Hopp til innhold

Abdenour (25) må betale for å studere i Noreg: Det kostar universiteta dyrt

Universiteta mistar millionar når internasjonale studentar må betale for å studere. Som forventa, svarar regjeringa.

Abdenour Brahmi er 25 år og kommer fra Algerie. Han har mørkt hår, bart og briller og grønn genser. Fremfor han sitter en medstudent.

25 år gamle Abdenour Brahmi frå Algerie meiner det går ut over både dei internasjonale, dei norske studentane og universiteta at internasjonale studentar no må betale for å studere i Noreg.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Stortinget bestemte i fjor at alle studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits måtte betale for å studere i Noreg.

Det har ført til ein stor nedgang i antal internasjonale studentar, og kostar universiteta dyrt.

Nord Universitet i Bodø reknar med å tape 20 millionar kvart år på dei internasjonale studentane som ikkje kjem.

Ifølge dei ni universiteta NRK har snakka med vil dei til saman miste over 130 millionar kroner.

Trur Noreg kjem langt ned på ønskelista

25 år gamle Abdenour Brahmi frå Algerie er internasjonal student ved Nord Universitet.

Han må no betale for å studere ved Nord universitet.

Men han er heldig. Han fekk nemleg stipend før han drog.

– Viss ikkje hadde det ikkje vore mogleg for meg å studere her. Studentavgifta er veldig dyr, seier han til NRK.

Og han er ikkje den einaste studenten som meiner Noreg tapar når dei internasjonale studentane må betale.

Prorektor: – Studentprogram må bli lagt ned

Dei som allereie hadde begynt å studere før avgjersla om at internasjonale studentar skulle betale, får fullføre graden sin.

Men dei som begynnar no må betale, dersom det ikkje er ein grunn for at dei skal sleppe.

Levi Gårseth-Nesbakk er prorektor for utdanning ved Nord Universitet.

Han seier dei internasjonale studentane har vore viktig for å halde liv i fleire studieprogram ved Nord Universitet.

– Det inneber at nokre studentprogram må bli lagt ned.

Studieåret 2024–2025 vil NTNU tilby 31 internasjonale studieprogram, mot 54 året før.

– Det har på alle måtar og i mange år vore ein vinn-vinn-situasjon. Det er svært beklageleg at moglegheita for dette no er blitt meir avgrensa, seier prorektor for utdanning ved NTNU, Marit Reitan.

No er det vanskeleg for dei å fylle opp studieplassane for internasjonale søkarar. Dei fyller berre opp 60 prosent av plassane på internasjonal master.

Ved UiA håper dei stipendordningar kan auke talet på studentar.

– Men det vil neppe dekke opp for kuttet. Det gjer at universitetets økonomi og handlingsrom er varig redusert, seier rektor Sunniva Whittaker ved UiA.

Noreg på linje med resten av verda

Statssekretær Ivar B. Prestbakmo i Kunnskapsdepartementet seier at det er få land som ikkje krev studieavgift frå utanlandske studentar.

– Med innføringa av studieavgift er Noreg no meir på linje med resten av verda, seier han.

Difor er ikkje Prestbakmo uroa.

Ivar B. Prestbakmo

Statssekretær Ivar B. Prestbakmo i Kunnskapsdepartementet seier at dei internasjonale studentane frå utanfor EØS og Sveits i dag utgjer mellom 2 og 3 prosent av dei ca. 300 000 studentane ved dei norske universiteta og høgskulane.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / CHRISTIAN KRÅKENES

Statssekretæren seier dei òg hadde forventa at det kom til å bli ein reduksjon i talet på studentar då dei innførte avgifta.

Betyr dette at fagmiljø og forskingsmiljø i Noreg står i fare?

– Universiteta og høgskulane har ansvar for å dimensjonere studietilbodet sitt i tråd med ønska til søkarane og behovet i arbeidslivet. Eg har tillit til at dei gjer gode vurderingar av dette.

Les også Dayo blir kasta ut om han ikkje får seg rett jobb

Dayo

Resultat skal gi inntekt framover

Kunnskapsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at institusjonane har fått, og vil få, ein reduksjon i løyvinga i åra 2023, 2024 og 2025 som følge av studieavgifta for internasjonale studentar.

– Dette er fordi institusjonane vil få nye inntekter frå studieavgifta og løyvinga er redusert i tråd med et overslag på dei nye inntektene, skriv dei.

Men det trur dei ikkje berre er negativt med færre internasjonale studentar.

Flere studenter sitter og jobber på biblioteket på Nord Universitet.

Kunnskapsdepartementet har redusert løyvinga dei gir universitet og høgskular. Det er fordi dei reknar med at institusjonane vil tene meir med den nye studentavgifta.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Nedgangen i internasjonale studentar gir institusjonane rom for å tilby plass til fleire norske søkarar og andre søkarar frå EØS.

I tillegg seier dei at det vil bli endringar i finansieringssystemet for universiteta og høgskulane frå 2025.

– Det som skal telje framover for resultatbasert utteljing er gjennomførte studiepoeng og prosentdelen av studentane som tek ei heil grad, som fullfører på normert tid, skriv dei.

Får lågare omdøme

Men den 25 år gamle studenten frå Algerie er ikkje sikker på at kunnskapsdepartementet har tenkt på alt.

Han trur det kjem til å påverke kva utanlandske studentar veit om Noreg.

NRK forklarer

Kva trur dei andre universiteta om at det kjem færre internasjonale studentar?

Kva trur dei andre universiteta om at det kjem færre internasjonale studentar?

Universitetet i Oslo (UiO)

UiO set pris på sine internasjonale studentar og er opptatt av eit mangfaldig studentmiljø. Vi opplever at vi har mottatt motiverte studentar uavhengig av økonomisk bakgrunn etter innføringa av studieavgift. Vi har fleire studentar som mottar stipend eller økonomisk stønad frå heimlandet for å studere ved UiO.

UiO har likevel ein stor nedgang i rekruttering av studentar frå blant anna afrikanske land, og ønsker førespegla stipendordning velkommen.

Kva trur dei andre universiteta om at det kjem færre internasjonale studentar?

Noregs tekniske naturvitskapelege universitet (NTNU)

Først og fremst vil mange land og deira studentar tape på at dei ikkje kan hauste kunnskap ved NTNU og andre universitet i Noreg. Det å ha mangfald i form av studentar frå mange land er viktig for å fremje forståing, noko som både internasjonale og nasjonale studentar haustar godt av. Det betrar kvaliteten på utdanninga og er positivt for læringsmiljøet. For oss betyr det at vi må redusere talet på internasjonale masterprogram, mange av dei viktige og etterspurde.

Kva trur dei andre universiteta om at det kjem færre internasjonale studentar?

Universitetet i Agder (UiA)

På UiA har vi hatt mange studentar frå det globale sør på våre studiar i global utvikling. Dette er studentar som ikkje har råd til å betale skolepengar. Det er eit stort tap ikkje berre for dei studentane det gjeld, men også for dei norske studentane som går glipp av viktige perspektiv som dei internasjonale studentane bringa med seg inn i undervisninga. Det er synd at denne moglegheita no blir mindre, og øyremerkt dei med god betalingsevne.

Kva trur dei andre universiteta om at det kjem færre internasjonale studentar?

Universitetet i Stavanger (UiS)

Fleire av mastergradsprogramma ved universitetet er innan fagområde der regionens industri og næringsliv har eit omfattande kompetansebehov, ikkje minst for å sikre høg produktivitet i Noregs mest lønsame industriar, samt for å sikre kompetansen som Noreg trenger for grøn omstilling. Av dei 18 internasjonale kandidatane ved mastergrad i marin- og offshoreteknologi i vårsemesteret 2022, arbeider nå 15 i Stavanger-regionen.

Kva trur dei andre universiteta om at det kjem færre internasjonale studentar?

Oslo Met

For fleire av våre internasjonale masterprogram er det eit pedagogisk poeng at studentane kjem frå ulike land i verda og dermed har ulik erfaringsbakgrunn. Det kan dermed på sikt gå utover kvaliteten i utdanningane om studentmassen blir meir homogen. For den enkelte student er det openbert ei utfordring om økonomien legg avgrensingar på kva utdanning dei kan søke seg til.

Og det kjem også til å gå ut over dei norske studentane, meiner 25-åringen.

– Det blir færre moglegheiter for kulturell utveksling og å møte nye folk frå andre stader som gir nye perspektiv på livet. Alt dette tel for oss som menneske.

Les også Maria (20) vil skrote sidemålet – no har ho fått med seg fleirtalet

Maria Munkholm (20) i Unge Høgre