Hopp til innhold

Spelarane fiksa lønn til Hanssen

Runar Berg og Trond Fredrik Ludvigsen sørga for pengane som gjorde det mogleg for Bodø/Glimt å hente André Hanssen til klubben.

André Hanssen

André Hanssen blei ingen hit i Heerenveen. No kan han snart kle seg i den gule drakta til Bodø/Glimt, og det kan han takke lagkameratane Berg og Ludvigsen for.

Foto: VINCENT JANNINK / AFP

Utan innsatsen til dei to Glimt-spelarane hadde neppe André Hanssen kome til dei gule igjen, skriv Avisa Nordland.

I går blei det klart at Hanssen vil signere ein kontrakt med Bodø/Glimt ut sesongen.

Glimt har i lang tid jakta på den tidlegare Heerenveen-proffen André Hanssen, men den dårlege økonomien i Bodø/Glimt gjorde det umogleg for klubben å tilby han kontrakt.

Les også: André valgte Glimt

Men då tok midtbane-veteran Runar Berg og venstrekant Trond Fredrik Ludvigsen saka i eigne hender. På kort tid har dei to samla inn over 300.000 kroner, noko som gjer det mogleg for Glimt å hente Hanssen, skriv avisa.

Berg sel kunst

Tidlegare i sesongen har Runar Berg selt 50 litografiseriar, og på den måten skaffa Bodø/Glimt 250.000 kroner. I tillegg har han gitt frå seg heile årslønna på 600.000 kroner til klubben. Framleis gjenstår det 50 litografiar som ikkje er selt, men no garanterar Berg at dei skiftar eigar.

- Eg skal selje alle 50. Vær sikker, seier Berg.

Berg har dessutan fiksa ein økonomisk garanti på 250.000 frå ein privatperson, som gjer at han er garantert pengane, sjølv om han ikkje skulle få selt alle litografiane.

Forslaget blei godt mottatt av Bodø/Glimt, som sårt treng forsterkningar av laget for å kjempe mot nedrykk frå eliteserien.

"Ludde" spelte golf

Lagkamerat Trond Fredrik Ludvigsen ønska også å bidra til at André Hanssen kom til Glimt. I følgje Avisa Nordland skal han ha brukt tida godt på golfbanen på Mylkebostad og i telefonen. På den måten har han skaffa 75.000 kroner frå sponsorar til klubben.

- Dette beviser at det finns mange som har eit varmt hjarte for Bodø/Glimt. Det er takka være desse personane eg lukkast med min del av planen, seier Ludvigsen.

Dermed kunne Bodø/Glimt tilby eit kontraktforslag som var likeverdig med det Tromsø kunne tilby til Hanssen, kanskje også noko betre, skriv avisa. Spelarane har samla inn pengane i løpet av få dagar, medan klubben utan hell har forsøkt å hente inn pengar i fleire månader.

Det er venta at André Hanssen signerer ein kontrakt med Bodø/Glimt i løpet av dagen.