Hopp til innhold

Revidert nasjonalbudsjett: Vil gi 132 mill. til lengre rullebane i Rana viss næringslivet spleisar

Pengar til lengre rullebane, laksetrapp og Narviksenteret er blant forslaga i revidert nasjonalbudsjett som treffer Nordland.

Ny flyplass i Mo i Rana.

Det blir føreslått ekstra pengar til å gjere rullebana 200 meter lengre. Men då som eit spleiselag.

Foto: Polarsirkelen lufthavnutvikling/Nordic - Office of Architecture

I dag la finansministeren Trygve Slagsvold Vedum fram revidert statsbudsjett. Der vart det mellom anna klart at ramma for flyplassen i Mo i Rana aukar.

Det blir foreslått pengar til ei lengre rullebane, men då som eit spleiselag.

– Auka rullebanelengd føreset lokal delfinansiering, står det i budsjettet frå regjeringa.

Dei forventa at det å auke rullebana vil koste 132 millionar kroner. Denne rekninga vil regjeringa dele i to, der eit lokalt bidrag betalar halvparten.

Den opphavlege lengda på rullebana var på 2200 meter, men for å få meir stabile samband innlands og til og frå Europa, føreslår dei å auke lengda til 2400 meter.

Det er desse 200 ekstra meterane som blir føreslått som eit spleiselag.

Les også Avinor vil utsette åpningen av ny lufthavn til 2027: – Dette bryter med stortingets vedtak

Ny flyplass i Mo i Rana.

Men det er ikkje berre flyplassen som får meir pengar. Her kan du sjå kva for andre som får litt ekstra:

Narviksenteret og pengar til kultur

Det kjem eit tilskot til Narviksentertet. Dei har utvikla eit digitalt register over norske soldatar som deltok i kampane i Noreg i 1940.

I budsjettet føreslår regjeringa å auka pengestøtta med 0,7 millionar kroner til registeret. Dei føreslår også 2,7 millionar kroner ekstra som følge av prisstigningane den siste tida.

Samla sett føreslår regjeringa at dei får 3,1 millionar ekstra.

Les også Vil løfte frem alle som kjempet for Norge under krigen: – Viktig norsk historie

Soldater i krig i Narvik i 1940.

I forslaget står det også at regjeringa vil dei gi ein halv million kroner meir til Nordland teater.

Samtidig kjem det fram at regjeringa vil auke løyvinga til kulturhovudstadsprosjektet i Bodø med 705.000 kroner. Prosjektet får totalt 33.7 millionar kroner.

Bodø skal vere Europeisk kulturhovudstad i 2024.

Les også Kulturhovedstad uten pride: – Regner med at en by skulle fått til noe sånt

Luca Karlsen Ramskjell.

Laksetrapp og Havobservatorium

Regjeringa føreslår også å auke løyinga med 5 millionar kroner i tilskot til laksetrapp i Fustavassdraget i Vefsn i Nordland.

Men det er ikkje alle som får ekstra pengar i forslaget, andre kan få redusert sitt budsjett.

I april 2021 vart ein sjøkabel utanfor Vesterålen kutta. Kabelen gav verdifull informasjon og bilete frå havet. Kabelen kan også fange opp ubåtar og marineskip.

Les også Russiske trålere krysset begge kablene før forbindelsen forsvant

AIS-sporing av russiske fiskefartøy

Arbeidet med å reparere denne kabelen vart sett i gang i 2022, og Havforskningsinstituttet har arbeidd med å finne ei teknisk løysing som er meir robust og enklare å halde ved like enn opphavlege planar.

Det gjer at prosjektet er blitt forskove, noko som gjer at Lofoten-Vesterålen Havobservatorium får redusert løyvinga med 3,5 millionar kroner.

Sørfold er ikkje nemnt

Norges Lastebileier-forbund Nordland arrangerer i dag ei markering for meir pengar til opprusting av E6 Sørfold.

Samtidig blir ikkje nemnt Sørfold med eitt ord i det reviderte nasjonalbudsjettet. Den ulykkesutsette strekninga vart heller ikkje prioritert i statsbudsjettet i fjor.

Målet med aksjonen er å få oppstartsmidlar omgåande til E6 Megården – Mørsvikbotn, og at arbeidet startar i 2024.

I fjor varsla regjeringa mindre pengar til samferdsel på grunn av krigen i Ukraina. Fleire såkalla gryteklare vegprosjekt over heile landet vart dermed ikkje prioriterte i statsbudsjettet.

Konvoi på Fauske, Norges Lastebileierforbund

Noregs Lastebileier-forbund Nordland arrangerer i dag ei markering for meir pengar til opprusting av E6 Sørfold.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Eit av desse var E6 i Sørfold kommune, som er einaste vegsamband mellom Fauske og Narvik.

Konvoien, som består av rundt 150 vogntog og lastebilar, starta klokka 11 på Fauske og blir avslutta med appellar, opplyser Lastebileierforbundet.

Fleire teknikarar til F-35

Det blir foreslått å bruke 60 millionar kroner for å sikre nok teknikarar til F-35-kampflya i revidert nasjonalbudsjett.

Planen er å leige inn teknisk personell frå produsenten Lockheed Martin ut 2023 og teknikarar frå Kongsberg Aviation Maintenance Services til og med august 2023, skriv Forsvarsdepartementet i ei pressemelding.

Norsk F-35 på vei til Island

Det blir foreslått å bruke 60 millionar kroner for å sikre nok teknikarar til F-35-kampflya.

Foto: Ole Andreas Vekve / Forsvaret

Deretter skal ein bruke 18,3 millionar kroner for å styrkje bemanninga i Forsvarets logistikkorganisasjon på Ørlandet, der F-35-flya er stasjonerte. 15 millionar kroner går også til etableringa av ei nasjonal flyfaglinje på Fosen vidaregåande skule.

– I dagens tryggingssituasjon er kampflya våre avgjerande for tryggleiken vår. Vi kan ikkje setje oss i ein situasjon der flya blir ståande på bakken på grunn av manglande teknisk personell. Det er nødvendig å setje i verk tiltak på både kort og lang sikt, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Tysdag var Gram og fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) til stades på Andøya. I bagasjen hadde dei med seg 167 millionar kroner frå revidert nasjonalbudsjett og ein plan for kor store areal forsvaret skal frigi til ny næringsutvikling.

Les også Forsvarsministeren: – Legger til rette for Nato-investeringer i hundremillionersklassen

Andenes