Hopp til innhold

Alvorleg hundepest påvist – kan vera frå rumensk kvalp

Ifølgje Mattilsynet kan smittetilfellet vera knytt til ein rumensk kvalp.

To høydrektige gatehunder fra Spania ble stanset på Gardermoen.

Mattilsynet jobbar får å hindra ulovleg innførsel av hundar med alvorlege sjukdommar. To høgdrektige gatehundar frå Spania blei stansa på Gardermoen.

Foto: Mattilsynet / Lars Skjegstad

Før helga fekk ein hund påvist parvovirus i Arendal.

Det var Agderposten som omtalte saka først.

– Det blei påvist smitte hjå ein kvalp, skriv Camilla Lilleholt ved Agder Dyreklinikk i ein SMS til NRK.

Ho seier det er for tidleg å seia om det er grunn til å tru at fleire hundar er smitta.

Svært smittsamt

– Det går nokre dagar frå smitte til symptom, opplyser Lilleholt vidare.

Veterinæren fortel at viruset er veldig smittsamt og levedyktig i miljøet.

– Difor er det grunn til å vera på vakt og beskytta dei som er ekstra sårbare, spesielt uvaksinerte og kvalpar, seier Lilleholt.

Camilla Lilleholt

Camilla Lilleholt ved Agder Dyreklinikk.

Foto: Agder Dyreklinikk

Til avisa Agderposten opplyser ho at hundepest er ein sjeldan, men alvorleg virusinfeksjon hjå hundar som angrip beinmergen og overflateceller i tarmen. Dette fører til at kroppen blir tømt for kvite blodceller (immunceller) og hundane får symptom som feber, magesmerter, oppkast og diare. Denne kan i mange tilfelle vera blodig.

Det tar tre til åtte dagar frå hunden blir smitta, til den utviklar symptom. Oppkast og diare gir raskt dehydrering.

Dødelegheita av parvovirus hjå hund er over 90 prosent, utan veterinærbehandling. Hjå unge kvalpar kan viruset også angripa hjartemuskelceller og gi brå hjartedød.

Kan ha vore smitta av rumensk kvalp

– Det var ein rumensk kvalp som blei sjuk ei veke tidlegare, opplyser seksjonssjef i Mattilsynet i Agder, Gunn Kristin Osaland.

Den rumenske kvalpen var i same dyrehald som kvalpen som fekk påvist smitte. Den blei sjuk og måtte bli avliva. Mattilsynet veit framleis ikkje om kvalpen hadde viruset.

Likevel mistenkjer dei at det den rumenske kvalpen kan ha smitta den norske kvalpen.

– Vi har ikkje prøvesvar frå den rumenske kvalpen. Vi skal ta prøvetaking, men akkurat nå er det stor pågang på laboratoriet. Vi trur den kan ha smitta kvalpen, seier ho.

Osaland har klar beskjed til dei som mistenkjer smitte hjå kjæledyret.

– Ta kontakt med veterinær og sjekk at kvalpen har vaksinane ein treng, seier Mattilsynet til NRK.

Innførsel av rumenske kvalpar

Mattilsynet knyter smittetilfellet til innførsel av rumenske kvalpar.

– Diverre er ulike former for import frå høgrisikoland blitt eit problem. Då parvovirusvaksinen inngår i vaksineringen også i utlandet, er det spesielt ulovleg import som utgjer ein stor risiko for parvosmitte til Noreg, opplyste Lilleholt til Agderposten.

I ei pressemelding fredag opplyste Mattilsynet at dei i perioden november 2020 til april 2021 hindra ulovleg innførsel av 34 hundar i ein storaksjon.

Ole-Herman Tronerud, direktør for avdeling regelverk og kontroll i Mattilsynet

Ole-Herman Tronerud, direktør for avdeling regelverk og kontroll i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

– Noreg er ein lukrativ marknad for hundesmuglarar. Prisane på kvalpar er høg, og betalingsviljen stor. Når etterspurnaden etter hund i tillegg auka stort under koronapandemien, såg vi det som viktig å auka kontrollen for å hindra ulovleg innførsel av hundar med alvorlege sjukdommar og manglande vaksine.

Det sa Ole-Herman Tronerud, direktør for avdeling regelverk og kontroll i Mattilsynet, i pressemeldinga.

AKTUELT NÅ