Hopp til innhold

50 menneske er funne i massegraver på Træna – Ingen veit kva som har skjedd

Ingen veit kven de var eller kva dei døydde av. No opnar forskarane mysteriet om skjeletta som vart funne for nesten 90 år sida.

Her ligger skjelett systematisk ved siden av hverandre i Kirkhelleren på øya Sanna i Træna. (Foto fra G. Gjessing, 1943)

I Kirkhellaren på øya sanna i Træna kommune vart det funne 33 skjelett i 1937. D

Foto: Nasjonalbiblioteket

I ei grav ligg 30 skjelett av menneske.

I to andre ligg 20 til.

Det er ingen merker på dei som viser at dei var såra då dei døydde.

Men noko dramatisk må ha skjedd. Forskarane trur nemleg dei døydde på same tid.

Kva har skjedd?

Det er det forskarane no vil prøve å finne ut av.

Ikkje rørt på nitti år

Trænaøyene ligg lengst ute i havet for Helgelandskysten i Nordland.

Her har det vore folk lenge. Forskarar har òg funne beinrestar der som er 10.000 år gamle.

Men på eit tidspunkt blei kanskje heile lokalsamfunnet utrydda.

– Det er eit spesielt materiale som har eit uutnytta potensial til forsking, seier Katharina Lorvik som er arkeolog hos Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).

Ho jobbar med analyse av skjelett, og er no saman med fleire andre forskarar i gang med eit forskingsprosjekt kalla ARCAVE. Dei vil forsøke å finne ut meir om leivningane som er funne på Træna.

Levninger fra Kirkhelleren på øya Sanna i Træna. Foto fra 1943

I ei av gravene ligg skjeletta systematisk ved sida av kvarandre. Det meiner Det meiner arkeolog Lorvik tydar på at dei er gravlagt innanfor eit kort tidsrom.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Det er tre massegraver på øya Sanna. Til saman er det funne 50 skjelett.

Gravene blei oppdaga av lokalbefolkninga ved eit tilfelle, og seinare grove ut av arkeologen og etnologen Gutorm Gjessing i 1937.

I den eine grava, i Kirkhelleren, blei det funne 30 skjelett. I tillegg fann han to andre massegraver nær vasskanten med til saman omlag 30 skjelett til. Men 10 av desse tapt under transport til havs.

2009 07 11: Sivert Høyem og Ingrid Olava med band i Kirkhellaren på Sanna i Træna under Trænafestiva

Trænafestivalen har konsert i Kirkhellaren på øya Sanna kvart år. Her speler Sivert Høyem og Ingrid Olava i 2009.

Foto: Tore Meek / SCANPIX

Men sidan den gong har skjeletta knapt blitt rørt. Utanom nokre få prøvar på 80-talet har dei nemleg lege på Universitetet i Oslo.

No er dei flytta til Universitetet i Tromsø.

– Dei siste åra har vi fått heilt nye metodar på å sjå på slektskap og sosiale relasjonar, datering og kosthald til dømes.

Levninger fra Kirkhelleren på øya Sanna i Træna. Foto fra 1943

Marianne Skandfer, professor i arkeologi ved Norges arktiske museum, seier det er veldig viktig for forskinga at informasjon om korleis skjeletta låg også er godt tatt vare på.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Det seier Marianne Skandfer, professor i arkeologi ved Norges arktiske museum.

– Hadde ein ikkje tatt vare på dette materiale på den måten vi har gjort, hadde det ikkje vore mogleg å forske på.

Prosjektet på Træna har venta på at skjeletta skulle kome tilbake til dei. No er dette det første prosjektet som får anledning til å forske på materialet.

– No kan vi forsøke å fortelje ei historie om disse individa og setje dei i ein historisk- og kulturell samanheng, seier Lorvik.

Les også Beinrester i populært festivalområde viste seg å være 9000 år gamle

Feltarbeid inni Kirkhellaren Træna

Ligg med hovudet same veg

Det er fleire merkelege ting med gravene.

Alle dei 30 skjeletta som blei funne i Kirkhellaren ligg same veg, med hovudet mot opninga av grotta.

I ei av gravene ved vasskanten ligg dei daude systematisk ved sida av kvarandre. I ei anna ser dei ut til å ha blitt stabla tilfeldig oppå kvarandre.

Gutorm Gjessing var en norsk arkeolog og etnograf. Fra 1927 var han ansatt ved Universitetets oldsaksamling i Oslo.

Det var den norske arkeologen Gutorm Gjessing som fann skjeletta på Træna og grov dei ut mellom 1937 til 1939.

Foto: Billedbladet Nå / Riksarkivet

Og det er fleire mystiske ting med gravene, ifølge Lorvik.

– Det er spesielt at alle aldersgrupper er representert. Alt frå spedbarnet til gamle, fortel ho.

Det kan altså sjå ut til å vere eit tverrsnitt av befolkninga.

Levninger fra Kirkhelleren på øya Sanna i Træna. Foto fra 1943.

Tidlegare har menneskebein vore lagra på den arkeologiske avdelinga i Oslo, og dyrebein har vore lagra i Bergen. Det er først dei siste åra at avdelingane andre deler av landet har fått tilbake beina som høyrer til deira område.

Foto: Nasjonalbiblioteket

I Kirkhellaren er det funne leivningar av to vaksne menn saman med eit barn på under eitt år.

– Ved sidan av den eine mannen låg det eit langt sverd som truleg er laga ein gong mellom 1250 og 1350.

Utover det er det funne fleire andre gjenstandar med leivningane, mellom anna eit anheng av bjørnetann.

Skjeletta ser ikkje ut til å vere skada, men forskarane har funne slitasjeskadar i ryggen til nokre av dei. Nokre av barna hadde syreskade på tennene.

Kvifor trur du at 50 menneske døydde på Træna

Les også Fant nesten 10.000 år gamle hodeskaller i populært festivalområde: – Ubegripelig

Fay Wildhagen spiller konsert i Kirkhellern på Trænafestivalen.

Kanskje svartedauden utsletta befolkninga

I forskingsprosjektet vil forskarane gå igjennom alt som finst av arkeologisk dokumentasjon. Det håper dei vil si noko om når og korleis menneska blei gravlagt.

– Vi kjem til å gjere nye analysar av kjønn og alder, og vi vil sjå om det er spor av sjukdom eller skade på skjeletta, fortel Lorvik.

I tillegg vil dei sjå om det er nokon samanheng mellom dei to lokalitetane, og gjere DNA-analyse av skjeletta for å sjå kva slektskap dei har.

Sanna, Træna

I Træna kommune bur det om lag 500 menneske. Hustuftene på Sanna er restar etter nokre av dei eldste hus som er konstatert i Noreg. Dei eldste busetnadene var for 10.000 år sidan.

Foto: House by the Sea

Ifølge forskaren er det sannsynleg at massegravene er frå mellomalderen.

– Vi trur dei er frå tida omkring svartedauden.

– Vi undersøker om det er ei fastbuande befolkning med ei akutt situasjon med sjukdom og død. Det kan vere at mesteparten av befolkninga omkom av det.

Difor vil det bli viktig for forskarane å undersøke om dei kan påvise om pest er dødsårsaka.

Træna på Helgeland

Træna er eit populært turistmål. Kommunen har meir enn 418 øyer, holmar og skjær. Den faste busetninga avgrensar seg til øyene Husøy, Selvær, Sanna og Sandøy. Det bur det om lag 500 menneske i kommunen.

Foto: Billy Jacobsen

Det er røtene vore som no blir avdekka, seier ordførar Trond Vegard Sletten på Træna.

Han har òg følgt spent med på utgravingane av funna for 10.000 år sidan det siste året.

Det er sjølvsagt veldig spennande med tanke på historia til Træna. Det er interessant å vite at det har vore folk her så lenge, og korleis det livet har vore.

Arkeolog Katharina Lorvik trur funna kan bli ein unik kjelde til kunnskap om menneska som levde i Nord-Noreg for lenge sida.

I tillegg kan det bidra med historiske data om korleis sykdomssmitte blir spreidd i befolkninga. Det meiner ho vi også kan ha nytte av i dag.

– Korleis kjennest det å forsøke å løyse dette mysteriet no?

– Det er spennande, men også litt med ærefrykt. Ein skal ha i tankane at det faktisk er restar av menneske som har levd eit liv.

– Men får vi svaret på kva som skjedde med dei?

– Ja, det trur eg. Vi kjem til å få nokre svar, om skjeletta er så godt bevart som vi trur.

Les også Fann høg mann frå jernalderen med ryggvondt og biholebetennelse

Skjelett-funn på Gimsøy i Lofoten