Hopp til innhold

Etter 200 søknader fekk Dayo seg endeleg jobb: – Eit mirakel

Dayo måtte ut av landet om han ikkje fekk rett jobb på tre veker. Advokat meiner få utanlandske studentar forstår kor viktig val av studium er.

Dayo fekk jobb i Bodø

I januar var Adedayo Adebiyi, eller Dayo, i fare for å bli kasta ut av Noreg. I februar fekk Dayo draumejobben i KPMG i Bodø, og han får no bli i landet.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

NRK har tidlegare fortalt historia til Dayo i Bodø.

Eigentleg heiter han Adedayo Adebiyi. Men alle kallar han berre for Dayo.

Han måtte ut av landet om han ikkje fekk seg jobb som var relevant til økonomiutdanninga.

Det såg mørkt ut for Dayo, for han hadde berre tre veker på seg.

Les også Dayo blir kasta ut om han ikkje får seg rett jobb

Dayo

Men i siste augeblikk løyste det seg.

stormen «Ingunn» raste i Nordland såg Dayo berre solskin.

Først endra UDI meinig og gav han utvida studentvisum likevel. Det hadde dei først gitt avslag på.

Dagen etter fekk Dayo vite at han hadde fått fast jobb som revisor i KPMG i Bodø.

– Det er eit mirakel. Eg er så lykkeleg.

Advokat Trygve Tveter meiner det var ein stor fordel for Dayo kva studium han hadde valt. Han seier at mange ikkje er klar over kor vanskeleg det er å få bli i Noreg.

Søkte på 200 jobbar

Dayo søkte nesten 200 jobbar i månaden mellom avslaget frå UDI, som snudde nesten samstundes som han fekk jobb.

– Eg var så stressa. Eg sov ikkje. Eg leita etter jobb heile tida, og la meg tidlegast klokka to på natta. Eg var så lei meg, fordi eg var sikker på at eg ikkje kunne gi tilbake til Bodø.

Til slutt måtte han berre håpe at alt skulle endre seg. Då han anka vedtaket til UDI var han sikker på at svaret kom til å bli negativt igjen.

– Då eg fekk vite at eg hadde fått utvida studentvisum blei eg så glad.

Dayo smiler til kamera der han står ute i snøværet i Bodø

– Eg har begynt å isbade, eg har vore på ski og eg har aka. No er eg blitt bodøværing, seier Dayo.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

I Noreg er reglene slik at når du er ferdig med utdanninga kan du få eit år på å leite etter jobb.

Men det treng ikkje Dayo. No kan han søke direkte på arbeidsvisum.

– Eg har allereie fått draumejobben. Eg er så takknemleg og glad.

Må tenke gjennom val av studium

Det er ikkje alle utanlandske studentar som er like heldige som Dayo.

Trygve Tveter

Advokat Trygve Tveter seier relevansen mellom jobb og utdanning har mykje å seie om ein får opphald i Noreg som utanlandsk arbeidstakar.

Foto: Kristine Næss Larsen / NRK

Advokat Trygve Tveter har jobba lenge med utlendingsrett, og seier det er vanskeleg for utanlandske studentar å få jobb i Noreg.

– Mi erfaring er at utanlandske borgarar frå Asia og Afrika har store problem med å få jobbtilbod, seier Tveter og legg til:

– Om eit arbeidstilbod er avgjerande for opphaldsløyve som faglært, så er mitt råd at ein ikkje skal vere for fin på det.

Tveter ser at mange av klientane hans kan vere naive i val av studium når det kjem til sjanse for jobb og opphaldsløyve.

Dayo ikledd svart jakke går inne i gangen på den nye jobben.

Dayo vil gjerne takke Bodø. – Dei viste meg at dei vil ha meg hos dei. Eg fekk så mykje hjelp frå folk som ikkje kjenner meg.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

Spesielt om dei vel det han kalla for «mjuke fag», som til dømes teologi.

– Det er ikkje lett å få arbeidstillating i sånne faggrupper for utlendingar, er mi erfaring. Det er lettare å få arbeidstilbod om ein kan engelsk og norsk, og har utdanning som til dømes sjukepleiar eller dataingeniør.

Les også Tatt på rumpa og kalt dum: – Man må nesten bare tåle det

Anette

Vil hjelpe andre

– Vi vurderte han på akkurat dei same kriteria som vi hadde til dei andre søkarane.

Det seier Kirsti Meidelsen. Ho er leiar for revisjonsverksemda til bedrifta KPMG i Bodø.

Meidelsen fortel at ho hadde sett videoane som Dayo la ut på sosiale medium og den tidlegare saka til NRK.

Men Dayo fekk ikkje jobben av den grunn. Han måtte gjennom ein like tøff søknadsrunde som resten av søkarane.

Dayo og leder for revisjonsverksemda i MPMG i Nordland Kirsti Meidelsen. Kirsti smiler til kamera i midten, mens Dayo ser bort.

Leiar for revisjonsverksemda i KPMG i Nordland, Kirsti Meidelsen seier Dayo måtte gjennom ein tøff søknadsrunde.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

– Han har veldig mange av dei eigenskapane vi er ute etter og representerer verdiane til KPMG på ein god måte, seier Meidelsen.

Seniorrevisor Adrian Hansen, var ein av dei som intervjua Dayo til jobben.

– Han spelte med opne kort og fortalde at han var i ein utfordrande situasjon, men på same tid var ikkje det hovudpoenget i intervjuet. Han klarte å få fram den personen han er.

Adedayo Adebiyi (Dayo) sitter på en stol foran to grønne planter med blå dress og hvit skjorte. Han har sort hår og er av nigeriansk opprinnelse.

Då Dayo skifta arbeid frå assistent til revisor måtte han òg endre litt stil, meiner han. – Det gjeld å kle seg litt ordentleg når ein er revisor, seier han.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Dayo seier han no vidare vil hjelpe andre utanlandske studentar til å få jobb.

– Eg vil bruke erfaringa mi til å lære andre. Kanskje dei kan lære av det eg var igjennom. For det er viktig at ein startar med å finne jobbar som passar ein når ein kjem til Noreg, avsluttar Dayo.

Les også Svir av store summer på vikarer: – Ingenting tyder på at utfordringene minker

To jenter klatrer i en ribbevegg