Hopp til innhold

Berre éin av tre valdsoffer får bistandsadvokat: – Kan bli svært alvorleg

Manglande etterforskingsplan, låg kompetanse og mangelfull oppnemning av bistandsadvokatar. Nordland og fleire politidistrikt blir kritisert for dårleg oppfølging.

Bildet er uskarpt. Man kan se siluetter av to personer som står på et kjøkken.

Langt frå alle får bistandsadvokat. Det får leiaren av bistandsadvokatutvalet til å frykte at liv kan gå tapt.

Foto: NRK

Statsadvokaten i Nordland er ikkje fornøgd.

Dei har no sett nærare på korleis politidistriktet i fylket etterforskar vald i nære relasjonar.

Funna er ikkje til å juble av. Heller ikkje for resten av landet.

– Det er rom for forbetringar på områda vi har undersøkt. Det vil bli oppfølgingstiltak, for dette er eit viktig saksområde og resultata må bli betre.

Statsadvokat Jorild Steindal er klar i sin tale.

For politiet i Nordland manglar etterforskingsplanar i fleire saker, og i dei sakene det er etterforskingsplanar er dei langt frå gode nok.

Berre éin av tre fornærma i sakene får bistandsadvokat, sjølv om lova er klar på at alle skal ha det.

I tillegg blir det stilt spørsmål om dei i politiet som jobbar med sakene faktisk har god nok kompetanse på området.

Statsadvokat Jorild Steindal står i en rettsal. bilde.

Statsadvokat Jorild Steindal er klar i sin tale. Resultata i Nordland politidistrikt må bli betre.

Foto: Markus Thonhaugen / NRK

– Sakene som gjeld mishandling i nære relasjonar er komplekse, og ein må ha det vi kallar for fenomenkunnskap for å vite kva ein skal leite etter. Slik som politidistriktet er organisert risikerer ein i dag at ein ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om det fagfeltet, seier Steindal.

Steindal presiserer at gjennomgangen ikkje er ei generell undersøking av etterforskingskvalitet.

Vi har valt ut område der tidlegare undersøkingar har vist at det er rom for forbetring og sett på desse. Inspeksjonen seier ikkje noko om kvaliteten totalt sett i desse sakene. Vi har for eksempel ikkje sett på kvaliteten av avhøyra eller andre etterforskingssteg.

Reagerer på funna

Kristin Fagerheim Hammervik er leiar av bistandsadvokatutvalet i Advokatforeininga. Til dagleg jobbar ho som partnar i Advokatfirmaet Aga i Bodø.

Ho reagerer sterkt på funna. Spesielt at det berre er utnemnd bistandsadvokat i éi av tre gjennomgåtte saker.

Dette overraskar meg stort. Dette har vore ei stadig tilbakevendande problemstilling heilt sidan eg starta å jobbe som bistandsadvokat i 2006. Eg har aldri forstått kvifor oppnemning blir gløymd.

Advokat Kristin Fagerheim Hammervik står i en rettsal. Hun har kappe på. I hånden holder hun et dokument som hun leser.

Kristin Fagerheim Hammervik reagerer på funna som Statsadvokaten i Nordland har gjort.

Foto: André Bendixen / NRK

For lova er klokkeklar. Den fornærma har krav om bistandsadvokat i denne typen saker.

Eg ser at i fleire av dei bortlagde sakene er ikkje eingong fornærma avhøyrde. Eg reagerer på talet. Den fornærma har jo rett til å klage på bortleggingar. Det er nærliggande å tru at det ikkje blir gjort dersom bistandsadvokat ikkje er utnemnd. Erfaringa viser at mange går tilbake til valdsutøvar og neste gong politiet blir kontakta kan vere når det har gått skikkeleg gale, seier ho.

Les også Voldsdømt barnefar brøt kontaktforbudet fem ganger – ble likevel løslatt

Kvinnens bistandsadvokat reagerer på at barnefaren ikke ble fengslet.

Ifølge Hammervik er ikkje Nordland åleine. Bistandsadvokatutvalet har inntrykk av at dette er noko som skjer i dei fleste politidistrikt frå tid til anna.

Det er menneskeleg å gjere feil, men konsekvensane for den det gjeld kan bli svært alvorleg. Særleg i dei tilfella der manglande oppnemning av bistandsadvokat skjer samtidig som politiet ikkje gir saka den prioriteten ho skal ha. Då kan heilt sentrale bevis gå tapte, og saka må leggast bort, seier ho.

Ikkje fornøgd

– Vi tar funna på alvor. Funnet til statsadvokaten stemmer også med funna vi har gjort i eigne evalueringar av saker.

Fungerande påtaleleiar i Nordland politidistrikt Steffen Ravnåsen er ikkje fornøgd med funna til Statsadvokaten i Nordland. Han seier at funna vil vere ein sentral del i den obligatoriske opplæringa som både påtalejuristar og etterforskarar skal gjennomføre.

– Vi vil også vurdere om det kan gjerast strukturelle endringar innanfor dei rammene vi har for å sikre betre behandling av desse sakene.

poladv_steffen

Steffen Ravnåsen er fungerande påtaleleiar i Nordland politidistrikt. Han tar funna på alvor.

Foto: Remi Eilertsen / Aurora Borealis

Men på eitt av områda har altså statsadvokaten funne lovbrot. Nemleg at det ikkje blir utnemnt bistandsadvokat i alle saker.

Dette er overraskande. Dette er noko som skal ligge langt framme i bevisstheita hos både etterforskar og påtalejurist. Det skal i alle fall ikkje bli eit tilbakevendande problem i Nordland politidistrikt, seier Ravnåsen.

Les også Må nedbemanne med inntil 50 politiårsverk

Heidi Kløkstad, politimester i Nordland

Meiner liv kan gå tapt

Så kva kan konsekvensane av at det ikkje blir utnemnd bistandsadvokat vere? Hammarvik i bistandsadvokatutvalet er klokkeklar:

– Bevis går tapt og i verste fall kan liv gå tapt, seier Kristin Fagerheim Hammervik.

Hammarvik seier vidare at noko av det viktigaste dei gjer er å hjelpe den valdsutsette til å stå i prosessen.

– Ikkje minst skal vi bidra til at vernetiltak og andre lågterskeltilbod knytt til behandling og oppfølging kjem på plass. Vi skal også foreslå etterforskingssteg og henge på politiet for å sikre framdrift.

– Ein engasjert bistandsadvokat som bidrar med den hjelpa og støtta som kan bli gitt innanfor rammene av lova, er ofte ein svært viktig del av rammene rundt den fornærma. Eg har meir enn ein gong sett under skje. Kvinner som har vore så langt nede at dei reelt vurderer å ta sitt liv, har komme seg over kneika og stått gjennom rettsprosessane.

Konfrontert med Hammervik sine utsegner seier Ravnåsen:

Dette var sterke ord. Vi har god erfaring med at bistandsadvokat bidrar på ein positiv måte inn i etterforskinga med forslag om relevante etterforskingssteg.