Hopp til innhold

Her gjekk dei frå hundre til null elgpåkøyrslar på eitt år

Etter at lokalsamfunnet vart lei av påkøyrde elg langs togskjenene til Nordlandsbana, vart det set i gang tiltak. Hittil har ingen dyr vorte drepne.

Elg påkjørt og drept på Nordlandsbanen i Rana kommune. Nabo Leif Egil Amundsen

ELGFOSTER: Leif Egil Amundsen jobbar som ettersøkjeger i Rana kommunes vilt-ettersøkgruppe, og er nøgd med det nye tiltaket.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Ifølge Bane Nor blir mellom 1400 og 2000 dyr, hovudsakleg rein og elg, køyrt på og drepen av tog kvart år.

Nordlandsbana mellom Trondheim og Bodø har stått for rundt 800 av desse, og verst har situasjonen vore i Mo i Rana og den berykta Dunderlandsdalen.

I fjor vinter vart over 100 elg påkøyrt her, og slik har det vore i fleire tiår utan at noko vart gjort.

Men i februar i fjor gjekk kommunen, fylket og Bane Nor saman om å gjere noko.

Det gjorde dei etter at NRK i fjor skreiv om ein veterinær og fleire naboar som hadde fått nok av blodige elgkadaver i snøen.

Tiltaket som dei vart einige om, har fungert.

– Det har ikkje vorte køyrt i hel ein einaste elg sidan, seier ein letta nabo til jernbanen, Leif Egil Amundsen.

Les også Elgen sliter med kampen for tilværelsen – sulter i hjel og blir påkjørt

Elgkalv som har sultet i hjel

– Eit eventyr

Amundsen driv ein gard berre eit par meter frå jernbana og har i fleire år sett dyretragedien på nært hald. Han trudde aldri skulle få oppleve det han ser no.

– Det er eit eventyr. Eg kan nesten ikkje tru det, seier han.

Etter hastemøtet mellom Samferdselsdepartementet, Nordland fylke, Bane Nor og Rana kommune vart det på rekordtid sist sommar sett opp eit 2,5 meter høgt gjerde for vern mot elgen.

– Etter at vi bygde dette i sommar har vi ikkje hatt påkøyrslar.

Det seier prosjektleiar i Bane Nor for tiltak mot dyrepåkøyrslar, Per Øyvind Mohus. Han kallar resultatet oppsiktsvekkjande og gledeleg.

– Det som er oppsiktsvekkande er at såpass mange har gått saman og gjort sitt ytste for å gjere dette mogleg, seier han og legg til:

– Vi har lært at det går an å få til ting fort, om alle berre vil det.

Les også Rødt tordner mot torskeoppdrett: – Som å gå med «ræva først inn i framtida»

Torsk.

– Då skjedde det noko

Amundsen har opplevd fleire netter ute på søk etter skadde dyr rundt jernbana. I fjor fortalde han til NRK om syn av kalvar med avrivne føter og påkøyrde elgmødrer.

– Då skjedde det noko, seier Amundsen.

Han henta til og med fram eit elgfoster som hadde sprotte ut av mora då elgkua vart treft av toget.

Elgpåkjørsler-Nordlandsbanen

Slik såg elgfosteret som Amundsen fann langs jernbaneskjenene ut.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Han trur det har vore grunnen til at det endeleg har vore gjort noko med saka.

– Fantastisk slik det er no iallfall.

Og til sommaren skal det setjast opp fem ny kilometer med elggjerde i Dunderlandsdalen.

– Det er dyrt

Det tok likevel fleire tiår med påkøyrslar før det var bestemt at eit gjerde skulle opp.

– Kvifor tok det så lang tid?

– Bane Nor har jobba med tiltak på viltpåkøyrslar på dei verste stadane. Etter kvart så vart dette til ein av dei verste, då dei førre verste stadane fekk gjerde, seier Mohus.

Han seier at det er både fordelar og ulemper med ein slik hindring.

Elgpåkjørsler-Nordlandsbanen

Leif Egil Amundsen og lokalsamfunnet var lei av å sjå raudt i snøen langs jernbaneskjenene.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– På den eine sida, er det ein fordel at det ikkje blir påkøyrt dyr og dyrevelferda blir bra. På den andre sida, er det dyr som er vand med å krysse toglinjene, seier Mohus.

Han seier Bane Nor også ofte er usikker på om problemet berre flyttar på seg om dei set opp gjerde, men akkurat i Dunderlandsdalen ser det ut til å ha vore løysinga.

– Det er dyrt å bygge, men det fungerer.