Hopp til innhold

Sol gir energi og hjelper mot kreft – Lege rår å sjå mot sola to minutt kvar dag

Sola har fleire helsefordelar enn mange er klar over. Men det betyr ikkje at ein skal slutte å ta D-vitamin.

Sol over Bodø by. Tatt fra en båt på havet med fjell i bakgrunn.

Sola har fleire helsefordelar enn mange er klar over, seier allmennlege og forskar Kjetil Høye. – Fysiologiske prosessar gjer at sola gir energi, lykke og overskot.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Sola skin no over store deler av landet.

For mange kjennest det òg som at sola gjer dei gladare og gir meir energi.

– Det er heilt perfekt å vere ute i sola. Eg kjenner at eg lader batteria berre med å stå i sola, seier Tarjei Antonsen i Bodø.

Og det er ikkje berre tull, fortel allmennlege Kjetil Høye.

Sola har nemleg fleire helsefordelar enn mange er klar over.

Strand, klipper, parasoller og hav

Kroppen lagrar D-vitamin når ein er i sola. To veker i Syden kan faktisk ha helsefordelar i fire til seks veker etterpå, fortel allmennlegen.

Foto: Petter Strøm

– Sollys leikar med signalstoffa i hjernen og hormona i kroppen. All forsking viser at ein blir gladare av sol.

Ein blir faktisk gladare av sol

Sol har vore den primære lyskjelda for menneska i tusenvis av år, heilt fram til Edison fann opp lyspæra for 145 år sida.

Tarjei Antonsen står foran rådhuset i grå ulljakke og brunt ullskjerf. Han har brunt hår og brune briller og ser i kameraet.

Tarjei Antonsen kjenner at han får meir energi av å vere ute i sola.

Foto: Vetle Knutsen / NRK

Men nett den lyspæra gjer at vi no bruker nesten 90 prosent av tida vår innandørs.

– Det er litt dumt, for sola er veldig viktig, seier allmennlege Kjetil Høye.

Faktisk så viktig at sola både gir oss helsefordelar, energi og glede.

I 2002 fann amerikanske forskarar ut at vi har nokre sensorar bak auge. Dei sender signal gjennom synsbana til ein liten kjertel som heiter epifysen, eller konglekjertelen på norsk.

Den kjertelen produserer melatonin, som gjer at vi blir deprimerte, fortel Høye.

Difor får ein vinterdepresjon, eller sesongavhengig affektiv liding som det heiter på fagspråket.

Sove (Illustrasjon)

Sola har også noko å seie for søvnkvaliteten. Når sola kjem fell melatoninproduksjonen. Då blir det berre produsert på natta. Difor søv vi også betre med meir sol.

Foto: Odilon Dimier / 6PA/MAXPPP

Kvifor?

Melatoninproduksjonen er høg. Det gir nedsett stemningsleie. Samstundes er det låg produksjon av lykkehormonet serotonin. Det gjer òg at ein kjenner seg tristare.

Men når lyset frå sola kjem blir serotonin produsert i staden.

Difor blir vi faktisk heilt på ekte gladare av å vere i sola.

  • Det finst faktisk noko ein kan gjere for å unngå vinterdepresjon også. Her er åtte tips.

Anders Green har på seg blå caps og blå boblejakke. Han har grått skjegg og briller og ser mot kamera. I bakgrunn ser man en gutt som går på ski og Bodø rådhus.
Vetle Knutsen

– Det er utruleg godt med sol, seier Anders Green i Bodø.

– Eg merker det allereie like etter jul, at det begynner å gå andre vegen. Det er heilt klart at det er godt å vere ferdig med mørketida.

Stine Wike står foran en banner i skijakke og hvit lue. Hun har lyst hår og blå øyne og smiler til kamera. I bakgrunn ser man bar som går på ski i Marcelonga i Bodø.
Vetle Knutsen

Stine Wike kjenner det på kroppen når sola skin over Bodø.

– Det er fantastisk å nyte sola. Eg blir glad og får definitivt meir energi, seier ho.

 Julie Chauvet har på seg blå jakke og grå joggebukse, grå lue og headset. Hun sitter på havna i bodø og nyter sola.
Vetle Knutsen

Franske Julie Chauvet er utvekslingsstudent i Bodø.

Også ho merker korleis sola gir energi.

– Det er alltid godt å kome ut i sola. Eg får meir energi og glede. Sol er energi, seier ho.

I tillegg trur ho dei gjer at ho får brukt vitamina betre. Og der er ho ikkje heilt på vidda.

D-vitamin beskyttar mot kreft

Allmennlege Høye seier at når sola skin på kroppen produserer han sjølv D-vitamin.

– Den viktigaste eigenskapen er at det hjelper tarmen til å ta opp kalsium, slik at vi får betre og sterkare skjelett og betre tenner, seier Høye.

Men det har òg andre helsefordelar.

Kjetil Høye, allmennlege og forsker, står med ansiktet i sola med Bodø og Landegode i bakgrunn. Han har kort grått hår og skjegg og har på seg en grågrønn genser.

Allmennlege Kjetil Høye seier at han sjølv prøver å vere i sola i 10–15 minutt kvar dag. I tillegg tar han D-vitamintilskot alle månadar som har bokstaven r i namnet.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Det beskyttar oss mot autoimmune sjukdommar som MS og diabetes, seier Høye.

I tillegg beskyttar det mot fleire krefttypar.

– Mellom anna prostatakreft, brystkreft og tarmkreft. Og det beskyttar mot infeksjonar, slik at ein har mindre risiko for sjukdom.

– Om vinteren vil ikkje sola gi oss D-vitamin i det heile. Det er eit problem.

Sol og snø møtes på Kvitfjell.

Sol er ikkje berre vakkert, det har òg mange helsefordelar fortel allmennlege Kjetil Høye.

Foto: Rune Stuvland

Tidlegare har ein sagt at det hjelper å ete feit fisk for å få meir D-vitamin. Men då 78 bergensarar forsøkte det i 2011, viste det seg at det ikkje hjelpte i det heile.

Difor er løysinga å ete D-vitamin i matprodukt og som medikament. Legen rår å ete 40 mikrogram kvar dag.

Hugs solkrem

Kjetil Tasken er leiar for Institutt for kreftforsking i Oslo Universitetssjukehus og professor ved Uio.

Han seier det stemmer at sola gir meir energi og at dette heng saman med at vi registrerer auka mengde lys på netthinna, noko som påverkar reguleringa av døgnrytmen via hormonet melatonin som blir skilt ut frå epifysen.

Det stemmer òg at ein får vitaminmangel og problem med beinbygnaden utan D-vitamin, og at vitaminet har positiv innverknad på helsa, og noko effekt på nokon kreftformer.

Skiløper over flat myr med sol i mot.

Om vinteren treng ein ikkje bruke solkrem, seier allmennlege Høye, men om du skal på fjellet i påska bør du ta fram solkremen likevel. Snøen reflekterer nemleg strålane frå sola.

Foto: Nina Didriksen

Men ein får ikkje for lite D-vitamin-produksjon i huda om ein bruker solkrem, seier han.

Professoren seier difor det er viktig at ein hugsar på solkrem. Særleg i påska.

– Bruk faktor 30 eller 50. Det er fint å bli brun, men ikkje brent. Då må ein ha på seg solkrem og gi sola tid til å stimulere naturleg pigmentdanning i huda slik at ein kan få naturleg beskytting og gradvis tole meir sol, seier Tasken.

Les også Isbading mot depresjon: – Hjelpte meir enn både terapi og medisinar

Dagmar Dahl, isbader

Men når skal du eigentleg slutte å ete D-vitamin?

Allmennlege Høyen seier hugseregelen er enkel.

På same vis som med tran, skal ein ta tilskot alle månadar som har «r» i namnet. Det vil seie frå september til april.

Skitur med appelsinpause

Allmennlege Kjetil Høye har meir tru på vitamin i frukt og grønt enn i pilleformat. Med unntak av D-vitamin. Det bør ein ta 40 mikrogram av kvar dag om vinteren.

Foto: Nina Didriksen / NRK

– Men når sommaren kjem bør ein nyte sola minst 10 minutt kvar dag. Då ladar ein opp lagra av D-vitamin i levra, seier allmennlegen.

Han meiner òg det kan vere lurt å la solbrilla ligge i mellom.

– Bruk minst to minutt til å sjå mot sola utan solbriller før klokka ti om morgonen. Då får du litt ekstra impulsar til den vesle epifysen din.

Les også Ida-Catrin (33) tok ikkje vaksine og fekk heftig influensa: – Hadde dødsangst

Ida-Catrin Rendal har på seg sjukehusskjorte og ligg i ei sjukeseng med arma bak hovudet. Ho har lyst hår og blå øyne.

Men ikkje sjå direkte på sola

Men optikar Andre Kristoffer Stensland ved Synspunkt i Mo i Rana vil nyansere rådet litt.

Ein får nemleg nok lys frå sola utan å sjå direkte på ho.

– Det held å sjå mot ein vegg eller ut over fjorden for å få rikeleg med D-vitamin.

Auget kan nemleg få brannskade om du ser rett på sola.

Anders Stensland

Optikar Andre Kristoffer Stensland ved Synspunkt i Mo i Rana seier det er svært viktig at ein ikkje ser direkte på sola. Det kan vere svært skadeleg for synet.

– Hornhinna inne i auget er rett og slett eit sterkt forstørringsglas som skal bryte på skarpsynsområdet i auget, seier han.

Der er netthinna mest følsam. Difor blir det for mykje energi for auget om ein ser rett på sola.

– Om du har fått eit slikt brannsår er synet tapt. Då får du ikkje bilde der netthinna er skada, seier optikaren.

Les også John hadde vanlege «floaters» heile livet – plutseleg forsvann synet

Floaters