Ladeoperatørar tar like mykje betalt hos ladestasjonane i Nord-Noreg som i Sør-Noreg, trass i enorme prisforskjellar på straum mellom landsdelane.
Det får Mona Fagerås, stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti, til å reagere:
– Eg synest det er heilt hol i hovudet at ladeselskapa ikkje ser at det er så store prisforskjellar som det faktisk er. Det bør selskapa vise omsyn til når folk skal stoppe på ein ladestasjon.
– Vi ønsker at fleire skal velje elbil, også i Nord-Noreg, og då er det slik at ein må ha ei gulrot for å få folk til å byte.
Spotprisen på straum er i dag 504,00 øre per kilowattime i Sør-Noreg. Til samanlikning ligg prisen i Nord-Noreg på 32,16 øre.
– Ekstremt provoserande
Difor meiner politikaren at det må bli etablert fleire ladestasjonar i nord, i staden for at folk skal betale meir enn det straumen faktisk kostar.
– Eg forstår rett og slett ikkje logikken. Det er fjernt frå all fornuft å opptre på denne måten.
– Kvar bør grensa gå? I dei mykje omtalte straumsonene i Noreg?
– Ja, det er heilt naturleg at dei ikkje prisar seg ut i Nord-Noreg på den måten dei har tenkt å gjere no. Det er uhaldbart og umusikalsk. Ekstremt provoserande at dei brukar denne moglegheita til å auke prisane.
– Men det er lommeboka til folk som blir ramma, og med tanke på at det er så mykje dyrare straum i sør så kunne ein tenkt at ladeselskapa burde hatt billegare straum i Sør-Noreg som et tiltak for utjamning?
– Det er mykje ein kan gjere for å avhjelpe straumprisane til folk sørpå, men eg meiner ikkje at det rettferdiggjer at dei tar overpris for straumen i nord slik prisane er.
Fagerås understrekar at ein ikkje alltid kan velje kva ladestasjon det er mogleg å lade på.
Ho rår ladeselskapa til å tenke seg om.
Circle K: – Kostbart å bygge ut stasjonar
Dette er ladeprisane hos nokre av straumselskapa:
NRK har spurt fleire straumselskap følgande spørsmål:
- Har de ulike prisar på lading i nord og i sør?
- Kvifor/kvifor ikkje?
- Viss ja, kva er prisforskjellen?
- Kvar går grensa for nord-pris og sør-pris geografisk?
Ved Circle K har ladarar lik pris på alle stasjonar i Noreg. Tettleiken av ladarar er størst i område der straumprisane er høgast.
– Ei av årsakene til at vi har valt like ladeprisar over heile Noreg er at det kostar mykje å bygge ut ladarar. Kostnadene knytt til investeringane er eit viktig element i prissettinga, seier kommunikasjonssjef ved Circle K, Knut Hilmar Hansen.
Knut Hilmar Hansen, kommunikasjonssjef ved Circle K.
Foto: Johnny Syversen– Vi har forståing for at kundar stiller spørsmål om dette, men mange, forståeleg nok, tenker nok ikkje på kostnadane ved investering og utfordringane med å få nok straum fram til ladarane.
Totalt har selskapet 550 ladarar på sine stasjonar i Noreg per første august i år. Dei fleste er i Sør-Noreg.
– Ladebransjen utviklar seg fort, og vi held fram med å bygge ut ladenettverket vårt.
Recharge: – Forstår at det blir oppfatta som urettferdig
Eit anna selskap som også har same pris i heile Noreg, er Recharge. Dei har valt same prismodell for heile landet for å kunne fortsette å bygge ut ladenettverket i heile Noreg.
Det fortel næringspolitisk leiar Stian Mathisen.
Han forstår at det kan oppfattast som urettferdig at ladeprisane i nord og sør er dei same sjølv om straumprisane er lågast i Nord-Noreg, og forklarar:
– Årsaka er at bruken av våre ladarar i Nord-Noreg isolert sett er for låg til å forsvare våre investeringar i mange tilfelle, og vi opplever at kostnadane i drift i høg grad overstig inntektene.
– Hos oss er det slik at ladarar i område med stor tettleik i befolkning meir eller mindre subsidierer drifta for ladarar i område med lågare tettleik i befolkning.
Eviny: Forskjell på prisane
Straumselskapet Eviny har på si side forskjellig pris på sine ladestasjonar, alt etter kvar i landet ein er.
Hos dei er det billegast i dei to nordlegaste straumregionane.
Jan Kåre Austrheim, kommunikasjonssjef ved Eviny
Foto: Artur do Carmo / NRKDet er nettopp den store forskjellen i straumprisar som gjer at selskapet no har gjort det, opplyser kommunikasjonssjef Jan Kåre Austrheim.
– I resten av landet vil prisane vere uendra, fortel han.
Den delen av kartet med mørkare farge, er områda Eviny tar dyrare straum.
Foto: Illustrasjon EvinyLyse AS: – Vurderer kontinuerleg
Med utgangspunkt i marknaden no, ville også Lyse AS gjort som Eviny dersom dei hadde hatt ladarar i fleire prisområde, fortel kommunikasjonssjef Atle Simonsen.
Stoda er derimot at dei berre har hurtigladarar i Rogaland og Agder, som tilhøyrer same prisområde.
– Vi gjer prisvurderingar kontinuerleg. Pris til kunde blir i stor grad drive av varekostnad på straum, i tillegg må vi ta omsyn til kostnader ved investering og drift.
Fortum: Pris basert på hastigheit
Hos ladetenesta Fortum Charge & Drive blir prisane styrt av hastigheita på sjølve ladinga, og ikkje kvar dei er geografisk.
Det er ladeoperatørar i Fortum sine samarbeidsavtalar som driftar dei fysiske ladestasjonane. Ladeprisane er altså basert på prisnivået som blir sett av ladeoperatørane, opplyser PR-sjef Kristian Myrset.
Fortum tilbyr ei teneste der bilistane kan planlegge, starte, avslutte og betale økta.
– Vi stiller oss positive til ei eventuell innføring av differensiert pris ut frå geografi og ikkje den geografiske plasseringa av ladestolpane.
Mona Fagerås står likevel fast på at alle selskap bør selje til same pris som dei kjøper:
– Nokre straumselskap peiker på at det er dyrt å etablere ein ladestasjon, og at ein derfor tar lik pris over heile Noreg. Har du forståing for det synspunktet?
– Er det dyrare å sette opp ein ladestasjon i Kristiansand kontra Bodø? Kanskje litt, men ikkje mykje. Så eg meiner at når dei sel straum, så må dei gjere det til prisen dei kjøper straumen for.