Yildiz / NRK

– Turistane må framleis få komme

Men oppmodinga om å late vere å reise til øykommunen gjeld ikkje alle. Festivalsjefen understrekar at dei som skal ut til øya for å besøke familie og slikt sjølvsagt må gjere det.

Det er dei som kjem berre for å dra på fest han ikkje ynskjer velkommen.

– Eg har høyrt rykte om at det er ungdommar som har tenkt seg hit denne helga fordi det har blitt ein tradisjon, men det er nett desse vi ynskjer å sleppe, seier Lie.

Campen på Trænafestivalen

Det vert nok litt færre telt som ligg strødd på Træna enn vanleg i år. Men det er berre godt, meiner festivalarrangørane.

Foto: Ole Dalen / NRK