Hopp til innhold

Fann høge verdiar av E. coli i nasjonalpark

Sommarturistane i Lofoten har lagt igjen meir enn pene bilde på Instagram.

Lofotodden: Utsikt fra fjellet Ryten mot Kvalvika

Etter ein sommar med turistar har forskarar funne høge verdiar av E. coli-bakteriar i Lofotodden Nasjonalpark.

Foto: Jon Olav Larsen

I sommar var det mange turistar som tok turen til Lofoten for å nyte den spektakulære naturen.

Men med glade turistar kom også ei mindre hyggeleg overrasking.

Bæsj.

Hundrevis av besøkande har gjort frå seg i nærleiken til stiar i parken, også nær bekker der turistane har fylt vassflaskene sine.

No er det konstatert høge verdiar av E. coli-bakteriar i dei same bekkene.

– Det høgaste nivået av E.coli-bakteriar fann vi der det var mest registrert menneskeleg avføring, seier Rose Keller.

Rose Keller, forskar ved NINA

FORSKAR: Rose Keller, forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), har funne mønster i kvar folk går på do og nivå av farlege bakteriar i bekkevatnet.

Foto: Privat

Det er forskarar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) som har forska på korleis turistanes avføring har verka inn på naturen i nasjonalparken.

– Om det same vatnet hadde runne i krana i ein heim hadde verdiane vore for høge til at det var trygt å drikke.

Trygt for bading

Denne sommaren hadde Norsk institutt for naturforsking eit pilotprosjekt der karta kvar folk gjorde frå seg i nasjonalparken.

Der såg dei kvar folk gjekk på do langs ein av dei mest populære stiane i parken ved å notere seg alt dei fann i eit område på 30 meter langs kvar side av stien.

Verdiane er enno ikkje så høge at ein ikkje kan bade i bekkene. Men for vanleg drikkevatn er nivået av E.coli-bakteriar her ikkje sikkert, seier forskaren.

Område der forskarane fann mykje avføring

TOALETT: Forskarane har kartlagt 63 område som hyppig vert brukt som utandørs toalett av turistane.

Foto: NINA

I Kvalvika og langs stien som fører til stranda blei det funne restar etter 152 dobesøk med inntil éin liter avføring og dopapir.

I tillegg fann dei anna type avfall og hundebæsj.

E.coli-bakteriar finst naturleg i tjukktarmen hos alle menneske og varmblodige dyr, ifølge helsenorge.no.

Innhaldet av E.coli i vatnet kontrollerte dei mot ein bekk som låg i eit naturområde som er urørt av menneske.

– Eg kjem aldri til å drikke vatnet i naturen utan å koke det. Men det betyr ikkje at det er veldig farleg for andre, seier Keller.

Forskaren peiker på at verdiane ikkje er skyhøge og at det finst E. coli-bakteriar i dei fleste bekker i naturen.

Strandrug på sanddynene

GRAVDE NED: Ein av løysingane for å bli kvitt avføringa kan vere å grave ho ned, men på stranda i Kvalvika er det allereie så mange som gjer det at Keller frå NINA er usikker på at det vert ei god løysing.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Køyrereglar for naturglade turistar

Lofotodden nasjonalpark ligg ytst i Lofoten i kommunane Moskenes og Flakstad i Nordland.

Nasjonalparken blei etablert i 2018. Kort tid etter såg nasjonalparkforvaltar, Ole-Jakob Kvalshaug, at fleire turistar nytta området til anna ting enn berre tur.

– Det flagrar ein del dopapir oppe i liene her på seinsommaren. Sånn kan vi ikkje ha det, sa han til NRK då.

Kvalshaug seier at dei jobbar aktivt med besøksforvalting på ein måte som turisme, naturen og lokalbefolkninga toler.

– Som nasjonalpark har styret eit ansvar for å ta vare på verneverdiane og naturmiljøet. Når det er snakk om besøksforvaltning må vi gjere noko med det.

Ole-Jakob Kvalshaug med utsikt til Bunessanden i bakgrunnen

FORVALTAR: Ole-Jakob Kvalshaug, forvaltar av Lofotodden nasjonalpark, seier dei har kjent til problemet med avføring i parken lenge.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Det er ikkje toaletthandtering på Kvalvika. Det meiner han kan vere deler av årsaka til problemet.

Men han er ikkje bekymra for at redsel for E. coli-bakterie kan gjere at det kjem færre turistar til nasjonalparken.

– Det er i tilfelle ein god ting. Om besøkstrykket går ned er ikkje det krise for oss, seier Kvalshaug.

No festar han lit til at turistane endrar åtferd om nasjonalparken legg fram nokre køyrereglar.

– I starten må vi gi folk ein sjanse og kommunisere ut korleis vi vil at dei skal oppføre seg i Lofotodden nasjonalpark. Eg trur at folk flest retter seg etter køyrereglar om dei vert klar over kva konsekvensane kan vere.

Kunnskap også for andre naturområde

Forskar Rose Keller har òg trua på at folk vil endre do-vanane, men meiner først det trengst kartlegging om kva slags turistar som nyttar nasjonalparken, og kva erfaring dei har frå naturen frå før.

Dette skiltet blir du møtt av ved inngangsporten til Lofotodden nasjonalpark på Bunes.

SLITASJE: Nasjonalparken er allereie truga av slitasje for hard bruk. No er han også truga av bakteriar frå avføring.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Keller har tidlegare vore forvaltar i ein nasjonalpark i Alaska.

Der prøvde dei med både bæsjeposar for turistane, utedo og opplysningsverk for å få bukt med same type problem.

– Når vi finn ut kva type folk som er i nasjonalparken, vil vi finne ut kva som er mest effektivt, om det er bæsjepose, utedo eller opplysningsverk, seier Keller.

– Ein må forstå staden før ein kan gi konkrete råd.

Forskaren meiner dette bør vere grunnlag for ein større debatt om korleis allemannsretten passar inn i det nye samfunnet.

Primitivt toalett i Lofoteodden Nasjonalpark

DO-STEIN: Forskarane frå NINA oppdaga at fleire turistar nytta store kampesteinar som utandørs toalett.

Foto: NINA

No ønsker NINA å gjennomføre ein grundigare prøvetaking av vatnet i bekkane i Lofotodden nasjonalpark.

Då vil dei finne ut om vatnet òg kan vere heim for farlege parasittar.

Resultatet frå forskinga håper dei kan verte brukt til å løyse liknande problem i andre nasjonalparkar og naturområde.

– Denne forskninga viser behovet for å snakke om masseturisme i Noreg, seier forskaren.