Hopp til innhold

Nye frø gjer skogen meir miljøvennleg: – Vil vekse betre og ta opp meir CO₂

Kritisk mangel på frø i Nord-Noreg gjer skogen sårbar for klimaendringar. Men i år kan det endeleg ordne seg.

Øyvind Meland Edvardsen, frøforvalter i Skogfrøverket

Øyvind Meland Edvardsen er frøforvaltar i Skogfrøverket.

Foto: Hilde Berit Evensen

Grana har eksepsjonell god konglesetting i år. Det gjeld spesielt i nord kor det ikkje har vore gode frøår på mange år.

Dermed blir det høve for å lage nytt frølager, for første gong på 50 år.

Forskarane håper frøa veks opp til ein skog som er meir robust mot klimaendringar.

Eit sjeldan høve for hausting

– I Nordland er det eit spesielt godt frøår i år. Det er fordi ein treng minst to somrar med god temperatur for at grana skal blomstre, og i nord er det mindre sjanse for dette.

Det seier Øyvind Meland Edvardsen som driv med frøforvalting i Skogfrøverket.

Konglehausting på Helgeland

I år er det beste året for å hauste granfrø på 50 år. Det håpar forskarane vert grunnlaget for ein skog som bind meir CO₂.

Foto: Skogfrøverket

No er nemleg frølagra snart tomme.

Og det er lenge sidan sist ein kunne hauste gode frø i Nordland.

– Men kvifor kan ein ikkje berre la skogen ordne dette sjølv?

– Det handlar om at skogen ikkje får forplanta seg når ein hogger han ned. For hundre år sidan var norske skogar uthogne, difor set skogbruksloven strenge krav for planting av skog når ein hogger.

Og det er særleg grantre som treng hjelp med å frøe seg.

For grana går det lang tid mellom dei gode frøåra.

På Austlandet er det annleis. Der går det gjerne «berre» 4–10 år mellom dei gode frøåra på gran. Men i Nordland har det no gått 50 år sidan sist gong det var eit godt frøår.

Konglehausting på Helgeland

Når skog vert hogd, seier skogbruksloven at ein er nøydd til å plante ny skog.

Foto: Skogfrøverket

Men det er ikkje berre for å hogge meir skog ein plantar tre.

Skog er av fleire rekna som eit viktig tilskot til klimarekneskapen.

Framtidas klimaskog

– I dag snakkar vi mykje om berekraft og bruk av fornybare materialar. Då er treråstoff veldig viktig fordi det både er fornybart, og eit råstoff som kan verte brukt til mykje, seier Edvardsen.

Frøa som har vore brukt til å plante ny skog i Noreg, er i dag over 50 år gamle.

Dei frøa vart til i ei anna tid då klima var annleis enn det er i dag.

Det er særleg difor det er viktig å sanke frø no.

– Det frøet vi haustar no har betre eigenskapar i forhold til dagens klima og det klimaet som kjem.

Konglehausting på Helgeland

Ei bøtte med kongler som skal verte framtidas skog.

Foto: Skogfrøverket

Edvardsen fortel at det heng saman med at grana utviklar seg i takt med klimaet.

Difor vil trea dei plantar no verte ein meir klimavenleg skog.

– Planter som vert produsert av det frøet som vi sankar no, har eigenskapar som gjer dei betre tilpassa klimaet. Då kjem dei til å vekse betre, få mindre skader og ta opp meir CO₂.

Det er òg landbruks- og matminister Olaug Bollestad samd i.

– Gjennom både frøsanking og foredlingsarbeid bidrar vi til ein framtidsskog som er mest mogleg motstandsdyktig i møte med klimaendringane. Samstundes bidrar han til størst mogleg karbonopptak i skogen, seier Bollestad.

Lengre vekstsesong viktigast

Også Arne Steffenrem i Nibio trur dei nye frøa vil gje ein skog som tek opp meir CO₂.

– Det er absolutt ein relevant hypotese at frøa ein sankar no vil vere i stand til å tilpasse seg klimaendringar ganske raskt. Dei kan vere betre tilpassa klimaet og vekse fortare.

Og det er særleg dei unge trea som vert planta no som kjem til å binde mykje CO₂.

Dei gamle trea har allereie bunde opp klimagassen, men sidan dei ikkje veks lenger bind dei ikkje opp så mykje nytt.

Arne Steffenrem

Arne Steffenrem er forskar i divisjon for skog og utmark i Nibio.

Foto: Nibio

– Lenger vekstsesong er viktigare enn høge temperaturar. Det er det klimatilpassing går på. Grana vi plantar no må kunne nytte ein vekstsesong som er 3–4 veker lenger enn han var for 40 år sidan.

Steffenrem er ikkje i tvil om at det er viktig å gjere ei grundig innhausting av trefrø no.

– Om frølagera går tomme er ytste konsekvens at ein ikkje får planta ny skog når ein har hogge. Då går ein i reint tap, og får ikkje bunde CO₂ i det heile. No får vi eit robust frølager i 40 nye år. Det er særleg viktig i Nordland.

Konglehausting på Helgeland

Granfrøa ser du om du deler ei kongle på langs.

Foto: Skogfrøverket

Denne hausten skal frøhaustar Edvardsen og Skogfrøverket hauste granfrø mellom anna på Helgeland.

– Vi tek med oss ein del kunnskap om frøa og korleis dei oppfører seg. No kan vi samanlikne dei nye frøa med dei gamle. Frå det kan vi få kjennskap om vekstrytme og karbonopptak.

– Kan også vere uheldig

Ikkje alle biologar er samd i at nyplanting i hogstfelt er miljøvennleg.

– Dette gjeld berre i forhold til klima. Sjølv då er tvilsamt. I dei fleste tilfella er det uheldig for biomangfaldet, fordi ein tvingar naturen forbi ei naturleg suksesjonsutvikling kor fleire ulike arter inngår, seier biolog Simen Hyll Hansen ved Universitetet i Oslo.

Og legg til:

– I staden får ein jamaldrande grantre som står så tett at andre artar i stor grad fortrengast. Ein får ein biologisk død granåker som liknar meir på ein kornåker enn ein skog, seier han.