Hopp til innhold

Professor om regjeringas klimasatsing: – Latterleg og frekt

– Dødsdom til hundrevis av artar, seier MDG om budsjettforliket. Professor trur ikkje politikarane forstår alvoret.

Skog i Nordland

Halvparten av dei truga artane i norsk skog finst i gamal norsk skog. MDG vil ha meir pengar på bordet for å redde skogen.

Foto: Håkon Jacobsen

Førre veke la Artsdatabanken fram ein ny raudliste for Noreg.

2752 arter er no vurdert trua.

Om lag 50 prosent av dei lever i skogen.

MDG meiner regjeringa ikkje legg nok pengar på bordet for å snu utviklinga.

Meiner regjeringa ikkje gir nok

– Eg fryktar at vi snart må si farvel til det som er igjen av urørt norsk skog, seier fungerande partileiar i MDG, Kriss Rokkan Iversen.

– Det ser ut til å ha gått regjeringa hus forbi at naturkrisa henger saman med klimakrisa. Vi kan ikkje løyse den eine utan å løyse den andre, seier MDG-leiaren.

Rokkan Iversen peiker på at det står i Hurdalsplattformen at klima og miljø skal vere ramma for all politikk. Ho meiner regjeringa ikkje følger opp med pengane.

– Ein kan ikkje legge fram eit budsjett som ikkje står i stil med den alvorlege situasjonen skogen i Noreg er i no.

Klima og Miljødepartementet seier ein må bruke 1,8 milliardar årleg for å nå målet om 10 prosent vern innan 2030.

Etter budsjettforliket gir regjeringa 455 millionar.

Støre-regjeringa lurer veljarane sine når dei ikkje følger opp miljølovnader med politisk handling. Utan å auke budsjettet til skogvern, skriv dei under på dødsdommen til hundrevis av norske arter, seier Rokkan Iversen.

Kriss Rokkan Iversen

Fungerande partileiar i MDG, Kriss Rokkan Iversen, meiner Støre-regjeringa lurar sine miljømedvitne veljarar når dei ikkje følgar opp målet for vern av skog.

Foto: Marius Fiskum / MDG

Ap varsla kutt i skogvernbudsjettet. Om det hadde gått slik dei først sa meiner MDG det ville tatt 50 år å nå stortingsvedtaket om 10 prosent vern.

I går blei det budsjettforlik, og skogvernkuttet er reversert.

Men Iversen seier at dette berre står fram som ein siger.

Sjølv etter reversering av kuttet seier ho det vil ta 34 år før vi har verna 10 prosent av den norske skogen.

Professor reagerer

Rundt halvparten av alle artane i Noreg finst i skogen.

Og rundt halvparten av alle sjeldne og trua artar finst i skogen, fortel Vigdis Vandvik professor i økologi og senterleiar for Bioceed ved Universitetet i Bergen (UiB).

– Kvifor er skogvern viktig?

– Kortversjonen er at vi er heilt avhengig av at naturlege økosystem skal gjere jobben sin med karbonlagring, karbonbinding og vassregulering. Alt dette for å kunne demme opp for klimaendringane og for dei andre problema vi får med naturkrisa.

Vigdis Vandvik

Professor Vigdis Vandvik er professor i økologi og senterleiar for Bioceed ved Universitetet i Bergen.

Foto: UiB

Professoren er oppgitt over politikaranes forsøk på klimasatsing.

– Eg trur ikkje politikarane forstår alvoret. Tala som dei reknar som satsing på natur, manglar mange nullar. Vi bruker svært mykje offentlege midlar på å øydeleggje natur. Ubalansen er utruleg vanskeleg å forstå. Det er veldig sjeldan at totalsatsinga på ein sektor i naturen overstig det ei gjennomsnittleg rundkøyring kostar.

– Regjeringa viser til at dei har foreslått ei auka satsing på 20 millionar kroner til restaurering av myr og annan natur. Kva tenkjer du om det?

– Det synest eg er latterleg og frekt.

Øvre Pasvik nasjonalpark

Miljøpartiet dei grøne seier Støre-regjeringa lurar veljarane når dei ikkje set av meir pengar til skogvern, men seier at klima og miljø er ramma for all politikk.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Det er det einaste eg har å seie til det. Store internasjonale rapportar viser at det å satse faktiske pengar på natur er ei av dei mest lønnsame investeringane du kan gjere, seier ho og held fram:

– Når vi taper natur i det tempoet vi taper i dag, hengjer det ikkje saman. Vi kan ikkje halde fram med å miste natur og tru at naturen skal vere med å gjere jobben. Viss vi seier korleis det er, blir vi skulda for å krisemaksimere og at ein må vere fornuftig å gi og ta. Men sanninga er jo ho at naturen alltid må berre gi. For når naturen vinn betyr det at ein ikkje byggjer ut eit naturområde. Når naturen taper så byggjer ein ut eit naturområde, seier Vandvik.

– Usikkert når målet blir nådd

Statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp) meiner derimot at dei allereie har gjort ein rekke viktige tiltak for naturmangfald og klima.

Det har mellom anna auka satsinga på restaurering av myr og anna natur med 20 millionar kronar.

– Kvifor ønsker ikkje regjeringa å auke budsjettet?

I budsjettavtalen er har vi vidareført bevillinga til skogvern med 435,7 millionar kroner. Det er eit høgt nivå, som gir grunnlag for vern av mange viktige skogområde.

Trær Helgeland

Skogen ved Spelremvatnet kan få utvida vern.

Foto: Ragnhild Mjaaseth / Statsforvalteren i Nordland

Heen seier at Målet om 10 prosent skogvern er langsiktig. No er 5,1 prosent av skogen verna.

– Kan de akseptere at vi først når målet om 10 prosent vern om 34 år?

– Det er usikkert når målet kan bli nådd. Det vil avhenge av mellom anna framtidige tømmerprisar, som i stor grad verkar inn på kostnadene på erstatning i skogvernet.