Hopp til innhold

Oljefloka splittar Arbeidarpartiet

Ein månad før Arbeidarpartiet sitt landsmøte, splittar deira eige oljekompromiss om Lofoten og Vesterålen partiet i to.

Ap-røystesetel på årsmøte

UTFORDRA: Partileiinga i Sogn og Fjordane var heilt sikre på å seie ja til konsekvensutgreiing. Etter fleire avrøystingar måtte dei innsjå at slik blei det ikkje. Denne saka delar Arbeidarpartiet i heile landet på midten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er ikkje overraskande at ei sak som dette skapar usemje, seier Magnus Takvam, politisk reporter hjå NRK.

20. april byrjar Arbeidarpartiet sitt landsmøte. Då kjem saka om konsekvensutgreiing av oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja til å vere eit heitt tema. Eit som allereie i dag delar partiet.

Nordland 6

KOMPROMISSET: I februar la Arbeidarpartiet fram sitt kompromiss: konsekvensutgreie Nordland VI, men late dei andre områda liggje neste stortingsperiode.

Foto: NRK

«Arbeidarpartiet opnar for å konsekvensutgreie petroleumsaktivitet i Nordland 6», heiter det i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre sitt forslag til nytt partiprogram. Dette er slett ikkje heile grasrota i partiet einig i.

Denne helga såg me eit døme på kor fort vinden kan snu: industripartiet Sogn og Fjordane Ap stemte nei til konsekvensutgreiinga. Dette skjedde trass i at fylkesleiar Hilmar Høl var klokkeklår i si oppmoding om å stemme for, samt tre-fire nye avrøystingar, sidan resultatet var so uventa.

Halvveges i AP sine fylkesårsmøter

JAMN FORDELING: Slik ser det mellombels ut, før siste halvdel av fylkesårsmøta.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Jamn fordeling

Etter halvparten av fylkesårsmøta er unnagjort, er det jamt mellom ja- og neisida i Arbeidarpartiet.

Laster innhold, vennligst vent..

Hedmark, Oppland, Nordland, Rogaland og Vestfold har stemt ja til kompromisset med utgreiing av Nordland VI. Samstundes har fylkeslaga i Buskerud, Akershus og Sogn og Fjordane stemt nei. Oslo har ikkje fylkesårsmøte, men har eit tidlegare vedtak om å ikkje greie ut områda. Etter det NRK erfarer kjem dette ikkje til å endre seg.

Magnus Takvam

IKKJE OVERRASKA: Politisk reporter Magnus Takvam tykkjer det er venta at konsekvensuttgreiingsdebatten delar Arbeidarpartiet, i og med at dei ynskjer å imøtekoma veljarar frå båe sider av saka.

Foto: NRK

– Det er opplagd at miljøsida i Arbeidarpartiet og AUF har vore, sett frå deira ståstad, flinke i denne prosessen, seier Takvam.

Han meiner noko av grunnen til at Arbeidarpartiet er usikre, kan vere AUF og miljøkjemparane i partiet sitt arbeid.

Delegatane er frie

Men same kva fylkeslaga vedtek, står alle delegatar frie til å gjere eigne val. Oslo, til dømes, har om lag 40 delegatar. Deira vedtak om å sei nei til konsekvensutgreiing, blei fatta før det nye kompromisset kom på bordet. Difor kan det hende fleire vel å stemme for dette.

Magnus Takvam har ikkje tru på at den skarpe fronten miljøforkjemparane i partiet nyttar, kjem til å føre til ei endring av partipolitikken.

– Mitt inntrykk er at miljøsida i Arbeidarpartiet vil sjå det som ein stor siger å få eit stort mindretal på landsmøtet. Dette vil syne at også Arbeidarpartiet har miljøforkjemparar i partiet, seier reporteren.

– Eg trur det forslaget programkomiteen legg fram, kompromisset, kjem til å få fleirtal, seier Takvam.

Og kva Arbeidarpartiet kjem til å gå til val på, får me vit på etter landsmøtet 23. april.

Jonas Gahr Støre tar hånden til AUF-leder Mani Hussaini

PÅ KVAR SINE BARRIKADAR: På Arbeidarpartiet sitt landsmøte i slutten av april, vil AP-leiar Jonas Gahr Støre og AUF-leiar Mani Hussaini stå mot kvarandre om kompromisset.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix