Hopp til innhold

Skal ha drifta utanlandsk prostitusjonsnettverk heimanfrå

Tiltalt mann skal ha stilt vipps-kontoen sin til disposisjon og bestilt hotellrom til prostituerte med rabatt frå jobben sin i eit større statleg selskap.

Bodø tinghus. Salten og Lofoten tingrett.

Den tiltalte mannen i 50-åra må møte i Salten og Lofoten tingrett i mars 2024.

Foto: Marius Guttormsen / NRK

Ein mann i 50-åra frå Salten er tiltalt for to forhold for hallikverksemd.

– Det knytt opp mot forhold han har gjort i Noreg, seier politiadvokat i Nordland Gaute Rydmark til NRK.

I det første forholdet skal mannen ha fremja prostitusjonsverksemd for ei rekke kvinner i Colombia.

– Der har han har vore ein mellomperson og mottatt pengar frå andre personar som har bestilt webshow og direktevideoar frå desse damene, seier Rydmark.

Kvinnene skal ha strøymt video til kjøparane der dei kunne sjå at dei hadde seksuell omgang med seg sjølv.

Ifølge tiltalen skal han ha stilt vipps-kontoen sin til disposisjon for betaling av tenestene som kvinnene utførte.

Etter å ha fått betaling på sin vipps, skal han ha formidla dette vidare til personar i Colombia.

Dette skal skjedd frå hausten 2020 til sommaren 2022.

Les også Barn fra hele landet utsatt for overgrep av samme mann: – Veldig mye vi ikke vet om konsekvensene

Illustrasjon av silhuett av mann foran dataskjerm.

Brukte rabattkodar frå jobben

I det andre forhalde skal han ha fremja prostitusjonsverksemd til fleire kvinner i Noreg.

– Han har hjelpt kvinner som har kome frå Aust-Europa og prostituert seg i Noreg, med blant anna pengar, bestilt hotellovernatting og ein del praktiske ting, seier politiadvokaten.

I mellom 2017 og 2022 skal han ha hjelpt til med annonsering av seksuelle tenester og gjort fly- og hotellreservasjonar i samband med verksemda.

Også her skal han ha stilt vipps-kontoen sin til disposisjon, ifølge tiltalen.

Han skal òg ha gitt dei prostituerte tilgang til rabatterte hotellprisar ved å gi ut avtalekodar han sjølv hadde tilgang til gjennom jobben sin. Han var tilsett i eit større statleg selskap.

Rettssak i Salten og Lofoten tingrett.

Det er sett av fem dagar til denne saka i Salten og Lofoten tingrett.

Foto: Harpreet Kaur Nijjer / NRK

– Politiet ser alvorleg på denne typen verksemd. Eit slikt regelbrot har ei strafferamme på inntil seks år, seier Rydmark.

Mannen i 50 åra er tiltalt etter paragraf 315 første ledd i straffelova, for å ha fremma andre sin prostitusjon.

Han må møte i Salten og Lofoten tingrett i byrjinga av mars. Det er sett av fem dagar til saka.

Les også Politiet mener videoer i sosiale medier viser bortføring av mann

Kidnappingssak i Vesterålen

Starta med ein utlendingskontroll

Politiet fekk nys i saka etter at ei av dei prostituerte kvinnene vart stansa i ein utlendingskontroll.

– Då vart det gjennomført ei undersøking av ho og telefonen hennar, og då dukka blant anna namnet hans opp. Det gjorde at politiet rekna det som nødvendig å gjere ytterlegare undersøkingar knytt til han, seier Rydmark.

Les også Voldsdømt barnefar brøt kontaktforbudet fem ganger – ble likevel løslatt

Kvinnens bistandsadvokat reagerer på at barnefaren ikke ble fengslet.

– Korleis kom han i kontakt med desse kvinnene?

– Det er på nettet. Kontakta starta med kjøp av seksuelle tenester, som då har utvikla seg vidare.

Etterforskinga til politiet viser at mannen skal ha gjort dette aleine.

– Dette er omreisande prostituerte som har vore fleire stader i landet, men han har ikkje samarbeida med nokon andre, viser den etterforskinga vi har gjort.

Den tiltalte har forklart seg grundig og detaljert til politiet, seier Rydmark.

NRK har ikkje lykkast i å få tak i forsvararen til mannen, difor er det ikkje kjent korleis han stiller seg til tiltalen.