Hopp til innhold

Gassfunn på Haklang-prospektet

StatoilHydro har funne gass på Haklang-prospektet i Norskehavet, 280 kilometer vest for Sandnessjøen.

Haklang-prospektet

StatoilHydro har gjort eit stort gassfunn utanfor Sandnessjøen.

Foto: StatoilHydro

Fra før er det gjort to andre gassfunn i området, Luva og Snefrid sør og vil no vurdere å byggje ut dei tre funna.

Informasjonssjef i StatoilHydro Geir Gjervan seier at dette er eit svært positivt funn.

- Me har i dag annonsert eit svært positivt funn i Norskehavet. Det er eit funn som er betydeleg sett i forhold til andre funn i Norskehavet, seier Gjervan.

Gledeleg funn

Haklang har mellom 8 og 14 milliardar kubikkmeter utvinnbar gass.

- Det betyr at dette er eit gledeleg funn for StatoilHydro, seier Gjervan.

StatoilHydro skal no vurdere kva som skal skje vidare.

- Me skal vurdere dette funnet opp i mot dei funna som er gjort i nærleiken av Haklang-prospektet, som Luva og Snefrid Sør, som StatoilHydro også har interesser i, seier Gjervan.

Men Gjervan seier dei foreløpig ikkje har konkrete planar.

- Me skal vurdere funnet, men det er for tidleg å seie korleis me skal ta det i bruk, seier Gjervan.

Meir aktivitet

Leiar for Helgelandsbasen Franz Nilsen, som leverer utstyr til oljeindustrien, trur dette betyr mykje for Helgeland.

- Det betyr meir aktivitet for oss på land. Det er gjort ein del mindre funn i området, og dette funnet kan kanskje knyttast til Norne-feltet. Dermed kan dei få betre økonomi, noko som betyr meir arbeid for oss, seier Nilsen.

Nilsen har ikkje noko formeining om feltet vert utbygd.

- Det har ikkje me ei meining om, men det er klart at dess fleire funn som vert gjort dess meir interessant vert det for StatoilHydro og andre å byggje ut, seier han.