Hopp til innhold

Turistar skrapar sund utleigebilar i Lofoten: – Maksimalt irriterande

Turistar i Lofoten skrapar opp leigebilane med is-skrape og trampar ned biltaka for å sjå nordlyset.

Oppskrapet bil i Leknes i Lofoten

SKRAPA SUND: Turistar i Lofoten skrapar bilane heilt opp når dei eigentleg berre skal skrape vekk snøen. Nokre bilutleigarar har problem med at turistane står på taket.

Foto: Dag Hugo Olsen / Hertz

Lofoten er eit paradis for turistar.

Også på vinteren kjem folk i hopetal for å sjå nordlys og vakker natur.

Men det er ikkje alle turistar som er van med korleis dei skal handtere snøen.

Enno færre veit korleis dei skal bruke ei is-skrape. Det kostar bilutleigefirma dyrt.

– Kva vi tenker om det? Nei, det tar seg ikkje ut å trykke i avisa, seier Dag Hugo Olsen i leigebilfirmaet Hertz i Lofoten.

Kursar turistar i snømåking

Olsen fortel at for leigebilfirmaet i Lofoten blir om lag 10 bilar skrapa sund om vinteren.

– Det er ganske dyrt. Om vi må lakkere heile bilen kostar det fort 150.000 kronar, seier han.

Førre helg vekk bilutleigaren inn to bilar som må bli fullstendig lakkert på nytt. Bilutleigaren fortel at det er veldig frustrerande.

Oppskrapet bil i Leknes i Lofoten

Særleg panser og støytfangarane må utleigefirmaet Hertz i Lofoten lakkere hyppig etter at turistar har leigd bilane deira.

Foto: Dag Hugo Olsen / Hertz

Dei kursar nemleg turistane i korleis dei skal skrape bilen, før dei får nøklane.

– Det er maksimalt irriterande. Vi har full undervisning med snøkost og alt. Vi fortel dei at dei berre skal bruke skrape på vindauga, og vi viser dei korleis dei skal gjere det, seier Olsen.

– Vi seier «only windows», men dei klarar likevel å skrape heile bilen fri for snø.

Fjøsdalen tunnel

Leigebilfirmaet Hertz undervisar òg turistane i køyreforhold på vinteren. Er det meldt riktig dårleg vêr har dei god erfaring med å gi turistane køyreforbod mens stormen rasar.

Foto: Tommy Johansen / Privat

Det blir fort dyrt – både for utleigarane og turistane.

– Dei får ein eigendel på 10-12.000 kronar. Resten går på forsikringa, som jo ikkje billigare etter kvart som vi bruker han, seier utleigaren.

Går på biltaket

Litt lenger nord i Lofoten, i Svolvær, har bilutleigar Rentacar andre utfordringar.

– Dei når ikkje opp for å sjå det dei vil, så dei går på taket. Det ser ikkje ut etterpå, fortel Torleif Åsen, ansvarleg for utleigebilane til Rentacar i Lofoten.

– Turistane går på biltaka, seier du?

– Ja, om det er for å fotografere eller få størst mogleg utsikt eller noko anna, gudane veit.

Rambergstranda
Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Dei har til og med måtte skrive det inn i leigekontrakten.

– Det står at leigevilkåra av skadar som blir påført tak fordi ein går på det, ikkje blir dekka av forsikringa, seier Åsen.

Dei opplever òg at turistar skrapar opp bilane deira, men det gjeld mest nye bilar der ruta går i eitt med karraseriet.

Utleigaren fortel at turistane ofte har sperra kortet når dei drar.

– Om vi ikkje klarar å gripe dei før dei drar, er løpet køyrt. Då får vi ikkje tak i dei.

Les også Lofoten blir først ut med bæsjeposer for mennesker

Bunes sett fra veien opp til Helvetestind

– Kva som helst for å få vekk snøen

Også enno lenger nord, i Tromsø, har dei same problem.

– Vi har nett same oppleving når det gjeld folk som ikkje er vande med vinterlege forhold, seier Remi Bergan i Avis i Tromsø.

Remi Bergan

– Dei trur dei kan køyre over alt så lenge dei har piggdekk. Dei forstår ikkje at det ikkje er ein terrengbil.

Foto: Marit Garfjeld / NRK

– Det blir ein del skader når dei bruker kva som helst for å få vekk snøen.

Men i Tromsø har dei ikkje moglegheit til å kurse alle turistane som kjem heller. Det er det for mange turistar til.

Bergan har opplevd at turistane køyrer i skiløypa og i fjellstiløypar.

Oppskrapet bil i Leknes i Lofoten

Avis i Tromsø opplever fleire gongar i vinterhalvåret at biler kjem inn med omfattande skrapeskadar.

Foto: Dag Hugo Olsen / Hertz

– Gjeld problemet berre asiatiske turistar, eller gjeld det turistar generelt?

– Det er kanskje asiatiske turistar som har vore minst borte i slike vinterforhold, men òg andre frå sørlegare strøk.

For negative til asiatar

Dagleg leiar i Destination Lofoten AS, Line Renate Samuelsen, fortel at det er ein auke av asiatiske turistar i Lofoten.

Difor er korleis dei beveger seg rundt i feriedestinasjonen òg eit tema for reiselivet.

– Når vi går mot eit heilårs reiseliv er mobilitet eit tema, særleg for å få fleire over på kollektive løysingar, seier Samuelsen.

Line Samuelsen, reiselivssjef i Lofoten fotografert på kaia i Svolvær. Hun har rødt krøllete hår og en rosa topp på seg. I bakgrunnen sitter en turist på en benk, og fjellet brer seg over landskapet.

Line Samuelsen, reiselivssjef i Lofoten seier at det ikkje generelt er negative haldningar frå lokalbefolkninga ovanfor asiatiske turistar.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

No planlegg Visit Lofoten å lage introduksjonsvideoar til turistane om korleis dei skal bruke bilen på vinteren.

– Ein kan ikkje ta for gitt at alle tenkjer som ein nordmann når ein leiger ein bil.

I tillegg jobbar dei med samarbeidspartnarar og turoperatørar for å forberede gjestane før dei kjem.

Martine Linnea Eidem, stasjonsleiar i Sixt bilutleige for Leknes og Svolvær, er ikkje heilt einig i at det er dei asiatiske turistane som er verstingane på bilskadar.

– For vår del stikk dei seg ikkje ut i forhold til andre. Eg synest folk ser litt for negativt på asiatar, seier Eidem.

Ho opplever at turistane er flinke til å spørje om korleis dei skal køyre på vinterforhold.

Berre ein gong har dei opplevd å få tilbake eit nedtrakka tak.

Martine-Linnea Eidem Nilsen, Stasjonsleder i Sixt for Leknes og Svolvær i Lofoten.

– Det er ikkje meir skadar no, enn på sommaren når vi har meir amerikanarar og europearar, seier Martine Linnea Eidem stasjonsleiar i Sixt bilutleige for Leknes og Svolvær.

Foto: SIXT

Les også Dyttet turist unna steinsprang – ble selv truffet i hodet og alvorlig skadet

Klatrer skadet i Vågakallen i Lofoten.

Les også Lofoten blir først ut med bæsjeposer for mennesker

Bunes sett fra veien opp til Helvetestind