Hopp til innhold

Polske Monika forlèt Nordland på grunn av dårlege flytilbod

Monika Jonska (28) og Przemyslaw Rybczyk (30) er på flyttefot frå Bodø for å komme lettare heim til Polen. Hovudgrunnen er dei dårlege flysambanda til utlandet.

Monika og kjæresten står ved baren på Delikatessen.

– Bodø ønskjer å vekse og utvikle seg, men det verkar ikkje som at dei gjer noko for at det skal bli enklare for folk å komme seg hit, seier Monika Jonska (28), som no er på flyttefot saman med sambuaren Przemyslaw Rybczyk (30).

Foto: Anette Tjemsland / NRK

– Både Tromsø, Trondheim og Oslo har direktefly til Polen, men ikkje Bodø.

Det seier Monika Jonska (28). Ho og sambuaren Przemyslaw Rybczyk (30) har vore i Bodø i snart fem år, men no er dei på flyttefot.

Hovudgrunnen er dei dårlege flysambanda til utlandet, og då spesielt Polen. Å reise heim er både kronglete og dyrt.

– Det er vanskeleg å sjå familie og venner. Eg saknar dei.

– Det er ikkje berre vi som forlèt Bodø på grunn av dette. Nesten alle dei polske vennene mine skal forlate. Det gjorde det også enklare å ta dette valet.

1. mai slutta difor paret i jobbane sine på restauranten Delikatessen, og flytta til Oslo.

Ei slik endring kan få store konsekvensar for Nordland.

Les også 787 flere nordlendinger i første kvartal

Svolvær.

Trur trenden held fram

Det har ikkje alltid vore så vanskeleg å komme seg til Polen frå Bodø.

Berre for eit par år sidan hadde det mykje omtalte flyselskapet Wizz Air direkteruter til mellom anna den polske byen Gdansk.

Då dei trekte seg ut av Bodø i 2021 under korona, vart det dermed vanskelegare for arbeidsinnvandrarar å reise til heimlandet sitt.

Passasjerfly Wizz Air

Berre for eit par år sidan hadde det mykje omtalte flyselskapet Wizz Air direkteruter til mellom anna den polske byen Gdansk.

Foto: Wizz Air

Tal frå SSB viser at polske arbeidsinnvandrarar er blant den største gruppa av innvandrarar frå land utanfor Norden som busette seg i Noreg.

Talet på innvandrarar frå Polen auka mest i fjor. Ved inngangen til 2022 budde det 105.500 polakkar i Noreg.

Ifølge Monika Jonska tenar ikkje Nordland på den utviklinga, på grunn av det dårlege flytilbodet.

– Vi har nokre nye servitørar her, og dei slit med det same. Men på grunn av at dei studerer her så veljar dei å bli førebels. Så fort dei er ferdig trur eg dei kjem dei til å forlate dei òg, seier ho.

Og Nordland slit allereie med å fylle jobbane.

Les også Wizz Air-boikott: – Kommer ikke til å kjøpe flyreise hos dem

wizzair, reisende, Siss-Heidi Martinussen, Marie Indahl, Eivind Øigård, Jorid Lossius.2

Skrik etter arbeidskraft

Ifølgje Nav er Nordland det fylket som slit mest med å få tak i arbeidskraft. Dei opplever at heile 26 prosent av verksemdene i Nordland har ingen eller for få kvalifiserte søkjarar til ledige stillingar.

Nordland skrik etter innbyggjarar og arbeidskraft, og sjølv om det er venta auka sysselsetjing i Nordland dei kommande åra, er Salten det området med minst optimisme.

Direktør i NHO Nordland, Daniel Bjarmann-Simonsen seier arbeidsinnvandring er viktig for å få den arbeidskrafta som Nordland og Nord-Noreg så sårt treng.

– Når arbeidsinnvandringa no har stoppa opp og fleire flyttar tilbake til heimlandet, så blir arbeidskraftbehovet enda mindre dekt enn det har vore.

Han seier dei jobbar for å behalde og skaffe arbeidsinnvandrarar, men at dyrare flybillettar og mellomlanding gjer reisa heim mindre tilgjengeleg.

Daniel Bjarmann-Simonsen

Direktør i NHO Nordland, Daniel Bjarmann-Simonsen seier det ikkje er unikt for Nord-Noreg at vi manglar folk, men det er enda større problem her enn andre stadar i Noreg.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Tilgjengelegheit betyr mykje. Flybillettprisane har gått opp og flytilbodet gått ned etter koronapandemien.

Saman med at det er dyrt og vanskeleg å reise heim, jobbar også polske styresmakter med å få heim att arbeidarane sine med hjelp av skattefordelar, ifølge Bjarmann-Simonsen.

I fjor kom SSB med nasjonale befolkningsframskrivingar som viser ein nedgang i folketalet i Nordland på 2 prosent fram til 2050.

– Den prognosen kan vi klare å endre, om vi klare å tiltrekke oss den arbeidskrafta vi treng, seier han.

Les også Martijn og Chantal fikk tilbud om gratis bolig – valgte Beiarn over Nederland

Nederlandsk familie flyttet til Beiarn da de lokket med ett års gratis bolig.

Direktefly = flyttar tilbake

Men det er flyselskapa sjølv som bestemmer om dei vil starte opp ruter. Det er gjerne basert på etterspørsel frå både passasjerar og frakt, ifølge kommunikasjonssjef Oslo Lufthamn, Harald Nygaard Kvam.

– Enkelt summert opp handlar det om ei rute vil vere lønnsam.

Les også Arbeidsinnvandrere reagerer på koronahets: – Stemples som smittespredere

Polsk-norsk forening i Bodø

Av omsyn til konkurranse brukar ikkje flyselskap som til dømes SAS å gå inn på framtidige planar for enkeltdestinasjonar

– Men rutetilbodet til SAS til og frå Bodø er relativt stabilt slik det er no. For SAS sin del noterer vi oss innspelet, og kan i første omgang sjå over rutetabellen med tanke på mellomlanding og gunstige alternativ, seier pressesjef i SAS, Tonje Sund.

Hadde det vore annleis hadde kjærasteparet frå Polen blitt att i Bodø.

– Eg elskar byen, dei lyse kvelden var eit stort sjokk. Det er så fantastisk. Bu så nær havet og fjellet er fantastisk. Her har vi alt på ein plass.

Og dei håpar det kjem direktefly i framtida.

Viss det kjem direktefly til Bodø er det stor sjanse for at vi flyttar tilbake, seier Jonska.

Monika Jonska sitter ved et bord med hendene i kryss.

– Viss det kjem direktefly til Bodø er det stor sjanse for at dei flyttar tilbake, seier Jonska.

Foto: Anette Tjemsland / NRK