Hopp til innhold

Hunden blei avliva etter svipptur over grensa

1. januar stramma Mattilsynet inn reglane om flytting av kjæledyr over grensa. Ein hundeeigar i Nordland måtte førre helg gjere eit vanskeleg val: setje hunden i fire månadar karantene og betale 40.000 kroner, eller avlive hunden sin.

Bjørnefjell grensestasjon

KOSTBAR KRYSSING: Å krysse grensa med hund kan verte ein dyr affære. Må hunden i karantene må ein ut med nær 40.000 kroner.

Foto: DAG ERLANDSEN / Kyst og Fjord

– Skal du berre på ein svipptur til Sverige; ikkje ta med deg hunden, seier veterinær og seniorrådgjevar hos Mattilsynet Ole-Herman Tronerud til NRK.

Førre helg drog ein hundeeigar på ein kort handletur over grensa. Då dei kom att, stoppa nokre tollarar bilen. Hunden fekk ikkje kome inn i Noreg.

Det var avisa Fremover som omtalte saka først.

Ingen papir – ein dyr affære

Eigaren hadde ingen papir på hunden. Då veit ikkje styresmaktene kvar hunden kjem frå, kva vaksinar den har fått eller kvar den har vore.

– Har du ingen dokumentasjon, må vi ta høgde for at hunden kan kome frå kvar som helst. Då vert den behandla som om den kom frå eit tredjeland, altso utanfrå EU, seier Tronerud.

Ole-Herman Tronerud, seniorrådgiver og veterinær i Mattilsynet

NØYE: Ole-Herman Tronerud hos Mattilsynet seier hundeeigarar må vere nøye med å ha papirar på dyra sine for å sleppe tragiske situasjonar.

Foto: Privat

Og kjem ein hund utanfrå EU, skal den sjekkast for rabies. Det betyr ein 120 dagar lang karantene på Gardermoen hos det private selskapet Airpet. Med ein dagspris på 300 kroner vert det minst 36.000 kroner – før veterinær og vaksinar er betalt.

Eigaren frå Nordland valde denne gongen å avlive hunden sin.

Strengare reglar

Frå 1. januar i år skjerpa Mattilsynet kravet om behandling mot sjukdomen revens dvergbendelorm. Mellom anna må hundar behandlast minst 24 timar og maks 120 timar før dei skal krysse ei grense. Dersom ein er på dagstur i Sverige, må hunden altso behandlast av ein svensk veterinær før den slepp inn att i Noreg. Eit alternativ er å ha hunden på konstant bendelormkur.

Og oppfordringa frå Tronerud er klår:

– Skal du berre på ein svipptur til Sverige; ikkje ta med deg hunden.

– Regel som ikkje verkar

I januar prata NRK med Anne-Grethe Sætrang frå Bærum om reglementet. Ho tek ofte kortare turar til Sverige, med hunden sin. I haust var ho på jakt i Härjedalen.

–Dei nye reglane opnar for at hunden kan få pille to dagar før turen, men det vert jo dyrare sidan veterinær må kontaktast kvar gong, sa Sætrang.

Anne-Grethe Sætrang med engelsksetteren Zio i Härjedalen i Sverige

MISNØGD: Anne-Grethe Sætrang frå Bærum er ikkje nøgd med dei nye reglane. Biletet er frå jakt i Härjedalen i haust med engelsksetteren Zio.

Foto: Privat