Hopp til innhold

Gard får aldri hatt ein heil videosamtale heime: – Eit digitalt klasseskilje

Regjeringa kjem med 400 millionar kroner i breibandstøtte. Ein drope i havet, meiner NHO.

Gard Lehne Borch Michalsen

KREVJANDE: Venstrepolitikar og dagleg leiar i Heia Nord-Norge, Gard Michalsen er overraska over kor dårleg kvalitet og stabilitet internettet heime på Bjørnskinn er.

Foto: Trygve Grønning / NRK

Nordland er det fylket i Noreg der flest manglar tilgang til høgfarts breiband.

Kommunar som Grane, Bindal og Gildeskål har størst utfordringar.

Men i bygda Bjørnskinn på Andøya slit dei også med dette, ifølge Gard Michalsen.

– På dårlege dagar så kan internettet plutseleg forsvinne og dette ut fleire gonger om dagen. Eg kan oppleve å dette ut av videomøte ofte, og når du har ein jobb der du sit i digitale møter i 4–5 timar om dagen, så er det ganske krevjande, seier han.

Venstrepolitikaren og den daglege leiaren i «Heia Nord-Norge» flytta heim hausten 2022. Kollegaene hans sit spreidd rundt om i landsdelen, så han treng eit stabilt internett.

– Det er nesten ingen dagar der eit videomøte ikkje byrjar å skurre eller der eg ikkje fell ut og må gå inn att på nytt, seier han og legg til:

– Då eg flytta heim og tok med meg denne jobben for eit par år sidan, hadde eg trudd at vi hadde kome lengre.

Bjørnskinn på Andøya

Ifølge Gard Michalsen er bygda hans Bjørnskinn finare enn internettdekninga.

Foto: Privat

Han bestilte då trådlaus breiband over mobilnettet, for å få best mogleg utgangspunkt då fiberkabelen ligg langt frå bygda.

– Eg er overraska over kor dårleg kvalitet og stabilitet det er på nettet. Stabilitet er stikkordet, fordi det er bra kvalitet når det fungerer, men stabiliteten er rett og slett for dårleg, seier Michalsen.

Han merkar stor forskjell frå da han budde i Oslo.

– På ein måte er det eit digitalt klasseskilje mellom byar og bygd i Noreg.

Les også Ble gruset av Equinor i klimatest – gikk fra stryk til toppkarakter

Natur og Ungdom krever opprydding i fjordene rundt Ålesund.

400 millionar kroner til breiband

Nordland er utvilsamt eit krevjande fylke å bygge ut breiband i. Det er lange avstandar, mange øyar og mykje fjell, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).

Ho seier at regjeringa har som mål at alle husstandar i heile landet skal ha tilgang til raskt breiband. No kjem ho med 400 millionar kroner til utbygging av breiband i heile landet.

Bredbånd

Trøndelag og Innlandet fylkeskommune får også store delar av støtta til breibandsutbygging.

Foto: Scanpix

Tilgang til raskt internett er viktig når vi skal ha kontakt med det offentlege. Enten når vi skal jobbe eller når vi skal nyte fritida vår. Breiband bind landet saman, og er avgjerande for busetting og arbeidsplassar. Denne tildelinga er eit svært viktig bidrag, seier Tung.

Nordland får 60 millionar av potten.

Det er ein stor auke frå 2023. Nordland er med dette fylket som får den største andelen av den totale potten på 400 millionar kroner, seier Tung.

Pengene som kjem nå vil bidra til at mellom 5000 og 10.000 nye husstandar får tilbod om høgfartsbreiband i heile landet.

Les også Magnus og Jørgen ryddar digitalt søppel: – Vi er internettets vaktmeistrar

Magnus Svendsen, utviklar for Oslo Analytic, sit med blå t-skjorte og svart caps bak to datamaskinar.

Slik blir pengane fordelte

Det er ikkje berre Nordland som får breibandstøtte.

Trøndelag og Innlandet får også store delar av potten. Mens Agder og Vestfold og Telemark får stor prosentvis auke i støtte. Auken i desse fylka er på mellom 20 og 40 prosent samanlikna med 2023, skriv departementet i ei pressemelding.

Fordelinga av midlane mellom fylka er blant anna basert på dekningssituasjonen i kvart enkelt fylke.

For få realisert lokale prosjekt raskare, har vi også fjerna kravet til kommunal medfinansiering når breiband skal byggast ut med statleg støtte. Samtidig er det viktig at dei kommunane og fylkeskommunane som har moglegheit, bidrar i spleiselaget, seier Tung.

Les også Kommune publiserte sensitive helseopplysninger om barn

Meløy rådhus

Vi treng mykje meir

Regiondirektør i NHO Nordland, Hans Christian Kaurin Hansson seier at Nordland treng mykje meir pengar for å få bygd ut breibandet nok.

– Vi tek i mot denne nyheita med applaus, men det er på langt nær nok. Nordland er på jumboplass når det kjem til breibanddekning. Vi er faktisk aller dårlegast i klassen. Desse midlane kjem godt med, men vi treng mykje meir.

Hans Christian Hansson leder i NHO Nordland.

Regiondirektør i NHO Nordland, Hans Christian Kaurin Hansson seier at pengane frå regjeringa er ein drope i havet.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Ifølge regiondirektøren har fylket i dag ei breibanddekning på rundt 88 prosent. Om Nordland skal få full dekning trengst det 1,7 milliardar kroner.

– Sånn sett så er ikkje dette meir enn ein drope i havet, men det er ein start, seier Hansson.

Han seier vidare at det å ha godt, raskt og stabilt internett er ein grunnleggande del av kvardagen.

– Dette dreia seg om at ein skal kunne bu og arbeide over alt i det langstrekte landet vårt. Men med den utbyggingstaka vi har på breiband i dag, så vil det ta 30 år før vi har full utbygging i Nordland. Så om vi skal legge til rette for at folk skal kunne bu og arbeide i heile Nordland så må vi få opp farta, seier Hansson.

Les også 90 prosent av kommunen var uten dekning – nå er feilen rettet

Sture Pedersen (H)