Hopp til innhold

Såg opp mot 100 grindkvalar i ein og same fjord: – Eit fantastisk syn

– Eg har aldri opplevd noko liknande, seier ein overraska Kim Andre Gjellestad. Kvalforskar seier han har vore heldig.

Kim Andre Gjellestad trudde ikkje sine eigne auge då han var på biltur med onkelen sin torsdag kveld.

Dei var på veg tilbake frå Bø i Vesterålen til Sortland.

Då la dei merke til noko som bevegde seg i vatnet – og det var ikkje reint lite.

– Tre gongar talde eg over 80 stykk, og kom ut av teljinga.

Gjellestad estimerer at han og onkelen var vitne til 80–100 grindkvalar denne kvelden.

Mange titalls grindhval svømte nær en båt i Eidsfjorden ved Bø i Vesterålen.

Mange titals grindkval svømte nær en båt i Eidsfjorden ved Bø i Vesterålen.

To andre som også fekk oppleve kvalflokken, var Einar og Ann-Rita Mårstad.

– Eg var ute og fiska, og såg eit par kval ute i fjorden, vi såg at det ikkje berre var eit par, 60–70 stykk som kom inn heile breidda på fjorden. Dei jaga inn noko sild og makrell, seier Einar Mårstad.

Han køyrde inn til land for å hente kona Ann-Rita, og dei kom seg ut igjen for å få ordentleg nærkontakt med kvalen.

– Vi har hatt hytte her ved Eidsfjorden i 25 år, og dette er andre gongen vi har sett det skje. Det er ei fantastisk, uforgløymeleg naturoppleving. Du får ei kjensle av at dyra veit at du ikkje er farleg, og dei leika seg berre rundt båten.

Har aldri opplevd liknande

Opplevinga var ei av dei sjeldne. Ein ting, seier Gjellestad, er å treffe på så mange kvalar ute i ope hav.

– Men ikkje så langt inn i fjorden. Dei var liksom heilt oppe i fjørsteinane der dei svømte.

Kim Andre Gjellestad

Kim Andre Gjellestad hadde vore på middag i Bø kommune, men fekk ei overrasking på veg heim.

Foto: Privat

Vesterålen Online og Bladet Vesterålen omtalte saka først.

Gjellestad har sine teoriar om kva som kan ha lokka dei. Eidsfjorden har nemleg vore ein veldig god sildefjord.

– Men det var ikkje noko jaging av fisk, så det kan hende dei var ferdige å ete. At dei berre slappa av og slikt.

Grindhval

STORE: Slik ser ein grindkval ut. Dei kan bli opp til 8 meter lange.

Foto: Hannaleena Väisänen / Arctic Whale Tours

Gjellestad trur han var vitne til ei svært sjeldan hending.

– Det var ganske spektakulært, seier han.

Saman med onkelen blei han ståande i ein times tid og sjå på kvalane.

– Dei plystra, song, klappa med halane og finnane då dei svømte der. Det var eit fantastisk syn.

GRINDKVAL: Opp mot 100 grindkval leika seg i Eidsfjorden torsdag kveld.

INN TIL LAND: Grindkvalar så langt inn mot fjæra, er ikkje eit kvardagsleg fenomen.

Foto: Privat

Kvalforskar: – Ein heldig mann

Sofia Aniceto seier det var ein heldig mann som oppdaga kvalane.

– Kim Andre hadde veldig flaks, og han burde vere veldig glad for at han har opplevd det her.

Ho er kvalforskar og postdoktor for institutt ved biologi NTNU.

Aniceto kan bekrefte at det er eit uvanleg syn, så langt inn i fjæra.

Sofia Aniceto, hvalforsker ved UiT

– Grindkval er ca. 6–8 meter lange, seier Aniceto.

Foto: Thomas Heggem

– Det er litt uvanleg at dei er så langt inn i fjæra. Dei er veldig slappe og tar det veldig roleg.

Å sjå grindkvalane ute i ope hav, er ikkje like unormalt, fortel ho.

For mange kan det likevel vere ei uvanleg oppleving, nettopp fordi vi er meir opptatt av det som skjer nær kysten, og det kan vere mange kvalar i havet vi ikkje oppdagar.

Les også Norge får kritikk for hvalfangsten - mens antallet vågehval i norsk farvann bare øker

Vågehval

Sosiale vesen

Aniceto fortel at ein veit generelt lite om denne kvaltypen, men at dei basert på bevegelsesmønster er litt som spekkhoggarane.

– Men vi veit ikkje kor mykje lyd dei gjer og korleis dei er påverka av ulik industri og slikt, eller kva dei et.

Men vi veit at dei likar blekksprut og fleire typar fisk.

– Det verkar ikkje som at dei er stressa. Det verkar som at dei har det fint, og det kan sjå ut til at dei sosialiserer ein del.

Les også Her svømmer 40 turister med hval: – Potensielt dødelig for begge

Hvalsafari med dykkere

Og akkurat det er eit kjenneteikn for kvaltypen.

– Dei pratar veldig mykje og er ekstremt strukturerte. Så er dei empatiske og smarte dyr, seier Aniceto.

På videoen legg ho merke til ein del kvalungar i mindre grupper.

– Det ser ut til at det er mykje sosialisering. Dei kjem inn med hopping, og går med halen opp, seier forskaren.

Les også Cruiseturister reagerer etter at de ble vitne til hvalslakt: – Får bare se sannheten

Fiskebåt med en død kval hengande halvvegs over bord.