Hopp til innhold

Instrumentet blei utvikla i romartida: – Det er lite innovasjon innan kvinnehelse

Det blei utvikla for å undersøke underlivet til kvinner allereie i romartida, og er framleis i bruk. No kjem det utvikling på området.

Gynekologisk spekulum

SPEKULUM: Dette instrumentet blir brukt av gynekologar og jordmødrer i undersøking av underlivet til kvinner. Men instrumentet har ikkje blitt utvikla sidan 1800-talet.

Foto: praisaeng / Colourbox

Det heiter spekulum. Om du er kvinne har du nok sett dette merkelege apparatet før.

Det vert brukt når gynekologar skal undersøke underlivet til kvinner.

Og har du kjent på det sjølv, veit du at det er både kaldt og kanskje gjer vondt.

– Det spekulumet som blir nytta i dag blei utvikla rundt 1850, og ser likt ut i 2022, seier gynekolog Stine Andreasen ved Nordlandssjukehuset.

Men det er mykje eldre enn som så.

Det eldste funnet av eit spekuluminstrument blei gjort under utgravingane av ruinane i Pompeii, som blei øydelagt i år 79, ifølgje boka «A pictural history of gynecology».

vaginalt spekulum, funnet under utgravingene i pompeii

ROMERSK EKSEMPEL: Kopi av eit vaginalt spekulum i messing. Originalen blei funnen i Pompeii og finst no i Museo Nazionale i Napoli. Spekulumet blei sett inn i kroppen, handtaka blei så rotert for å utvide avstanden mellom blada. Dette er eit veldig tidleg romersk døme på det gynekologiske instrumentet, ifølgje heimesida til Science Museum Group.

Foto: Jaron Chubb / Science Museum Group Collection

Stine Andreasen og jordmorkollega Hege Hanssen laga eit nytt instrument dei trur vil gjere opplevinga meir behageleg.

Såg gamaldags ut

På ei nattevakt på Nordlandssjukehuset kom gynekologen og jordmora i snakk om utstyret dei brukar til fødslar og undersøkingar av kvinner.

Dei syntest det såg gamaldags ut. I tillegg visste dei at mange synest instrumentet er ubehageleg.

Gynekolog Stine Andreasen i Nordlandssykehuset

Gynekolog Stine Andreasen seier at dei no er i ferd med å lage prototype og teste han ut. Håpet er at dei skal ha spekulum og simulator klar til siste halvdel av 2023.

Foto: Induvita AS

– Det har ein god funksjon i sitt bruk, men det har vore gjort lite for å optimalisere det både for brukar og pasient.

Difor har dei to kollegaene no konstruert ein ny type spekulum. Deira har tynne, elastiske sidevegger og er laga i plast i staden for metall. Då vert det også heilt lydlaust.

– Då vi jobba med dette fant vi ut at det er mykje som ikkje er bra i fødselshjelp. Vi er på staden kvil og det er lite innovasjon.

Jordmor Hege Hanssen ved Nordlandssykehuset

Jordmor Hege Hanssen seier at dei har nytta kombinasjonen av erfaringane deira for å utvikle dei nye instrumenta. Det er for å optimalisere utstyret både for fødslar og gynekologiske undersøkingar.

Foto: Induvita AS

– Kvifor har det ikkje blitt utvikla noko nytt på dette feltet fram til no?

– Det er nok veldig lite interesse for kvinnehelse. Og dei fleste innovatørar er menn. Det er nok ikkje det første ein hoppar på å utvikle noko som er så kvinnefokusert.

I tillegg meiner ho at det har vore lite pengar i medisinsk industri for kvinnehelse. Difor trur ho mange tenker at det er lite profitt i å utvikle dette.

Les også Ingrid måtte kjøre flere timer alene med en død baby i magen – fødeavdelinga var stengt

Ingrid Leiråmo fra Dønna kjøre alene helt til Mo i Rana med et dødt barn i magen

Ei viktig utvikling

Hanne Charlotte Schjelderup, leiar i Jordmorforbundet, seier spekulumet har vore eit viktig instrument som har redda liv.

Difor meiner ho at det er viktig får både kvinnehelse, faget og fagfeltet at det no kjem innovasjon i faget.

– Vi får betre metodar og reiskap som gjer at det blir meir behageleg under undersøkingar for pasientane, seier Schjelderup.

Hanne Charlotte Schjelderup, leder i Jordmorforbundet NSF

Hanne Charlotte Schjelderup, leiar i Jordmorforbundet trur også at mellom anna simuleringsdokka vil bli nyttig: – Men ein slik dukke har ikkje dei menneskelege faktorane. Det gir god trening og vert eit viktig supplement, men det er ikkje heilt reelt. Vi treng begge deler.

Foto: privat

Leiaren i Jordmorforbundet seier at utviklinga går saktare innanfor kvinnehelse enn dei i fagfeltet ønsker.

– Men det er positivt at vi har framdrift og god utvikling. Det er naudsynt innanfor kvinnehelse.

Kirsten Hald, overlege ved gynekologisk avdeling i Oslo Universitetssjukehus, trur dette blir ein nyvinning som vil bli godt tatt imot av gynekologar.

Kirsten Hald, overlege ved OUS og leder i Norsk Gynekologforening.

Kirsten Hald, overlege ved gynekologisk avdeling i Oslo Universitetssjukehus seier gynekologane er nøye med å prate om utstyret dei bruker i undersøkingar for å trygge pasientane.

Foto: Ola Vatn / NRK

– Det vil hjelpe oss å gjere arbeidet vårt på ein effektiv og god måte. Det er viktig i vår jobb at det vert mest mogleg behageleg for pasienten.

Overlegen seier at dei snakkar mykje om instrumentere dei bruker med pasientane. Til dømes tang, som ein bruker til å forløyse barn, kan for nokon virke skremmande.

– Vi er ganske observante på det. Jobben handlar også om å vere omsynsfull.

Les også Mimmi ventar tvillingar i januar – risikerer å måtte betale éin månad på hotell sjølv

Mimmi og André Hyttan på Træna har pakket fødebagen. Hun venter tvillinger, og må i verste fall være på hotell i en måned. Ei regning ho må betale selv

Instrument utvikla for menn

No har Andreasen og Hanssen ved Nordlandssjukehuset fått innovasjonsprisen til Helse Nord.

Det er ikkje berre for spekulumet, men òg for to andre nyvinningar:

  • Eit kateter tilpassa kvinner
  • Ein simulator for underlivsundersøkingar

Ein av tre fødslar vert nemleg sett i gang i dag.

For å sette i gang fødselen på ein naturleg måte, bruker ein i dag ein slags ballong som ein fyller med saltvatn i livmora. Denne skal kvinna gå med i om lag eit døgn.

Men «ballongen» ein bruker er eigentleg eit urinkateter.

Og kateteret er heller ikkje utvikla for kvinner. Det er utvikla for menn.

– Det er laga for å tømme ei mannleg blære.

Det mannlege kateteret er laga for å romme mellom 10 og 20 ml væske. Ballongen dei skal fylle i livmora til den fødande kvinna skal bli fylt med 80 ml væske.

Illustrasjonsbilde av legeutstyr til bruk i gynekologiske undersøkelser

Dette utstyret blir brukt i gynekologiske undersøkingar. Mykje av det har ikkje vore utvikla på nesten 200 år.

Foto: Stine Andreasen / Induvita AS

– Mange gonger sprekk kateteret. Det er ikkje laga for verken volumet eller trykket, seier Andreasen.

Og om det ikkje sprekk, siv det likevel ofte ut væske. Då er i dag løysinga å teipe på ein del av ein plasthanske og deretter teipe hanskebiten på låret til kvinna.

Andreasen og Hansen meiner utstyret ikkje fungerer bra nok, og ikkje er verdig.

Kateteret som gynekolog Stine Andreasen og jordmor Hege Hanssen ved Nordlandssykehuset har utvikla

Kateteret som vert brukt i dag for å sette i gang fødslar naturleg er eigentleg laga for å tømme ei mannleg urinblære. Dette er ein illustrasjon av det kvinnelege kateteret som Andreasen og Hanssen har designa.

Foto: EGGS Design / Illustrasjon

– Det vi jobba med først var å lage eit kateter som var stort nok. Vi har også konstruert det slik at det kan vere inni pasienten i behandlingstida.

I tillegg har dei laga ein modell for at jordmødrer og gynekologar kan øve på ulike stadium av fødsel.

– Då kan pasienten kan bli utsett for færre undersøkingar. Det er jo ikkje spesielt behageleg å bli undersøkt, seier Andreasen.

Les også Kvinnehelse i statsbudsjettet: – De sier at kvinner ikke er så viktige for samfunnet

Tine Elise Leonhardsen Tuven

Kvinnehelse

Men kvifor er det eigentleg blitt forska så lite på kvinnehelse?

– Det handlar om kven som har makt til å definere, seier Karin Hovde, som er nestleiar og seniorrådgivar i Likestillingssenteret KUN.

– Vi veit at det er mindre forsking på kvinnehelse, og at mannekroppen har vore standarden.

Leder i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup med et nyfødt barn på Rikshospitalet.

Legane har tradisjonelt vore menn. No som det kjem fleire kvinnelege legar kan det vere med å endre på det bildet meiner Hovde i KUN.

Foto: privat

Likevel vil ho ikkje seie seg samd i at kvinner ikkje har vore oppfinnarar historisk sett.

– Kvinner har funne opp ting i sin sfære, men menn har tatt æra for kvinnelege oppfinningar fordi det ikkje passa seg for kvinner å drive med slikt.

Ho peiker også på at desse instrumenta tradisjonelt sett har vore knytt til skam.

– Og om ein har sett behovet. Om ingen har protestert og det har fungert, har det ikkje vore heilt feil, sjølv om det kunne ha vore meir behageleg.

– Dei som har vore pasient har heller ikkje hatt makt til å endre på det.

Norske kvinners sanitetsforeining har lenge vore opptatt av å fremme kvinnehelse.

Marit Stene Severinsen

Marit Stene Severinsen, jordmor og prosjektleiar hos Norske kvinners sanitetsforeining, seier det er viktig med informasjon når ein er gravid. – Ingen spørsmål er for dumme før eller etter at du har født eit barn.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Marit Stene Severinsen, jordmor og prosjektleiar hos Norske kvinners sanitetsforeining, seier dei hjelpemidla som kan få meir fokus på kvinnehelse er viktig.

– Det som er viktig og flott er at det blir skapt nyvinningar til det gode for kvinnehelse, seier ho.

– Det er kjempefint at helsepersonell tek litt tak i det og finn ut kva dei kan blir betre på er det kjempefint. Men det er viktig at det er del av det offentlege helsetilbodet på sjukehuset.

Les også Matilde (26) er en av Norges beste i CrossFit – nå dominerer kvinner sporten

Matilde Garnes