Hopp til innhold

AUF-aksjon for vern av Lofoten

FØRDE (NRK): Medan resten av partiet svinga seg på årsmøtefest, sette AUF inn eit siste støyt for å verne Lofoten mot oljeboring.

AUF-ar heng opp plakat

NATTAKSJON FOR LOFOTEN: Midt på natta var AUF i gong med å henge opp plakatar som skulle overtyde årsmøtedelegatane morgonen etterpå.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

«Stem nei til konsekvensutgreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja komande stortingsperiode!!»

Henrik Thorsnes Lefdal

MILJØFORKJEMPAR: Fylkesleiar Henrik Thorsnes Lefdal i AUF Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Overskrifta lyser på toppen av eit A4-ark med ei rekkje argument for at dei utsette havområda ikkje skal opnast for oljeboring.

Tallause slik ark hang på alle synlege flater på vegen inn til årsmøtesalen i toppetasjen på Sunnfjord hotell.

Det var ungdomspartiet AUF sitt siste framstøyt for å prøve å overtale årsmøtedelegatane moderpartiet Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

For medan resten av partiet svinga seg på årsmøtefesten i etasjen under, var eit titals unge AUF-arar i aksjon med å henge opp plakatane rundt midnatt laurdag.

Lofoten-plakat på Ap-årsmøte

PLAKAT-PREG: Ved alle inngangane til årsmøtesalen hang plakatane frå AUF.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– I natt hadde vi ein aksjon for å prøve å snu årsmøtet til å stemme nei til konsekvensutgreiing, fortel fylkesleiar Henrik Thorsnes Lefdal i AUF.

– Eg trur at våre meiningar vil liggje i bakhovudet til delegatane, seier han håpefullt.

Redaksjonsnemnda i fylkeslaget forkasta deira framlegg, og la i staden fram ein resolusjon som støttar kompromisset som partiet sentralt har kome fram til.

Fylkesårsmøtet skal stemme over resultatet i ettermiddag.

Hilmar Høl kikkar på plakt

PROPAGANDA: Fylkesleiar Hilmar Høl kallar plakatane frå AUF propaganda.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Propaganda

Fylkesleiar og andrekandidat til Stortinget, Hilmar Høl, har merka seg plakataksjonen.

– Dette er bra propaganda frå AUF. Det er ting dei bryr seg om. Men eg føler vi at vi møter AUF i eit kompromiss.

– Dette er ikkje noko tap for miljøsida i partiet. Vi har vore for konsekvensutgreiing tidlegare. Men no seier vi at vi fredar Nordland 7 og Troms 2. Eg føler at vi kjem miljøsida i møte ved å seie at vi berre konsekvensutgreiar Nordland 6.

Førde Arbeidarparti var eitt av lokallaga som støtta AUF på fylkesårsmøtet. Lokallagsleiar Reidar Fugle Nordhaug (nyleg avgått AUF-fylkesleiar) sa under debatten:

– Eg melde meg inn i partiet trass i vår miljøpolitikk. No må vi ta vare på dei nærmast gudgjevne gåvene som er Lofoten, Vesterålen og Senja.

Plakat-aksjon frå AUF
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK