Hopp til innhold

Steinar pensjonerer seg på jubileumsdagen til livsviktig flyplass

Kortbanenettet opna for femti år sidan i dag. Det ambisiøse samferdsleprosjektet påverkar norsk politikk og dei som bur i distrikta den dag i dag. På den store jubileumsdagen takkar Steinar og Svein for seg og går av med pensjon.

Steinar Røssvoll og Svein Monsen

UT MED EIT SMIL: Steinar Røssvoll går av med pensjon etter 39 år i flytårnet i Mo i Rana. Kortbanenettet og flyplassen sitt femtiårsjubileum vert den siste arbeidsdagens hans.

Foto: Josef Benoni NEss Tveit / NRK

– Eg ser ikkje mørkt på å bli pensjonist i det heile teke. 43 år er eigentleg nok, er det ikkje, ler Svein Monsen.

Monsen og kollega Steinar Røssvoll har arbeidd i flytårnet i Mo i Rana i førti år. Begge skal gå av med pensjon i dag – på jubileet til arbeidsplassen deira.

– Det er klart det vert artig å gje seg på den store dagen. Vi går ut med ein smell på ein måte, seier Røssvoll.

Svein Monsen sit i flytårnet

RUTINERT: Etter 43 år i flytårnet har Svein Monsen sett eit utal landingar og takeoffar – men ikkje ei einaste alvorleg ulukke.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Dei livsviktige kyllingmarkene

I dag feirar kortbanenettet jubileum. For femti år sidan opna dåverande samferdsleminister Håkon Kyllingmark (H) fire små flyplassar i Trøndelag og Helgeland. Det var starten på eit gigantprosjekt som revolusjonerte norsk luftfart og blåste liv i Distrikts-Noreg.

Det heile var ein ambisiøs tanke om å knyte Noreg saman med nøkterne og billege flyplassar. Desse vart kalla "kyllingmarker" etter ministeren sjølv.

Desse enkle lufthamnene opna opp lokalsamfunn og næringsliv i heile landet. Ikkje minst byrja ambulansefly nytte rullebanene og betra tryggleiken til hundretusenvis av menneske.

– Desse småflyplassane har betydd svært mykje for dei som bur i distrikta, seier Svein Bråthen, professor i transportøkonomi ved Høgskulen i Molde.

– Dei har påverka samferdslepolitikk dei siste femti åra. I dag er jo fleire av dei truga av nedlegging, men eg trur systemet framleis er liv laga, seier Bråthen.

Gamle Røssvoll lufthamn

ANDRE TIDER: Då kortbanenettet opna hadde Røssvoll Flyplass stakittgjerde langs delar av rullebana, flytårnet var bygd i tre og døra mellom passasjerar og cockpit på flyet sto open. Det var ei anna tid.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Førti år, men ingen dag er lik

Far til Monsen var ein av entusiastane som bygde flyplassen på Røssvold på sekstitalet. Han var med og rydda skog og la grus på rullebana. Han har sett norsk luftfart gå frå propellfly som "naudlanda" fordi passasjerar måtte på do til sikkerheitskontrollane vi kjenner i dag.

Det var ikkje uvanleg at bærplukkarar, skuleklassar eller sauer tok seg inn på rullebana

Svein Monsen, tidligere flygeleder

– Då eg byrja var tårnet rimeleg trekkfullt og kaldt. Vi hadde ikkje gjerde kring rullebana, og det var ikkje uvanleg at bærplukkarar, skuleklassar eller sauer tok seg inn på rullebana. Det er utruleg mykje som har endra seg sidan då, seier Monsen med eit smil.

– Men har det ikkje blitt litt kjedeleg her oppe då? Førti år i same stolen med same utsikta?

– Nei, det skjer jo alltid noko spanande som krydrar kvardagen litt, seier Monsen.

Eit minutt seinare skurrar det i radioen og eit ambulansefly melder at det må lande. Monsen må då til å dirigere rutefly og gje oppdateringar på vêret. Han er roleg og rutinert – noko ein gjerne blir etter førti år i jobben.

Svein Monsen

TAKKAR FOR SEG: Både Monsen og Røssvoll har vald ein spesiell dag å gje seg på. På flyplassen er det planlagt mellom anna oppvising med jagarfly frå forsvaret for å feire kortbanenettet.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Usikker framtid

Men trass i kor viktig kortbanenettet har vore står det ovanfor store utfordringar. Bygging av storflyplassar trugar dei lokale rullebanene. Widerøe slit med å halde rutene opne med lite trafikk og fleire spår kutt i pengar til samferdsle i framtida.

Avinor har lufta ideen om at dei korte rullebanene kan brukast av elfly, men dette er enno på idestadiet.

– Eg trur likevel kortbanenettet kjem til å vere viktig i framtida, seier Røssvoll.

– Men no er i alle fall eg ferdig med mitt arbeid, og er nøgd med det, seier Røssvoll med eit smil.