Hopp til innhold

Mimmi (29) ventar tvillingar i januar – har Noregs lengste reiseveg for fødande

Legen råda gravide Mimmi Hyttan om å reise frå øykommunen Træna til Bodø halvannan månad før ho skal føde. Men delar av opphaldet i Bodø fryktar ho at ho må dekke sjølv.

Mimmi og André Hyttan på Træna har pakket fødebagen. Hun venter tvillinger, og må i verste fall være på hotell i en måned. Ei regning ho må betale selv

MÅ BETALE SJØLV: Mimmi og André Hyttan kan bli nøydde til å betale 40.000 kronar for overnatting i Bodø før Mimmi skal føde tvillingar. Dei bur på staden i Noreg med lengst reiseveg for fødande.

Foto: Frank Nygård / nrk

Med 426 minutt – dryge sju timar – har øykommunen Træna i Nordland den lengste reisevegen for fødande i Noreg.

Og Træna er ikkje åleine. Dei 13 kommunane med lengst reiseveg i Noreg er alle i Nord-Noreg.

Men for Mimmi Hyttan frå Træna er reisevegen til sjukehuset der ho skal føde i januar endå lenger.

På grunn av at ho ventar tvillingar er fødselen rekna som ein risikofødsel.

Difor må ho til Nordlandssjukehuset i Bodø for å føde.

Men på grunn av den lange reisevegen har ho blitt råda til å vere i Bodø frå veke 32 i svangerskapet.

Det er halvannan månad før termin.

– Eg har time til kontroll vesle julaftan og er anbefalt å bli i Bodø frå då. Det er på grunn av reiseveg og risiko, seier Hyttan når NRK møter ho på Træna.

Men kvar ho skal bu i halvannan månad i Bodø, kan ingen svare på.

Anbefalinga fekk ho berre munnleg, og ho har ingenting svart på kvitt.

Må dekke opphald sjølv

Hyttan seier halvannan månad er lenge å opphalde seg i Bodø.

– Eg skulle ønske at vi fekk hjelp til opphald. Det er ikkje noko avtale med kommunen eller sjukehushotellet i Bodø, seier ho og legg til.

– Anten må vi ta det økonomiske på vår kappe, eller så blir vi på Træna og risikerer eigen helse.

Mimmi Hyttan pakker en bag hjemme på Træna før hun skal reise på fødselskontroll til Nordlandssykehuset i Bodø.

Mimmi Hyttan må pakke ein større bag enn mødrer flest må før dei skal til sjukehuset. Ho har nemleg fått beskjed om å kome halvannan månad før fødselen.

Foto: Frank Nygård / NRK

Er dette prisen ein må betale for å bu på Træna?

– Det er nok ein del av prisen, ja. Vi har sjølv valt å busette oss her og trivst. Men når det gjeld slike situasjonar som ikkje heilt er planlagt, blir det tungt å bere alt sjølv. Vi skulle ønske vi blei møtt på halvvegen.

I verste fall må dei ta inn på hotell i halvannan månad.

26EE8F8B-4E9A-431E-8661-56CB5D448549

Mimmi og André Hyttan trivst godt på Træna, men meiner noko av prisen av å busette seg i øysamfunnet er lang reiseveg til sjukehus. Det blir dyrt om dei må betale sjølv.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Vi kan takle det, men det er ikkje sikkert andre som hamnar i liknande situasjon kan det. Det er frustrerande og eg får vondt av dei, seier Hyttan.

Her kan du sjå kor lang reiseveg det er for fødande i din kommune:

Kommunen vil ikkje dekke rekninga

Ordførar Jan Helge Andersen (Ap) ristar oppgitt på hovudet over situasjonen til Hyttan.

– Det synest eg er forkasteleg.

I øykommunen bur det berre 450 personar. I løpet av eit år ventar øysamfunnet berre 7–8 fødslar. Tvillingfødslar er enno sjeldnare.

Jan Helge Andersen, ordfører, Træna kommune.

Jan Helge Andersen, ordførar, Træna kommune er oppgitt over situasjonen til Mimmi Hyttan frå kommunen, men kan ikkje betale for opphaldet hennar.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Eg har funne ut at det er 27 år sidan sist tvillingfødsel. Då synest eg ikkje dei skal bere den kostnaden, seier Andersen.

Likevel kan ikkje kommunen dekke kostnaden for å få to nye innbyggarar til Træna.

– Det skulle vi gjerne gjort. Men seier vi ja til denne fødselen, må vi kanskje seie ja til dei andre åtte også. Då blir det fort mykje pengar.

Difor meiner han at staten bør ta rekninga til dei vertande foreldra.

– Når det er snakk om ein tvillingfødsel bør staten hoste opp dei få midla som skal til for å sikre ein trygg og god fødsel.

Les også Ingrid måtte kjøre flere timer alene med en død baby i magen – fødeavdelinga var stengt

Ingrid Leiråmo fra Dønna kjøre alene helt til Mo i Rana med et dødt barn i magen

Nordlandssjukehuset: – Skal få dekt opphald

Men etter at NRK har vore i kontakt med sjukehuset ser det likevel ut til at dei vil dekke kostnadane for Hyttan sitt opphald i Bodø.

Nordlandssjukehuset seier til NRK at dei ikkje kommentarar på enkeltsaker.

Men regelverket seier at kvinner som er selektert til å føde i Bodø vil få dekt sine kostnadar til overnatting og opphald mens dei ventar på fødsel etter gjeldande satsar.

Dersom dei av medisinske grunnar må opphalde seg over lengre tid mens dei ventar på fødsel gjeld same regelverk.

Nordlandssykehuset HF I Bodø

Nordlandssjukehuset skriv i ein e-post til NRK at kvinner som er selektert til å føde i Bodø på generelt grunnlag vil få dekt kostnadar for overnatting, også om dei må opphalde seg i lengre tid mens dei ventar på fødsel.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Men sidan Hyttan ikkje har oppmodinga om å kome tidleg til Bodø skriftleg kan ikkje Nordlandssjukehuset svare på om dei kjem til å betale for opphaldet hennar.

Det må nemleg lege eller jordmor ordne for ho.

Hyttan har ikkje jordmor og fastlegen hennar vil ikkje svare på spørsmål frå NRK.

Det har ikkje lykkast NRK å kome i kontakt med legen som oppmoda Hyttan om å kome til Bodø halvannan månad før fødselen.

Difor fryktar Hyttan framleis at ho må betale rekninga sjølv.

Les også Fødeavdelinger fortsetter med strenge regler for besøk: – Veldig godt å få ro

Vilde Wilhelmsen med sin nyfødte gutt

– Kjenner meg til bry

Den kommande tvillingmora har høyrt med slekt og vener i Bodø. Kanskje ho kunne budd der i ein og ein halv månad før fødselen?

Men dei synest det er vanskeleg å seie ja til at eit gravid familiemedlem skal bu hos dei i så lang tid før fødselen.

Då blir nemleg dei ansvarleg for mor og barn. Det forstår Hyttan godt.

– Eg kjenner meg litt til bry, samstundes betyr dette mykje for meg, seier Hyttan.

Les også Økonomisk krise i Helse Nord: – Situasjonen har forverret seg

UNN Tromsø

For ho har tida før termin blitt rotete. Likevel har ho eit håp om at det vil komme ei løysing. Det dreier seg trass i alt om tre liv.

– Det handlar om å kjenne seg varetatt. Å få barn er eit gode for heile samfunnet, ikkje berre vi som står i fødsel og graviditet.

– Eg er ein ganske roleg person, men eg kjenner på at fødetilbodet i Noreg burde ha blitt betre, seier Hyttan.

Les også Brukte rus for 25 år siden – fikk ikke bli blodgiver

Geir Moen

Les også Stenger fødeavdeling i 16 uker for å spare penger: – Fødsler ikke lønnsomme nok

Åshild Pettersen, Nordland SV