Hopp til innhold

Nordmenn flyktar frå uvêr til sydentemperatur: – Selt ut 97 prosent i ferien

Fleire reiselivsselskap melder om auka etterspurnad etter reiser til varmare land. Eit reiseselskap har seld ut 97 prosent av reisene sine i ferien.

Strand, klipper, parasoller og hav

– Det er openbert at vêrforholda har ein direkte innverknad på bestillingstala, seier landssjef i Ving, Marie-Anne Zachrisson.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Eg gleder meg til å gå ut å kunne trille tur med Ingrid utan å måtte pakke ho inn i mykje ullklede og meg i boblejakke.

Det seier Kamilla Rafaelsen. I desember bestilte ho og sambuaren reise til Alicante i Spania.

Då var det mørkt og kaldt i Kabelvåg i Lofoten, og familien på tre trengde sol og varme.

Det smakar også ekstra godt etter dei tre stormane i Nordland sist veke.

– Vi gleder oss veldig til høgare temperaturar og mindre påkledning.

Kamilla holder hennes ti måneder gamle datter Ingrid. Begge er ikledd rosa jakker og står ute.

Dette blir den første utanlandsturen til sju månadar gamle Ingrid, seier mamma Kamilla Rafaelsen.

Foto: Privat

Dei er ikkje aleine om å bestille reiser til varmare strøk om vinteren.

Ifølge fleire reiselivsselskap er det no mange nordmenn som vil reise til varmare strøk.

Opptil 30 prosent fleire har bestilt sydenferie i vinter, samanlikna med tal frå i fjor.

– No orkar vi ikkje meir kulde, og då tar vi gjerne den kortaste vegen til sola som på vinteren er Gran Canaria, seier kommunikasjonssjef i Tui, Anne-Mørk Løwengreen.

Les også Fjøset ble til pinneved: – Vi kan ikke være på godfot jeg og vår herre

Knust fjøs

– Vêrforholda har direkte innverknad

Vêret slår også inn på bestillingstala til Ving og Apollo.

– Det er openbert at vêrforholda har ein direkte innverknad på bestillingstala, seier landssjef i Ving, Marie-Anne Zachrisson i ei pressemelding.

Ifølge ho har dei ein auke i talet på nordmenn som har bestilt ei reise i vinterferien dei siste vekene.

Gutt som snorkler på stranda

Opptil 30 prosent fleire har bestilt tur i vinterferien, samanlikna med tal frå i fjor.

Foto: Petter Strøm / NRK

I den nest siste veka i januar opplevde Ving ei auke på 33 prosent i vinterbestillingar, samanlikna med same veke i fjor.

– Totalt ligg salet av vinterreiser generelt no 30 prosent over fjoråret, seier kommunikasjonssjef i Apollo, Beatriz Rivera.

Finn reise har også ei auke på pakkereiser i vinterferien. Ifølge kommersiell direktør Terje Berge så har dei ei auke på 24,2 prosent frå i fjor.

Les også Henrik (24) er en av 4000 uten strøm i øykommunen – frykter mobilnettet kan ryke

En mann sitter i en sofa med en hund på fanget. I bakgrunnen brenner stearinlys.

Hos flyselskapet Norwegian er det også stor pågang, seier Eline Hyggen Skari som er senior kommunikasjonsrådgivar.

– Vi opplever at det er overraskande høg reiselyst, til landa rundt Middelhavet spesielt.

Norwegian gir ikkje ut konkrete tal rundt sala på grunn av konkurransemessige årsaker, seier Skari.

Eline Hyggen Skari, Senior kommunikasjonsrådgiver i Norwegian.

Eline Hyggen Skari i Norwegian.

Foto: Thomas Brun NTB / Kommunikasjon

Utselde charterreiser

I vinterferievekene er 97 prosent av alle charterreisene til Ving utselt, skriv dei i pressemeldinga. Ifølge Apollo og Tui har dei også så godt som selt ut sine pakkereiser i ferien.

Selskapa opplever særleg stor interesse for avgangane til Kanariøyane i vinterferievekene.

Les også Louise (23) kan ikke kjøpe ung-billett hos SAS når hun reiser med spedbarn

Louise Eriksen og sønnen.Til sak om dyre flybilletter

– Det er ikkje tvil om at reiselysta er på topp blant nordmenn som rømmer landet for å oppleve sol og varme på Kanariøyane i vinterferien, seier Løwengreen i Tui.

Ho seier at vinteren har vore over snittet kald for mange, noko som har ein direkte effekt på reiselysta.

– Det er heilt klart sol og bad som er det største trekkplasteret i vinterferien.

Påska utmerker seg

Hos reiseselskapet Apollo er det påska som utmerker seg ekstra.

– For påskeferien ligg no salet 40 prosent mot same tid i fjor. Det er med andre ord ingen tvil om at den kalde starten på året verkeleg har sett i gang nordmennene si reiselyst, seier kommunikasjonssjefen.

Ifølge ho er grunnen ein blanding av dei raude dagane som kjem midt i veka, men også vêret og at reisene i vinterferien vart utselt så fort.

– Men eg trur også ein grunn kan vere at mange valde å feriere i Noreg i fjor, seier Rivera.

Lanzarote i Spania

Apollo, Tui og Ving har neste selt ut alle sine pakkereiser i vinterferien.

Foto: Lise Åserud / NTB

Virke: Folk skal bruke meir pengar

Bransjeorganisasjonen Virke har gjennomført ei landsomfattande undersøking som ser på nordmenn sine ferieplanar i år.

Tala, som vart klare i januar, viser at nordmenn prioriterer ferie, sjølv om alt i samfunnet har blitt dyrare.

– I år planlegg nordmenn å bruke 45.900 kroner på ferie. Det er ein auke på nesten 10.000 kroner i forhold til i fjor som hadde eit rekordlågt planlagt forbruk på 36.250 kroner, seier bransjedirektør reiseliv i Virke, Audun Pettersen.

I undersøkinga kjem det fram at nesten fire av ti nordmenn seier at planane kan bli påverka av prisnivået og valutasituasjonen.

Portrett av Audun Pettersen, bransjedirektør for Virke reiseliv.

Bransjedirektør reiseliv i Virke, Audun Pettersen seier nordmenn prioriterer ferie sjølv om alt i samfunnet har blitt dyrare.

Foto: Virke

– Trass i dette meiner nesten halvparten av oss at det er viktig å prioritere ferie, sjølv om det er dyrare enn tidlegare. Ferie er viktig for oss og det er kanskje noko av det siste du kuttar når disponibel inntekt i hushaldningane blir mindre, seier Pettersen.