Hopp til innhold

Fiskebåten var omringa av kvalar: – Grotesk kor mykje sjøpattedyr det er blitt

Fiskar Kristian Sandtorv meiner at vi må avlive meir sjøpattedyr, som for eksempel spekkhoggar, fordi dei øydelegg for andre artar. – Tvert imot, seier forskar.

Kristian Sandtorv, skipper på Havdrøn og styreleiar i Pelagisk Forening filma desse spekkhoggarane ute på fiske.

På årets sildefiske i nord kom Kristian Sandtorv over det han estimerer er rundt 150 spekkhoggarar rundt båten på Røstbanken.

Kristian Sandtorv, skipper på Havdrøn og styreleiar i Pelagisk foreining, har vore yrkesaktiv som fiskar i 35 år og er godt vand med å sjå dyra som lever i havet.

På årets sildefiske i nord kom han over det han estimerer er rundt 150 spekkhoggarar rundt nota på Røstbanken, ytst på kysten av Nordland.

Men Sandtorv gler seg ikkje over synet.

– Videoen illustrerer at det har vore ein eksplosjon av vekst på desse spekkhoggarane. Eg har reist på havet i heile mitt yrkesliv. Det er grotesk kor mykje sjøpattedyr det er blitt, seier Sandtorv.

Det er altfor mange av dei meiner Sandtorv, som foreslår «beskatning», altså avliving, som ein del av løysinga.

Sandtorv fiskar sjølv sild. Ein bestand som kvalen også er interessert i.

– Det er snakk om å «beskatte» det ned på eit leveleg nivå. Eg må poengtere at eg ikkje er noko stor motstandar av at det skal vere kval i havet, seier han.

Sjekk det skuet: Hundrevis av spekkhoggere utenfor Røst.

Den erfarne sildefiskaren Alexander Olsen, styrmann om bord «Skolmen», møtte ei stor mengd spekkhoggarar på yttersida av Røst i 2021.

Meiner vi må avlive fleire kvalar

Like fullt blir Sandtorv bekymra over det han ser og meiner at kvalane er meir aggressive rundt maten enn dei har vore før.

– Åtferda eg ser no har forandra seg kraftig. Og då blir eg bekymra for velferda til dyra for å seie det rett ut. Det har med å gjere at det får lov å vekse opp kolossalt mange av dei.

Sandtorv argumenterer for at sjøpattedyr kan brukast i matindustrien og at ein kan forvalte sjøpattedyr humant.

Kristian Sandtorv

– Så det er jo ikkje noko du skal kaste i bosset etterpå. Produktet vil jo bli brukt. Det er masse gode protein i ein kval, understrekar Sandtorv.

Foto: Pelagisk Forening

Etter han si meining skapar vi ein skeiv balanse i næringskjeda ved å ta ut frå botn, men ikkje på toppen. For fiskarane byr det på fleire problem, som at kvalane kjem i kontakt med og øydelegg fiskereiskap.

– Det er jo ein enorm kostnad for fiskarane, pluss at du brukar jo mykje lenger tid. Du må jo inn og reparere i staden for å fiske.

Havdrøn, fiskebåt, ikkje illustrasjonsfot.

Kristian Sandtorv er skipper på denne båten, Havdrøn.

Foto: Privat

Sjøpattedyr et meir sjømat

I ein rapport frå 2022 kom Havforskingsinstituttet fram til at fiskarar i Nord-Atlanteren fiskar til saman nærare 4,2 millionar tonn fisk og sjømat i året. Til samanlikning et kval og sel 25 millionar tonn sjømat.

I rapporten ville dei finne ut:

Er sjøpattedyr og menneske konkurrentar i matfatet, eller er det nok sjømat til alle?

Kort summert opp fann forskarane ut at:

  • Sjøpattedyra sitt matkonsum er i endring.
  • Sjøpattedyra ser ut til å ete meir og i andre område enn før.

Les også Spekkhoggere angrep nok en båt – forskere tror motivet kan være «hevn»

A whale swims next to a boat in the Strait of Gibraltar

Ifølge forskingssjef Mette Skern-Mauritzen skuldast dette fleire ting på ein gong.

– For det første ser vi at kvalbestandane er i betring, etter å ha vore langt nede på grunn av den historiske kvalfangsten, seier ho til Havforskingsinstituttet.

For det andre er økosystema i nord i hurtig endring.

– Hadde blitt ramaskrik internasjonalt

Audun Rikardsen er professor ved UiT og har forska på kval i mange år. Han stadfestar at talet spekkhoggarar har auka.

Han avviser derimot påstanden om at det er negativt for sildebestanden og andre fiskebestandar. Tvert imot er auka bestand av ulike kvalartar eit positivt teikn, ifølge Rikardsen.

– Det viser at vi forvaltar ressursane betre i havet ved at det blir meir mat til bestandar av blant andre spekkhoggar, knølkval og andre kvalartar som har auka i tal.

Hvalforsker Audun Rikardsen etter en vellykket merking av spekkhogger.

Hvalforsker Audun Rikardsen etter å ha merka ein spekkhoggar.

Foto: Fredrik Broms

Det finst ikkje så mange spekkhoggarar at dei klarar å hauste ned sildebestanden, seier Rikardsen. Faktisk påverkar også spekkhoggaren og andre kvalartar indirekte positivt til sildebestanden og økosystemet i havet, ifølge han.

– Dei er med på å gjødsle havet, altså at all bæsjen som kjem ut er næringsstoff for planteplankton som då er næring for dyreplankton, som igjen er næring for fiskelarvar, inkludert sildelarvar.

CatCam på spekkhogger.

Her har ein spekkhoggar fått på seg eit såkalla CatCam, som del av merking for å forske på åtferda til kvalane.

Foto: Audun Rikardsen / Audun Rikardsen

Han trur aldri det blir aktuelt å begynne å jakte på spekkhoggarar for å for eksempel få meir sild.

– Det blir for enkelt å berre skulle ta ut ein art for å få meir av ein annan, seier Rikardsen.

– Og forvalting tar omsyn til fleire artar, såkalla økosystembasert forvalting. Skulle ein fangste spekkhoggarar berre med intensjon å få meir sild, ville det også bli eit ramaskrik internasjonalt.

Har lært å finne gratis måltid

At det er blitt meir spekkhoggarar rundt fiskebåtane har å gjere med at det er fleire av dei, men også at spekkhoggarane har lært nokre triks.

– Spekkhoggarane tiltrekkast av fiskebåtane fordi dei får på ein måte eit gratis måltid. Dei får servert maten på fat, seier han.

Spekkhoggarane kan høyre fiskebåtane på veldig lang avstand, seier Rikardsen.

– Det har vi vist med merking, at dei lar seg tiltrekke eit titals kilometer unna.

Les også Fanget spekkhoggernes sofistikerte jakt med drone

Mens tre spekkhoggere holder sildestimen i et jerngrep, slår resten av flokken hundrevis av sild i svime med velrettede slag med halen. – Det er imponerende å se hvor koordinerte de er, sier dronefotograf Richard Karoliussen.

Men han vil ikkje seie dei er blitt meir aggressive.

– Dei er kanskje blitt tøffare på nota fordi dei er blitt fleire og meir vande til det. Men at det er blitt meir krangling mellom familiegruppene med spekkhoggarane har eg aldri observert, det er heller tvert imot at dei sosialiserer meir, seier Rikardsen.

Rikardsen understrekar at han har sett døme på at andre artar som knøl- og finnkval i større grad lar seg tiltrekke av fiskebåtar, og at alle desse kvalane rundt fiskebåtane kan skape problem.

Individ kan hamne inne i nota eller vikle seg fast i reiskapen.

– Det er ikkje bra for verken fiskarane eller kvalane, og det er noko vi forskar på for å finne ein metode med bruk av irriterande lyd for å redusere farane ved dette, seier Rikardsen.

Les også Skremmer hvalene bort: – Bedre enn at de kanskje dør

Fiskeridirektoratet skjærer løs en knølhval som er fast i et drivanker fra en sildebåt.