Hopp til innhold

Student ved universitetet til Kjerkol: – Ho bør gå av

Studentane ved Nord universitet meiner nyheitene om statsrådane sine masteroppgåver er både bekymrande og skammeleg.

Journalistikkstudent Linn Merethe Ophaug med langt blont hår og pannelugg, ikledd mørke klær.

– Hadde det vore ein av oss studentar, så hadde me vorte utestengde, seier journaliststudent ved Nord universitet, Linn Merethe Ophaug.

Foto: Ola Helness / NRK

– Eg synest det er skammeleg. Eg synest det er heilt rått at det har vorte funne ut av.

Det seier journaliststudenten på Nord universitet Linn Merethe Ophaug om dei mykje omtalte masteroppgåvene.

Laurdag kom nyheita om at fleire setningar i helseminister Ingvild Kjerkols masteroppgåve er identiske med ei anna masteroppgåve, utan at ho er sitert.

Saka kom etter at Sandra Borch trekte seg som statsråd etter fleire tilfelle av tekstlikheit i masteroppgåva hennar.

– Eg synest det er stor forskjell på Borch som går av med ein gong og Kjerkol som kjem med unnskyldningar og fornektar at ho har gjort noko galt. Det synest eg er flautt, seier andreårsstudenten.

Men det var fleire tekstlikskapar i Sandra Borchs oppgåve, enn i Kjerkols. Er det ikkje noko forskjell det?

– Jo, det er jo forskjell i mengd, men det er framleis fusk. Om det hadde vore ein av oss studentane så hadde vi vorte tekne for fusk.

Les også Kjerkol kopierte teksten hans: – Urimelig at statsministeren skyver Nord universitet foran seg

Asbjørn Røiseland, professor i statsvitenskap ved OsloMet.

– Bør gå av

Sidan laurdag har Dagens Næringsliv, VG og NRK funne endå fleire tekstlikskapar.

– Eg meiner ho bør gå av, seier Ophaug og legg til:

– Hadde det vore ein av oss studentar, så hadde vi vorte utestengde. Då synest eg det same skal gjelde for ein statsråd.

Professor ved det juridiske fakultetet i Oslo forklarer i denne videoen kva plagiat er.

Kjerkol sjølv vil ikkje seie noko meir om saka. Det opplyste ho til NRK via Helse- og omsorgsdepartementet måndag kveld.

– Eg kjem ikkje til å kommentera oppgåva noko meir no, men viser til Nord universitet som skal sjå på saka på vanleg måte i tråd med gjeldande rutinar for dette. Eg vil bli involvert i prosessen i tråd med rutinane deira.

Blir lært kjeldetilvising tidleg

Lasse Kristensen tek doktorgrad i sosiologi ved Nord universitet, og han synest det som kom fram i helga er bekymrande.

Han seier ein ganske tidleg lærer om kjeldetilvising.

– Det er vi opplærte i frå både ungdomsskule, vidaregåande og frå vi byrjar på universitetet.

Men alle kan vell gjere feil?

Phd-student Lasse Kristensen.

Lasse Kristensen tek doktorgrad i sosiologi ved Nord universitet, og han synest det som kom fram i helga er bekymrande.

Foto: OLA HELNESS / NRK

– Ja, alle kan gjere feil. Men i den posisjonen som dei sit i så har dei kanskje litt andre føresetnader for å ikkje gjere dei feila som ein førsteårsstudent gjer.

Etter nyheitene om tekstlikskapane til Kjerkol, seier Kristensen at han sjølv er redd for å bli teken for feil kjeldetilvising.

– Ja, ein gjer jo det.

Les også Nord universitet om Kjerkol: Saksbehandlingen blir unntatt offentlighet

Ingvild Kjerkol

Kristensen seier at han ikkje veit om han har tillit til universitetet.

– Vi som studentar trudde jo kanskje at kontrollen var litt meir vasstett enn det synest ut til at han er.

Ingvild Kjerkols masteroppgåve vil bli grundig gjennomgått. Måndag ettermiddag sa prorektor ved Nord universitet Levi Gårseth-Nesbakk at dei behandlar saka om Kjerkols masteroppgåve som alle andre saker.