Hopp til innhold

Måken er raudlista – likevel er det lov til å plukke egga

BirdLife Noreg vil ha forbod mot å sanke måkeegg, men Miljødirektoratet seier tradisjonen er for sterk.

Måkeunge. Foto: Roger Brendhagen

SÅRBAR: Måkeungar som dette vert det mindre av. Fugleelskarane meiner det betyr at vi må slutte å plukke egga. Det meiner ikkje Miljødirektoratet.

Foto: Roger Brendhagen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Mange måkebestandar i Noreg er truga.

Gråmåkebestanden i Barentshavet til dømes vurderast som sårbar på raudlista, og redusert med cirka 80 prosent.

Difor er det ikkje lenger lov til å skyte måker.

Men det er likevel lov til å plukke egga. Det meiner fugleelskarane ikkje heng på greip.

Les også Måke skutt med luftgevær – mener media må ta ansvar for å bedre fuglens rykte

Måke

– Bør vere ein sjølvfølge

No er det for alvor vår i Noreg. Og eit av vårteikna er måkeskrika.

Men dei vert det færre av.

Mange bestandar er fallande. Til dømes gråmåka er raudlista og det er antatt at tilbakegangen nasjonalt er på 30–50 prosent.

– Mange nordlendingar ventar no på fiskemåka som kjem nordover. Fleire fortel meg at dei er bekymra for korleis det går med ho, fortel ornitolog Martin Eggen i Lofoten.

Martin Eggen, Naturvernrådgiver i Norsk Ornitologisk Forening

Martin Eggen er Naturvernrådgjevar i BirdLife Noreg. Han er bekymra for at det framleis er lov til å plukke måkeegg.

Foto: PRIVAT

BirdLife Noreg har i mange år jobba for å stanse sankinga av måkeegg. Dei meiner det må vere eit overskot for at ein skal få sanke av ein art.

– Det bør vere ein sjølvfølge at ein ikkje tek egga i hekketida, seier Martin Eggen, som òg er naturvernrådgjevar hos BirdLife Noreg.

Men kvifor vert det mindre måker?

Mykje handlar om at dei ikkje finn nok mat i havet. Då får dei ikkje fram ungar, fortel Eggen:

Måser / måker på fjorden
Når ei måke mistar eitt eller flere egg, og frå før slit med å finne mat, er det veldig energikrevjande å legge nye.
Måkeegg klekkes
Det gjer at hekkesessongen blir utsett og storleiken på egga blir mindre.
Måkeunge. Foto: Roger Brendhagen
Det gjer at færre unger veks opp.
Måseegg på Arna Stasjon
BirdLife Norge meiner det legg press på ein art som allereie er i tilbakegang.

– Men det er lang tradisjon for å sanke måkeegg, skal ein berre rive tradisjonen vekk frå folk?

– Om det skal vere ein legitim aktivitet, som ein òg kan drive i framtida, må vi ta omsyn til korleis bestanden er no, seier Eggen.

Forskrifta som seier kva arter ein skal regulere vert revidert kvart femte eller sjette år.

Sidan 2021 har gråmåka vore raudlista. Difor håpa BirdLife Noreg at Miljødirektoratet skulle ta konsekvensane av det.

Krykkja på Røst har flytta inn på Røst Rorbucamping

FLYTTAR INN I HUSA: Måkefuglen krykkje på Røst i Lofoten har flytta inn på Røst Rorbucamping.

Viktig tradisjon for mange

Men Jo Anders Auran, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet, seier at dei meiner at haustingstradisjonen ikkje påverkar bestanden.

Den langvarige tradisjonen for sanking av egg har stor betydning for folk fleire stader i landet.

Auran Jo Anders

USAMD: Jo Anders Auran, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet, seier dei ikkje meiner sanking av måkeegg verker inn på bestanden.

Foto: Privat

Auran peiker på at det ikkje er noko som tyder på at tilbakegangen hos til dømes gråmåkene kan bli kopla direkte til sanking av egg.

Og han meiner det er berekraftige måtar å sanke egg på:

NRK forklarer

Korleis kan eg plukke måkeegg på ein berekraftig måte?

Korleis kan eg plukke måkeegg på ein berekraftig måte?

Eitt egg frå kvart reir.

For gråmåkesildemåke og svartbak kan det kun sankes ett egg fra hvert reir årlig.

Korleis kan eg plukke måkeegg på ein berekraftig måte?

Ver sikker på at ingen har vore der før

Då må vere heilt sikker på at ingen har vore der før deg tidlegare i sessongen, slik at det berre vert eitt egg som vert tatt frå reiret i ein sessong.

Korleis kan eg plukke måkeegg på ein berekraftig måte?

Nokon egg kan du ikkje plukke

Nokon måkearter er det ikkje lov å plukke egga til. Det gjelder mellom anna fiskemåka. Det har vore forbod mot å plukke egga hennar sidan 2010. Då fjerna Miljødirektoratet denne måka frå lista på grunn av ein mindre bestand.

Korleis kan eg plukke måkeegg på ein berekraftig måte?

Ulike regler for ulike måker om område

Det er ulike regler for kva måker du kan sanke egg frå. Og kvar du kan sanke dei. Gråmåke og svartbak kan du sanke til og med 10. mai i heile landet, i Nordland, Troms og Finnmark kan du sanke til og med 25. mai.

Samla regelverk kan du lese på: https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/jakt-felling-og-fangst/fangst/sanking-av-egg-og-dun/

Korleis kan eg plukke måkeegg på ein berekraftig måte?

Mange stader vert reira plukka tomme

Birdlife Norge fortel at dei får telefonar frå grunneigarar kvar hekkesessong. Grunneigarane fortel at det har vore folk på holmen deira og plukka reira nesten tomme. Birdlife Noreg seier at dette skjer fleire stader i landet.

Men miljødirektoratet er også uroa for tilbakegangen av måkebestandane. Særleg for bestandar som krykkje og hettemåke.

– Vi gjer ein ekstra innsats inn mot å verne disse i hekketida, i tillegg til å skaffe oss betre kunnskap om påverknad.

Forskar: Bestanden kan tåle moderat sanking

Tycho Anker-Nilssen, seniorforskar frå Norsk institutt for naturforsking (NINA), forstår prinsippet om at raudlista arter bør vere i fred.

Men fortel at det førebels ikkje er nokon gode studiar som viser effektane av eggsanking.

 Forsker Tycho Anker-Nilssen

VANSKELEG BALANSE: Tycho Anker-Nilssen, seniorforskar frå Norsk institutt for naturforsking (NINA), seier han har forståing for at det er ein utfordring for styresmaktene å balansere forvaltinga.

Foto: Kari Skeie / NRK

– Ein bør ha belegg for effektane for å bestemme korleis det skal bli regulert. Dersom hausingen er berekraftig er det mindre problematisk, seier han.

Han peiker på at sanketida er meir avgrensa no enn tidlegare. Og trur det nye pålegget om å berre sanke eitt egg frå kvart reir kan vere gunstig.

– I gamle dagar var hausting av måkeegg ein viktig matauk. Då gjorde dei eggsankinga på ein meir forsvarleg måte. Det er i prinsippet det som no står svart på kvitt i reguleringa.

Ikkje forstyrr måken

HEKKAR: Sjøfuglen kan bruke det første egget til å bli kvitt enkelte miljøgifter, slik at det ikkje vert ført vidare til avkommet. Difor meiner Anker-Hansen at det i nokon tilfelle kan vere positivt å hauste det første egget.

Foto: NRK Dyrevenn

Om ein berre sankar det første eller andre egget tidleg nok, vil måken legge eit nytt egg. Nett som høna gjer.

Då har det truleg lite og seie for bestanden.

Likevel seier forskaren at det står att å sjå om pålegget om å berre sanke eit egg blir følgt.

– Eg har vanskeleg for å forstå at det vil gå. Det skaper utfordringar med tanke på oppsyn, sidan det er vanskeleg å etterprøve kor mange egg som blir sanka.

Måseegg på Arna Stasjon

ØL OG MÅSEEGG: Tidlegare har det vore vanleg å ete måseegg til eit glas øl i Nord-Noreg. Ein kunne til og med kjøpe kombinasjonen på flyplassen i Bodø. Det kan ein ikkje lenger.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Anker-Nilssen meiner det kunne vore nyttig med nokre studiar av kva effekt eggsanking faktisk har.

– Men det er som nemnt andre ting enn eggsanking som har vore problema for måkene dei siste tiåra, seier forskaren.

– Vår største livsforsikring

Eggen i BirdLife Noreg meiner det er et alvorleg varsku som bør bekymre oss, når arter som har vore vanlege går tilbake.

Naturvernrådgiver Martin Eggen i Norsk Ornitologisk Forening.

Naturvernrådgivar Martin Eggen meiner måkene er ein del av menneska sin livsforsikring.

Foto: Jon Olav Larsen

– Men måkene er jo veldig irriterande. Kvifor er det så viktig å ta vare på nett dei?

– Vi er fødd på ein planet med mykje liv. Det at vi har mest mogleg intakt natur er vår størte livsforsikring, seier Eggen og legg til:

– For meg er det ei like viktig verkelegheit som sure huseigarar som ikkje vil at måkene skal hekke nær dei.

Les også Måkemysteriet

Fiskemåke