Hopp til innhold

Lastebilen var sekund unna ein frontkollisjon med bussen: – Dette går aldri bra

Kristian hamna midt i ein nestenulykke då han vart forbikøyrt. Men lastebilfirmaet legg skulda på Kristian.

Då yrkessjåfør Kristian Hanssen Nygård var på veg heim frå jobb 9. desember ved Mo i Rana, opplevde han noko ubehageleg.

Ein lastebil køyrde forbi han i eit område han sjølv meiner det ikkje er plass til å køyre forbi.

I same augneblink kom ein buss i motgåande køyrefelt.

Det gjekk akkurat.

Har du opplevd ei skummel forbikøyring?

Ringt politiet fleire gonger

Allereie før hendinga på videoen fann stad, hadde Nyård forsøkt å nå politiet.

Årsak? Toilljkjøring – som han sjølv kallar det.

– Lastebilsjåføren køyrde ut i vegen, blinka med lys og låg helt oppi støytfangaren til bilane framfor. Sjåføren var veldig aggressiv i trafikken, seier Nygård.

Men forbikøyringa seier Nygård var det skumlaste.

Slik såg det ut frå bilen til Krisian Nygård då han blei forbikøyrt av lastebilen.

– Min første reaksjon er at dette går aldri bra, fortel Nygård.

– Eg ringde politiet med ein gong og hadde de på tråden mens eg leste av registreringsnummeret.

Nygård fortel at han trådde på gassen for å få lastebilen til å halde seg bak. Men det hjelpte ikkje.

– I kampens hete er ikkje alle vurderingar rett, seier Nygård om at han auka farta.

Forbikøyringa er politimeldt

Boreal sin kommunikasjonsrådgivar Jon Kristian Fadnes bekreftar at det er ein av deira bussar som har vore involvert i denne forbikøyringa.

– Vi kan bekrefte at vi er informert om hendinga og at bussjåføren har valt å politimelde saka, seier han.

Ettersom dette er ein pågåande politisak ynskjer ikkje Fadnes å kommentere ytterlegare.

Arbeidsgivar: – Den andre sjåføren har skulda

NRK har vore i kontakt med lastebilsjåførens arbeidsgivar Michael Klausen i Hammersholm APS.

Han seier at han først blei forbanna over korleis sjåføren hans køyrde. Det såg farleg ut.

Men då han tok ein nærmare titt på videoen endra han meining.

– Når ein ser nærmare på videoen ser ein at den andre sjåføren aukar farta under forbikøyringa.

Les også Lastebilsjåfør utsatt for farlig forbikjøring: – Har aldri opplevd noe lignende

Farlig forbikjøring med Betongbil

Klausen meine Nygård er skuld i at situasjonen blei farleg. Fordi han aukar farta.

– Sjåføren min prøvde å komme forbi bilen framfor i ein halv time.

– Kvar gang min sjåfør prøvde å køyre forbi, så auka han farta. Det kan ein også sjå på videoen.

Klausen seier at det er bra hendinga er politimeldt, men meiner det er Nygård som har skulda.

– Vi skal ikkje ta livet av folk sjølv om dei køyrer sakte

– Umiddelbart ser det ut som ein skummel reaksjon. Det er ikkje det verste eg har sett, men det er ikkje noko eg likar.

Det seier Frank Lauritz Jensen i Norges Lastebileier-Forbund.

Han synest ikkje det er rart at folk reagerer, men er likevel ikkje skråsikker på kven som har skulda.

Jensen meiner at den som blir forbikøyrt har et ansvar for å senke farten. Også han trur det hadde gjort situasjonen mindre farleg.

– Eg greier ikkje å sjå at han gjer noko for å gjere forbikøyringa enklare.

Frank Lauritz Jensen, rådgiver i Norges Lastebileier-Forbund

Frank Lauritz Jensen er rådgivar i Noregs Lastebileier-Forbund seier dei fleste som køyrer norske lastebilar køyrer meir enn 2000 timar i året. Difor veit dei kva dei gjer. Men dei kan sjølvsagt også gjere feil.

Foto: Ole-Fredrik Lambertsen / NRK

Dette meiner han er eit problem ein ofte ser ved forbikøyringar.

– Når du blir køyrt forbi er det din jobb å sakke ned. Eg vil be folk om å vise litt meir godvilje. Det hjelper ikkje å fløyte.

Likevel er han usikker på kor mykje raskare sjåføren som tok forbikøyringa kom seg framover. Ein kan nemleg sjå at det er kø også framfor Nygård.

– Blir yrkessjåførar irritert når bilar køyrer sakte på glatt føre?

– Dei fleste yrkessjåførane i Noreg køyrer meir enn 2000 timar i året. Dei kan sjølvsagt gjere feil, men dei fleste vil at det skal vere tryggast mogeleg, seier han.

– Men vi skal ikkje ta livet av folk sjølv om dei køyrer sakte.

Les også Tre av fem synes det er greit å betale 7450 kroner for dette

Mobiltelefon i bil

– Dette er uforsvarleg

Kari Vassbotn, regionleiar i Trygg Trafikk i Nordland, minner om at fartsgrensa er ein maksgrense. Ein må altså ikkje køyre i den.

– Ein skal køyre etter forholda, så dette er inga unnskyldning, seier ho.

Portrett av Kari Vassbotn. Dame med brunt hår og regnjakke.

Kari Vassbotn, regionleiar i Trygg Trafikk i Nordland seier at tal på bulking tydar på at folk vert meir stressa i trafikken når det nærmar seg jul.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– Det er ikkje noko som kan forsvare ein slik type forbikøyring. Sjåføren kan ha det som travelt han berre vil. Dette er uforsvarleg.

Regionleiaren seier at farlege forbikøyringar skjer både på sommaren og vinteren. Men om vinteren er det enno viktigare å ha tolmod med andre sjåførar.

– Du veit ingenting om tilstanden til bilen framfor dei. Det kan vere dei føler dei har dårlege dekk, eller rett og slett er på veg for å skifte dekk.

Likevel trur ikkje Vassbotn i Trygg Trafikk at yrkessjåførar er verre enn andre sjåførar.

– Mitt inntrykk er at yrkessjåførane er flinke på vegen, men ein del av dei køyrer på eit tidsskjema og har last som ikkje kan bli øydelagt. Det kan nok skje at ein ønsker å køyre fortare på grunn av det.

I tillegg meiner ho at nokre sjåførar tar forbikøyringar som ser risikable ut, men at dei i realiteten har god kontroll.

– Men nett denne forbikøyringa er ikkje eit godt eksempel på det. Her er det heilt klart uoversiktleg.

Les også Grevling stengte E6 – bodde i tunnel i to døgn

grevling jages ut av tunnel i Nordland

Les også Veimyndighetene: Derfor er ikke dette greit

Fra Tjøtta.