Hopp til innhold

Får ikkje pengar til å erstatte undersjøisk kabel: – Kjem til å skje igjen

No må forskarane tenkje nytt, om dei skal halde fram med å overvake havbotn utanfor Vesterålen.

Node 7

Havforskningsinstituttets forsking blei stansa då ein kabel på mystisk vis i fjor forsvann frå havdjupet utanfor Vesterålen.

Foto: UiB

Tidlegare har NRK omtalt kabelen som forsvann frå Bø i Vesterålen.

3. april i 2021 gjekk plutseleg alle skjermane i svart for forskarane som jobbar her.

Det viste seg at 4,2 kilometer kabel var sporlaust forsvunne. Politi og PST blei sett på saka.

Det undersjøiske nettverket samla nemleg inn informasjon om kva som rørte seg på havets djup.

Frå fiskar, kval og djuphavskorallar til trålarenotar og ubåtar.

I november same år blei kabelen funne, om lag 11 kilometer frå der kabelen hadde låge.

I juni kom konklusjonen frå politiet; etterforskinga viste at kabelen mest sannsynleg blei reve bort av eit fiskefartøy, som deretter kappa kabelen.

En rover tilsvarande denne vart senka ned for å finne ut kva som skjedde med sjøkabelen.

Tidlegare har Havforskingsinstituttet vurdert å grave ned kabelen som skal kople saman dei undersjøiske forskingsstasjonane for at kabelen ikkje skulle bli brote igjen.

Foto: Geir Pedersen / Havforskingsinstituttet

Forskarane blei lova pengar for å erstatte den tapte kabelen. Men finansieringa blei redusert i regjeringas forslag til statsbudsjett.

No må forskarane tenkje nytt om korleis dei skal lytte og sjå det som rører seg på havbotnen.

Får halvparten av det dei i bad om

– Det vi må gjere no er å sjå på alternativa. Vi skal framleis samle dei same data og gjere den same jobben, seier Geir Pedersen i Havforskingsinstituttet (HI).

Havforskingsinstituttet fekk først beskjed om at dei skulle få omlag 60 millionar alt i alt. No ser dei ut til å får om lag halvparten.

Geir Pedersen, seniorforskar og prosjektleiar for «LoVe Ocean»

Geir Pedersen, seniorforskar ved Havforskingsinstituttet og prosjektleiar i «LoVe Ocean» seier dei må tenkje nytt om overvakinga av havbotnen.

Foto: Christine Fagerbakke / HI

Difor vurderar dei å droppe kablar denne gongen.

For kablane, og å installere dei, er dyrare no enn før. Det er det same utstyret som vert brukt i havvind og oljeplattformer. Difor er det større etterspurnad enn då HI kjøpte kablane for ti år sidan.

Men mangel på finansiering er ikkje den einaste utfordringa forskarane har.

Bilde tatt frå den einaste undersjøiske stasjonen som framleis fungerer.

Nettverket fangar opp meir enn fisk. Det høyrer fiskebåtar og trålarar. Og det plukkar opp nøyaktig informasjon om ubåtar i området.

Foto: Havforskingsinstituttet

– Sjøkabelen låg både innanfor norsk og internasjonalt farvatn. Dei ytre delane ligg meir enn 12 nautiske mil frå land.

Då er det fare for at dei må reparere kabelen på nytt. Det vil bli enno dyrare.

– Vi har ikkje kontroll over utanlandske fartøy der borte. Om vi ikkje legg ny kabel er det mindre sannsyn for at noko blir øydelagt, seier Pedersen.

Les også Fann igjen forsvunne kabel - men manglar framleis ein kilometer

Kabel gjenfunnet

Ønsker seg sikkerheitssonar langs kysten

Sidan kabelen i Vesterålen blei kutta i april 2021, har fleire andre kommunikasjonskabler blitt brote.

Åtte månadar seinare vart ein kabel til Svalbard brote på to stader.

NRK har avslørt at fleire av dei same russiske fisketrålarane som blei sett over staden der kabelen til Havforskingsinstituttet låg, også tråla nær området der kabelen til Svalbard blei brote.

For to veker sida blei ein kommunikasjonskabel til Shetland brote. Det same skal nyleg ha skjedd i Marseille, ifølge Ståle Ulriksen som er Høgskolelektor ved Sjøkrigsskolen.

ståle Ulriksen

Ståle Ulriksen, høgskolelektor ved Sjøkrigsskolen, meiner det burde vere mogleg å lage sikkerheitssonar på stader der viktige kablar ligg.

Foto: Pål Hansen / NRK

Han meiner det burde bli vurdert om det er mogleg å lage sikkerheitssonar der viktige kablar som dette ligg.

– Men reglane for kva som er lov og rett i internasjonalt farvatn er uklare.

Ulriksen fortel at det ligg militære lyttekablar i Barentshavet på russisk side.

– Strengt tatt meiner eg Noreg burde ha lagt kablar som skulle snappe opp ubåtar fleire stader. Det hadde også vi under den kalde krigen.

Les også Russiske trålere krysset begge kablene før forbindelsen forsvant

AIS-sporing av russiske fiskefartøy

– Trur du det er lurt av forskarane å droppe kabelen når dei skal reparere forskingsstasjonane?

– Så lenge noko blir sendt kan du alltid spore det. Om nokon vil øydelegge det vil dei finne nodane, seier Ulriksen.

Men han peiker på at det no også er fleire som følgjer med kablane i norsk farvatn enn det var då kabelen blei øydelagt i april i fjor.

– Om nokon vil øydelegge, vil dei helst sleppe unna utan at nokon ser kven som har gjort det.

Les også PST varsla om mysterium på havbotnen: 10 tonn tung kabel sporlaust forsvunne

Den digre kabelen som forsvann

Må velje det viktigaste

Forskarane ser føre seg er batteridrivne nodar som kommuniserer akustisk kan vere eit alternativ.

Då får forskarane mindre informasjon i sanntid, og må velje det viktigaste.

Det kan vere temperatur, saltinnhald og trykk som kan hjelpe til å få betre havvarsel i sanntid, ifølge forskaren.

– Vi mister noko, samstundes kan vi samle data om vi tek nodane opp.

I september 2021 oppdaga forskarane at kabelen til dei undersjøiske forskingsstasjonane utanfor Vesterålen var reve tvert av.

– Kva synest FFI om at de vurderar å droppe kablar som kan overføre denne informasjonen i sanntid?

– Dei er informert, men vi har enno ikkje diskutert forslaget med FFI.

Pedersen påpeiker at mellom land og nodane nærast land vil det framleis vere kabel.

– Dette er berre byrjinga

Ola Kaldager, tidligere sjef for etterretningsseksjon E-14, meiner ein kjem til å sjå meir kutting av kabel framover.

– Eg trur dette kjem til å fortsette. Det er mange andre område dei kan ramme.

Ola Kaldager

Tidlegare spionsjef Ola Kaldager meiner særleg infrastruktur rundt straum kan bli kritisk framover: – Utan straum stoppar samfunnet fort opp.

Foto: Ola Helness / NRK

– Det er for å terge og splitte opp dei vesteuropeiske samfunna at dei gjer det. Jo meir russarane kjem opp i hjørnet, jo meir kjem dei til å prøve øydelegge infrastruktur, seier Kaldager.

Fordi kablane vert kutta i internasjonalt farvatn seier Kaldager det også er vanskeleg å føre det avgjerande beviset for at det er russarane som står bak.

– Russarane er òg veldig forsiktige med å kome i ein situasjon der dei kan bli tatt med buksa nede. Det trur eg neppe kjem til å skje.

Den digre kabelen som forsvann

Den lange sjøkabelen til forskingsnettverket LoVe Ocean koplar saman fem undersjøiske forskingsstasjonar kalla nodar på havbotnen i Vesterålen.

Foto: Havforskingsinstituttet

– Trur du det er ei løysing å lage sikkerheitssonar i desse områda?

– Det er i tilfelle ei lang prosess som til dømes FN må vere med i.

Han er heller ikkje sikker på at forskarane vil vere trygge med trådlause nodar.

Les også Vurderer å grave ned flere kilometer med sjøkabel for å unngå nytt mysterium

Node 7

– Det vil kanskje vere tryggare ein periode fram til motstandarane ser at dette går an å jamme. Det skjer regelmessig allereie på til dømes GPS-signal, og det er berre byrjinga.

Kaldager legg til:

– Det vert nok testa ut mange nye område å lamme oss no. Noreg er eit av verdas mest digitaliserte land. Moglegheita til å kople seg på slike digitale nettverk er stor.

LES OGSÅ:

Les også Fann igjen forsvunne kabel - men manglar framleis ein kilometer

Kabel gjenfunnet