Hopp til innhold

Her spar Torstein snø på 4,5 kilometer lang gangveg på fjellet

Torstein Hansen spadde vekk fleire kilometer snø på fjellet for hand. No kan andre kome seg fram til det populære turmålet. – Imponerande, seier Frivillegheit Noreg.

Gangveg i Snaufjell

Det som var ei sommarsti er no blitt ei heilårssti på Mofjellet i Rana kommune.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Det som var ein sommarsti er no blitt ein heilårssti der du kan gå i småskoa heilt inn til det populære turmålet «Vindskjermen» på Mofjellet i Rana kommune.

68 år gamle Torstein Hansen har tatt fatt i spaden og moka 4,5 kilometer tursti midt på fjellet.

– Og så blei det no ein meter eller to i slengen, ikkje sant, og så synest eg at det blei fint, det her. Så eg fortsette no berre.

– Det beste med dette for meg er å få springe her oppe på «harestia».

– Det er eigentleg treningsløypa di dette?

– Ja, det er her eg driv løpstreninga mi.

Frivilligheit Noreg: – Folk vil stille opp

Stian Slotterøy Johnsen, generalsekretær i Frivilligheit Noreg, sig initiativet til Hansen er litt spesielt.

– Det er ein veldig imponerande innsats, det er det ingen tvil om.

Frivillig innsats Noreg gjer undersøkingar kvart år på kor mange som driv med frivillig arbeid.

Ifølge undersøkinga for 2023 er det 62 prosent av befolkninga som gjorde frivillig arbeid i løpet av eit år.

– I fjor var vi oppe på nivå med før pandemien. Vi hadde ein stor nedgang i frivilligheita under koronapandemien. Det var mange som gjorde frivillig innsats då knytt til sjølve pandemien. Men det var også mange aktivitetar som blei stoppa, og derfor gjekk den frivillige innsatsen ned.

Stian Slotterøy Johnsen

– Vi må vere flinke til å legge til rette for at ein kan gjere ein innsats som er konkret og som opplevast som meiningsfull der og då, siger Stian Slotterøy Johnsen.

Foto: Birgitte Heneide / Birgitte Heneide

Slotterøy Johnsen påpeikar at initiativet skil seg litt frå den «normale» måten å drive med frivilligheit på.

– Det er jo i all hovudsak gjennom frivillige organisasjonar som Raudekrossen, idretten eller speidarrørsler. Veldig mange er engasjerte i organisasjonar og bidrar gjennom frivillige arbeid for at aktivitetane går rundt.

Les også – De frivillige er blitt mer motivert av å få noe på CV-en

Parkenfestivalen 2013, lørdag.

Generalsekretæren seier mange kjenner at det er nyttig å bidra gjennom frivillig arbeid.

– Det kjennest godt å bidra med noko som er nyttig for andre. Så gjennom frivillige organisasjonar får ein moglegheita til det og ein får vere med i fellesskap som også kan vere viktig for å ha eit sosialt nettverk og ikkje oppleve at ein er einsam.

Slotterøy Johnsen seier at folk gjerne vil vere med på noko som er konkret og som ein ser resultatet av med ein gong.

Det kan jo kanskje dette vere eit eksempel på, for det er jo veldig konkret å moke ein treningsløype slik at han blir tilgjengeleg. Då ser ein resultat med ein gong, og det er det som folk gjerne vil vere med på.

Les også Kommune fikk nasjonal pris – språket i begrunnelsen slaktes av forsker

Ordfører i Sømna kommune, Hans Gunnar Holand, og Wenche Fjerdingøy leder av frivillighetssentralen i Sømna strekker armene i været da de fikk prisen for Årets frivillighetskommune. Ved siden står konferansier Solveig Kloppen.

Gleder seg til våren

Torstein Hansen siger at han møter mange som er takksame for jobben han gjer. Men nokon lurar også på om det er nokon vits.

– Folk spør meg no, det er ikkje noko vits i det du held på med. Men sei ikkje det. Folk går no her, stien er stort sett open.

Nå gler seg til våren og til at det blir mindre snø.

– Så vi kan legge av garde til Hammertjønna for å finne moltar. Det er livet, eg har funne ut det.

Gangveg i Snaufjell

– Eg synest at det blei fint, det her. Så eg fortsette no berre, seier Torstein Hansen.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK