Hopp til innhold

Indeks Nordland: – Lofoten best i fylket

I ei samanlikning mellom regionane har Indeks Nordland sett på næringsutvikling, sysselsetjing og folketal, og sett Lofoten på toppen av si liste.

Illustrasjonsfoto

STØDIG NÆRING: Reiselivet var ein av dei viktigaste faktorane for at Lofoten toppa Indeks Nordland si liste i år.

Foto: Nordahl, Aleksander / NTB scanpix

– Lofoten har skote fart dei siste åra, seier Erlend Bullvåg, dekan ved Handelshøgskulen Nord universitet, i ei pressemelding.

Samfunns- og næringslivsbarometeret Indeks Nordland har for 14. år på rad publisert ei analyse av næringslivet og annan utvikling i fylket. I år peiker dei fleste pilene oppover.

I analysen, som kvart år publiserast av ei rekke interesseorganisasjonar, vert dei fem nordlandsregionane sett opp mot kvarandre i det dei sjølv kallar eit «næringsmeisterskap». Her vert mellom anna verdiskaping, sysselsetjing og driftsmargin vurdert.

Næringsmeisterskap i Indeks Nordland 2017

FRÅ SISTE- TIL FYRSTEPLASS: Denne tabellen, henta frå Indeks Nordland sin rapport rangerar dei fem regionane i Nordland.

Foto: Indeks Nordland

Positive tal for heile fylket

Rapporten si fyrste overskrift er «Sats på Nordland, invester i Nordland». Vidare følgjer mange grafar og analysar, dei fleste verkar positive for næringslivet. Til dømes har Nordland for femte år på rad hatt ein omsetjingsvekst over landssnittet, og i 2017 forventar Indeks Nordland ei omsetjing på 159 milliardar kroner, 2,8 prosentpoeng over resten av landet.

Omsetjingsutvikling

LIGG GODT AN: Nordland har ei særs god utvikling, som denne grafen frå rapporten syner.

Foto: Indeks Nordland

Ikkje alt er berre roseraudt

Men fylket slit også, trass i positive tal. for 2017 ventar Indeks Nordland ei auke på berre 0,1 %, 86 nye arbeidsplassar. Dette er under halvparten av kva resten av landet presterer.

– Gapet i sysselsettingsveksten mellom Nordland og landsbasis er fortsatt voksende. Fra 2007 har veksten vært 2,9 % i Nordland mens det nasjonale tallet var 8,4 %, står det i rapporten.

Det er Ofoten som har stått for minst vekst i sysselsetjinga.

Sysselsetjing i Nordland

NEGATIV TREND: Ikkje alle grafar støttar opp under Lofoten som fylke, spesielt ikkje innan sysselsetjing.

Foto: Indeks Nordland

Framtida for Nordland

Fiskeri, havbruk og reiseliv kjem til å bli dei viktigaste næringane i framtida, skal ein tru Indeks Nordland. I intervju med fleire næringslivsleiarar hevdar rapporten at oppdrett kan utvidast til meir enn laks, mellom anna til medisinar, og at reiselivet kjem til å vekse, så sant infrastrukturen blir betra. Dei har også trua på fleire arbeidsplassar innan olje- og gassnæringa, men legg vekt på at det er viktig med meir grøn industri.

Fiskeri og olje

VIKTIGE NÆRINGAR: Indeks Nordland meiner at mellom anna fiskeri og olje- og gassindustri kjem til å vere viktige verdiskaparar i framtida.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix og STOCKMARKET

Indeks Nordland er ein rapport under leiing av Kunnskapsparken Bodø AS, og er finansiert av Nordland fylkeskommune, DNB, Innovasjon Norge–Nordland, Næringslivets Hovedorganisasjon Nordland og NAV Nordland.