Hopp til innhold

Ida-Catrin (33) tok ikkje vaksine og fekk heftig influensa: – Hadde dødsangst

På ei veke gjekk ho frå litt hoste til sjukehusinnlegging. No vil Ida-Catrin Rendal råde fleire unge til å ta vaksinen.

Ida-Catrin Rendal har på seg sjukehusskjorte og ligg i ei sjukeseng med arma bak hovudet. Ho har lyst hår og blå øyne.

Ida-Catrin Rendal er 33 år og har ingen underliggande sjukdommar. Likevel fekk ho dobbeltsidig lungebetennelse og hamna på sjukehus i fem døgn etter ein runde med influensa.

Foto: Ida-Catrin Rendal / privat

33 åringen Ida-Catrin Rendal trudde det var ein vanleg influensa som trefte ho.

Men etter ei veke blei ho lagt inn på sjukehuset.

– Hadde eg kome eit par dagar seinare hadde lungene kollapsa, fortel ho.

Rendal fekk nemleg dobbelsidig lungebetennelse etter at immunforsvaret blei svekka av influensaen.

No vil ho oppfordre fleire unge til å ta influensavaksinen.

Leiar for vaksinasjonsprogrammet for influensa ved FHI seier folk i alle aldre kan bli alvorleg sjuke av influensa, sjølv om dei med underliggande sjukdommar er mest utsett.

Likevel vil ikkje dei råde alle til å ta influensavaksina.

– Enn om eg døyr no

– Eg tok ikkje influensavaksine i fjor, men framover skal eg ta ho kvart år.

Det seier Rendal frå Halsa i Nordland.

Ho har lagt bak seg nokre dramatiske veker. Men det begynte slik sjukdom begynner i mange småbarnsfamiliar: Barna blei sjuke.

Først blei den eldste son hennar sjuk. Deretter dei to neste. Så var det mora sin tur.

Ida-Catrin Rendal har på seg gul, kvit og rosa strikka genser. Ho har blondt hår og blå øyne og sit i ei grå sofa. Ho lener hovudet mot arma. På underarma har ho ei tatovering.

Ida-Catrin Rendal fortel at både ho og ungane mista matlyst og hadde høg feber. Men ho var den einaste som blei lagt inn på sjukehus.

Foto: Ida-Catrin Rendal / privat

– Eg hosta konstant og hadde feber. Difor prøvde eg å få ein sjukemelding til jobben på e-konsultasjon, men fekk beskjed om å kome på legekontoret, seier ho.

Legen målte 50 i CRP og sjukemelde ho i tre dagar. Men då meldinga gjekk ut kjente ho seg framleis sjuk, og drog tilbake til legen sin.

Denne gongen målte ho 200 i CRP. Apparatet gikk ikkje høgare. Rendal blei sat på penicillinkur og måtte kome tilbake dagen etter.

Les også Sesongens store virus-guide

VIRUS, VIRUS: Symptomer, inkubasjonstid, prognoser. Her får du en gjennomgang av de virusene du kanskje må stifte bekjentskap med i høst.

Framleis viste apparatet 200, og 33-åringen blei sendt på sjukehus.

Desse dagane var ho åleine heime, og for første gong i sitt liv blei ho redd for influensa.

– Eg hadde panikk fleire av dagane. Eg klarte ikkje å puste. Eg tenkte «Fader, enn om eg døyr no».

– Eg har aldri kjent det slik før. Det kjendest også på ein måte teit å vere sjuk og redd. Eg er jo ung og sprek, seier Rendal.

Kan bli alvorleg sjuk

Ifølge vekerapporten til Folkehelseinstituttet held sesongens influensautbrot fram. Influensatoppen var ved årsskiftet. Sidan har influensaaktiviteten vore relativt stabil.

Leiar for vaksinasjonsprogrammet for influensa ved FHI, Kjersti Margrethe Rydland seier at det er personar med underliggande risikotilstandar og høg alder som er mest sårbare for å bli alvorleg sjuk av influensa.

– Men personar i alle aldrar kan bli alvorleg sjuke på grunn av influensa.

Kjersti Rydland, seniorrådgiver i FHI.

Leiar for vaksinasjonsprogrammet for influensa ved FHI, Kjersti Margrethe Rydland.

Foto: FHI

Det er heller ikkje uvanleg at influensa kan føre til lungebetennelse. Det er fordi influensaviruset kan svekke kroppen sit forsvar mot andre luftvegsinfeksjonar.

Likevel anbefaler FHI berre vaksinering av dei som har høg risiko for alvorleg sjukdom og død.

– I tillegg anbefaler FHI vaksinasjon av nokre grupper, blant anna helsepersonell, for å redusere smittepresset for risikogruppene, seier ho og legg til:

– Friske, unge menneske kan bli alvorleg sjuke av influensa, men det er sjeldan og det er derfor ingen generell oppfordring om influensavaksinasjon i Noreg.

– Fekk kjenne dødsangst

Rendal har alltid tenkt at ho toler ei influensa. Ho har ingen underliggande sjukdommar.

Men då ho kom på akuttmottaket målte apparatet 505 i CRP. Dei tok røntgen av lungene. Begge var tette.

– Hadde eg kome dagen etter hadde lungene mine sikkert kollapsa.

Ida-Catrin Rendal får penicillin intravenøst på sjukehuset etter å ha fått dobbeltsidig lungebetennelse.

På sjukehuset fekk Ida-Catrin Rendal får penicillin intravenøst. Etter fem dagar på sjukehuset kunne ho dra heim, men ei veke etter slit ho framleis med pusten.

Foto: Ida-Catrin Rendal / privat

Småbarnsmora låg på sjukehus i fem dagar. Dei andre der var over 70 år.

– Eg tenkjer jo at eg er ung og frisk, men eg fikk kjenne på det motsette og til og med litt dødsangst.

– Eg hosta blod. Det er jo slik ein ser på film.

For Rendal var det ein skremmande oppleving. Det er det sjukaste ho nokon gong har vore.

Sjølv ei veke etter at småbarnsmora kom heim frå sjukehuset er ho tungpusta og må vere heime.

Ei influensavaksine står på eit bord. Bak ser vi den raude, kvite og blå øskja vaksina kom i. Sprøyta er lita og står rett opp og ned på bordet.

Lungebetennelse kan sitte i seks til åtte veker. Rendal råder difor folk i heller å ta eit stikk i armen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Eg har nok med å ta meg ein dusj, så pesar eg som ein kval.

Rendal er barnehagepedagog. Likevel får ho ikkje influensavaksine dekt.

Difor vil oppfordre ho alle arbeidsplassar som har tilsette utsett for smitte om å spandere ei vaksine på sine tilsette.

Les også Tilsyn avdekka at tilsette kasta opp fordi dei grudde seg til å gå på jobb

Tillitsvald Heidi Rolandsen ved Omsorgssenteret i Vågan.

Har ikkje mykje å seie

Rydland i FHI er ikkje heilt uenig.

Det er nemleg fleire kommunar som tilbyr vaksine til sine tilsette i skolar og barnehagar for å halde sjukefråværet nede.

Ifølge forsking ser det likevel ikkje ut til at det har mykje å seie på det totale fråværet i løpet av ein vintersesong, da det er mange andre luftvegsvirus som kan gi sjukdom og som det ikkje finst vaksine mot.

Influensavaksine

Per 18. februar er det totalt 1,27 millionar som har tatt vaksinen og som er registrert i nasjonalt vaksinasjonsregistrert SYSVAK.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Kommuneoverlege i Bodø kommune, Kina Kalstad seier at dei følger retningslinjene til FHI når det kjem til influensavaksinar.

– Dersom friske personar utanfor anbefalte grupper skal få tilbod om vaksine føreset dette tilstrekkeleg tilgang til vaksinar, seier Kalstad.

I ein gjennomsnittleg influensasesong blir 5000 lagt inn på sjukehus og 900 dør kvart år av sjukdommen. Enkelte sesongar kan talet kome opp mot 2000, ifølge kommuneoverlegen.