Hopp til innhold

Turistkommunen er Noregs fattigaste: – Får ikkje inntekt av naturen

Moskenes er ein av dei mest populære turistkommunane i Nord-Noreg. Likevel er han lutfattig. Kvifor er det slik?

Reinebringen i Moskenes kommune. Et stort og bratt fjell over en liten bebyggelse med hus, er ikledd hvit snø. Og i forgrunnen står turister på rekke og rad med kameraer.

Sjølv på vinteren kjem turistane til Moskenes for å fotografere fjellene, blant anna det ikoniske fjellet Olstinden. - Men det er natur, og ikkje noko ein tener penger på, seier reiselivssjefen.

Foto: VILDE BRATLAND ERIKSTAD / NRK

Turistane strøymar til idylliske Moskenes i Lofoten året rundt.

Det er ikkje så rart. Kommunen har vakre fiskevær, krittkvite strender og øygruppas mest populære fjell, Reinebringen.

Men bak den vakre fasaden er det kaos.

Vesle Moskenes med under 1000 innbyggarar slit veldig med økonomien.

Dei har vore på ROBEK-lista i 12 år, og prognosen for 2023 viser at dei har eit akkumulert meirforbruk på rundt 140 millioner kroner.

Og no vil dei slå seg «konkurs» om dei ikkje får hjelp.

Er det ikkje eit paradoks at kommunen er så fattig når den er så populær for turistane?

– Jo, det er på mange måtar det, seier Moskenes-ordfører Hanna Sverdrup.

Reiselivssjef Lofoten: - Tener ikkje nok på turistar

Reiselivssjef i Lofoten, Line Renate Samuelsen, seier turismen er viktig for lofoten.

– Ikkje minst for å halde ope tilbodet av restaurantar, kafear, aktivitetar og andre kulturtilbod.

Reiselivssjef i Destination Lofoten, Line Renate Samuelsen.

Reiselivssjef i Lofoten Line Renate Samuelsen seier dei vanlegvis har ein turisttopp på sommaren, men no ser dei også ei tydeleg auke om vinteren. – I år har vi sett ein stor auke i forhold til tidlegare år.

Foto: John Inge Johansen

Men sjølv om arbeidsplassane gir skatteinntekter til kommunen, er ikkje det nok for Moskenes.

Næringslivet betaler óg selskapsskatt. Men det hjelper ikkje i det heile den fattige kommunen.

Det er nemleg ein statleg skatt. Og det kjem ikkje tilbake til kommunane.

Uansett om alle turistane i Lofoten er innom Moskenes, tener ikkje kommunen meir pengar på det, seier reiselivssjefen.

Les også Ikonisk lofotkommune er fullstendig skakkjørt: – Vi er konkurs. Bankerott

Hanna Sverdrup

Ønsker seg turistskatt

Kommunane i Noreg får stønad frå staten basert på talet på innbyggarar. Kommunekassa i Moskenes er dimensjonert for 1000 lofotingar. Ikkje 1 million turistar.

– Det er jo ei utfordring. Turistane fører med seg ei utgift som ikkje kommunane kan ta høgde for å dekkje økonomisk, seier Samuelsen.

Fleire som arbeider med turistar i Moskenes bur nemleg heller ikkje der. Då kjem ikkje pengane tilbake dit. Det er óg sessongarbeidarar som skatter i heimkommunen.

Tunnel Reinebringen, Moskenes, Reine

Turistkommunen Moskenes får ekstra kostnadar knytt til at det skal vere eit attraktivt reisemål. Dei må sjølv legge til rette for infrastruktur tilpassa både somar- og vinterturisme.

Foto: Dina Storvik / NRK

Også rundt om i verda finst det naturområde som er svært populære. Men der er det ein heilt annan regulering.

I Noreg gjeld allemannsretten. Det vil seie at alle kan ferdast fritt i naturen.

- I Noreg er systemet lagt opp slik at du kan kome til Lofoten utan å bruke ein krone, og framleis ha ein fantastisk oppleving, seier Samuelsen.

Les også Nå kan det bli svindyrt å gifte seg på et av Norges mest berømte fjell

Reine i Lofoten

– Situasjonen er prekær

No er ikkje kommunen lenger i stand til å utføre lovpålagt oppgåver. Dei har forsøkt å slå seg saman med både Bodø, Vestvågøy og Vågan, men alle har sagt nei.

Kvifor?

Moskenes har nesten 100 millionar i gjeld. Det gjer at mange innbyggarar jobbar dobbelt for å få det til å gå rundt.

- Alle druknar i jobb og har gjort det i lang tid. Situasjonen er prekær, seier ordførar i Moskenes, Hanna Sverdrup.

Hanna Sverdrup

Ordførar i Moskenes kommune, Hanna Sverdrup fortel at Moskenes har skatteinntekter på parkeringsavgift som dei kan tene ganske mykje penger på.Samstundes bruker vi mykje på reiselivstiltak. Difor er det ikkje nok.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Dei treng kompetansen i kommunaldepartementet for å finne løyingar både på kort og lang sikt, ifølge ho.

– Vi får ikkje inntektar av dei eventyrlege omgivnadane våre. Vi kan ikkje kapitalisere på det, seier ordførar Sverdrup.

Løysinga trur dei er turistskatt.

Kommunehuset i Moskenes er et grått lavt bygg under store mektige fjell.

Moskenes er ein av dei mest reselivsavhengige kommunane både i Nordland og Noreg. Difor må dei óg oppretthalde omdøme. Det er vanskeleg når økonomien er så dårleg, ifølge reiselivssjefen.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Lofotrådet har saman med Destination Lofoten jobba i mange år med å innføre besøksbidrag, og at vi skal få inntekter på dei som kjem hit, seier ho.

Det skal brukast til reinhald, søppelhandtering, og tilrettelegging av stiar.

Næringsministaren: Vil at turistane skal bidra

I fjor sa regjeringa at dei ønska å la Lofoten vere ein prøvekanin for turistskatt.

Og i februar blei planane litt meir verkelegheit.

Då la regjeringa fram eit «vegkart» for reiselivsnæringa, ei slags løypemelding for regjeringens arbeid med reiselivspolitikken.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) lanserte Noregs første vegkart for reiselivsnæringa.

– Eg veit det er stort engasjement om dette og vi skal ha god dialog med næringa om korleis forslaget kan formast ut best mogleg, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Om turistane bidrar litt ekstra til spleiselaget, kan populære reisemål legge mykje betre til rette for både fastbuande, besøkande og næringsliv, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Men sidan ei nasjonal besøksavgift på grensepasseringar etter alt å dømme er i strid med EØS-retten, har regjeringa valt ein annan modell.

Det nye forslaget til regjeringa er i staden eit påslag på overnatting i kombinasjon med turistavgifter på parkering og cruise.

Reine i Moskenes kommune med små røde hus under det store mektige fjellet Reinebringen.

- Hadde vi kunne tatt ein inngangsbillett på Reinebringen, hadde det hjulpe mykje. Men det er eit friluftsområde. Friluftsloven regulerer i kva grad ein kan ta inngangspenger, seier Samuelsen.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Vi er avhengig av besøksbidrag for å kunne gi gode tilbod. For om vi ikkje kan handtere søppel er det ikkje triveleg å verken kome hit eller bu her, seier ordførar Sverdrup i Lofoten.

Men NHO Reiseliv er ikkje einige. Dei trur ikkje det er rett å forsøke å løyse kommunens pengeproblem med det som står for ein stor del av inntektane til kommunen:

- Heile premissen for besøksbidrag handlar om å avgrense overturisme som er knytt til cruiseilandsstigninger, eller bubilar som skaper parkeringsstrengsel. Dette forslaget treffer ikkje denne gruppa.

Kristin Krohn Devold i Ålesund

- Det regjeringa foreslår er det stikk motsette av alle dei faglege råda som er spelt inn bla gjennom Reisemålsutvalgets oppfordring, seier Kristin Krohn Devold.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Det seier Kristin K. Devold i NHO Reiseliv, seier det ikkje blir rett å legge ei ekstra avgift på overnatting på hotell.

- Dette er berre nok ein skatt frå regjeringa på dei som skaper verdiar og arbeidsplassar, og bidrar ikkje til eit berekraftig reiseliv, seier ho.

Vestre lover at regjeringa skal invitere næringsliv og kommunar til dialog om det vidare arbeidet med lovforslaget. Deretter blir forslaget sendt på høyring.

Les også Turistar trampar ned biltak og skrapar sund leigebilar

Oppskrapet bil i Leknes i Lofoten