Hopp til innhold

Dette fjellet har eiga fangruppe – kvifor er det so spesielt?

Mange har eit spesielt forhold til sine lokale fjell og elver, men Stetinden har spesielt mange fans. Kva er det med nasjonalfjellet vårt?

Stetinden

Mange fjell skapar sterke minner hjå lokalbefolkninga, men Stetinden engasjerer langt fleire enn dei som bur i bygdene ikring.

Foto: Lars Westvig / larswestvig.no

Det er eit fjell som er so majestetisk. Og det er so blankskurt og jævlig, for å sei det rett ut

Lars Westvig

Lars Westvig elskar å fotografere Stetinden.

Og det er han ikkje åleine om. Facebookgruppa Stetind – Noregs Nasjonalfjell har over 7000 medlem.

Dagleg er det stort sett éin ting som skjer der – folk legg ut bilete av det same fjellet, kvar dag, år etter år.

Korleis kan denne granittpilaren skape eit so stort engasjement?

Pilotens høgdeskrekk

Lars Westvig flyg over heile Nordland og fotograferer landskapet.

Då han er ute og flyr, ser han alltid om forholda er gode nok til å dra opp til Stetinden, trass i at det er ein tre timar lang flytur heimanfrå.

Westvig flyr alltid åleine. Han kan rett og slett ikkje ha med seg folk dit. Der er fallvindar som gjer at han må vere svært forsiktig. Og ikkje minst er det skummelt, seier han.

Lars Westvig med flyet sitt

– Det symboliserer noko for folk. Det eine er staheita, det andre er at ein er stolt. Og eg trur det er stoltheita over det landskapet folk kjenner på, seier Lars Westig.

Foto: Privat

– Eg får høgdeskrekk då eg flyg over det. Det er den einaste plassen eg føler at det er ubehageleg, og det er fordi det er so vanvettig bratt der. Det er jo som ein syl som står rett opp.

Fotografen seier han fangar ein del av det nordnorske kvar gong han stikk kameraet ut vindauget på det vesle propellflyet.

– For meg so representerer det fjellet staheit. Den nordnorske staheita. Det står rett opp og ned – uansett.

Det er noko som folk kjenner seg att i i det fjellet der

Lars Westvig
Stetinden og Halls fortopp i vårdrakt.

Det samlar seg ofte skodde kring toppen av Stetinden som vert teken av vinden, og den ryk som ein 1400 meter høg skorstein.

Foto: Lars Wesvig / larswestvig.no

Fotografens og klatrarens draum

Asgeir Kvalvik har skrive ei heil bok om fjellet som kjem i haust. Han er ute og tek bilete av fjellet nesten dagleg, av og til fleire gongar dagen.

– Når ein blir like fascinert kvar gong, då er det noko med det fjellet der.

Asgeir Kvalvik med Stetinden bak

Asgeir Kvalvik har fotografert Stetinden frå alle moglege vinklar, frå andre fjelltoppar, frå fjæra, ulike himmelvinklar, om natta under både midnattssol og nordlys.

Foto: Privat

– Kva er det som er so fascinerande med det?

– Om du spør ein fjellklatrar om det, so ber dei deg berre sjå på fjellet, og det gjer seg sjølv. Spør du ein fotograf, får du same svar, seier Kvalvik.

– Men for folk som ikkje har sett fjellet kan det vel vere vanskeleg å skjøne kvifor folk brukar so mykje tid på å sjå på det i år etter år. Korleis kan ein forklare det?

– Alle har jo eit forhold til sine fjell der dei bur og tykkjer det er det flottaste, men Stetinden er utan like i heile verda.

Stetinden

Stetinden med snødekt topp, sjølv i juni.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Naturen gjev fysiske minner

Men ikkje alle har slikt eit nært forhold til nasjonalfjellet vårt. Og det er jo naturleg. Det vi bryr oss om er jo vårt eige fjell, vår elv, vår skog.

Knausen bak huset du vaks opp har nok betydeleg meir meining for den enn for meg.

– Ein finn slike markørar i landskapet som vert eit symbol på staden, seier Anne Wally Ryan, førsteamanuensis ved fakultet for samfunnsvitskap på Nord universitet.

Anne Wally Falch Ryan

Anne Wally Ryan.

Foto: Nord universitet

Ho har forska på korleis omgjevnadane påverkar folk, spesielt korleis naturen set seg i minnet vårt om barndommen vår.

I forskinga på korleis ungar opplevde heimplassen sin, fann ho at dei gjerne fokuserte på minner om naturen.

Desse minna, som ein dannar både som barn og vaksen, vert forsterka om ein gjer noko fysisk. Om ein går tur, fotograferer fjellet eller leikar cowboy i skogen.

– Det gjer nokre sterkare minner og skapar ei tilhøyrsle som er meir kjensleladd enn berre tilknytinga ein har til staden, seier Ryan.

Men denne tilhøyrsla krev ikkje ein 1400 meter dramatisk granittpillar for å dannast.

– Det er fort for at ein tek tak i attraksjonseigenskapane til ein stad, men som sagt so kan det jo vere eit tre eller ei maurtue, ikkje sant, som gjer det spanande å kome att og oppleve ein stad ein kjenner.

Stetinden med Presttinden i front.

Stetinden er det høgste fjellet i Stefjorden.

Foto: Lars Westvig / larswestvig.no
Snøhætta

Snøhetta på Dovrefjell i haustfargar. Fjellet var av Stetindens største konkurrentar då nasjonalfjellet skulle bli kåra.

Foto: Hans H. Bjørstad
Gaustadtoppen

Gaustatoppen med sine 1883 høgdemeter er det høgste fjellet i Vestfold og Telemark

Foto: Anne Lognvik / NRK
Utsikt mot Hurrungane ein fin sommardag

Hurrungane er eit landemerke i Jotunheimen og er viden kjend som fantastiske vårskifjell.

Foto: Kjartan Kvien
Torghatten med hullet som går tvers gjennom fjellet er det desidert mest kjente landemerket i Brønnøy.

Torghatten er kanskje det mest ikoniske landemerket på Helgelandskysten.

Foto: Magnar Solbakk
Skigåere på vei mot Storebjørn

Skigåarar på veg opp mot Storebjørn i Lom.

Slogen

Slogen inst i Norangsfjorden er eitt av dei mest attkjennelege fjella i Sunnmørsalpane.

Foto: Rune A. Hansen / NRK
Galdhøpiggen

Galdhøpiggen med sine 2469 meter er Noregs høgste fjell.

Foto: Geir Randby / NRK
Reinebringen teke frå lufta

Reinebringen i Moskenes er dei siste åra blitt eit svært populært mål for både turgåarar og fotografar.

Foto: Tommy Johansen

Kva fjell tykkjer du ser mest rått ut eller har mest karakter?

Det stygge nasjonalfjellet

Stetind

Peder Andersen Balke sitt måleri «Stetind i tåke» frå 1864. Kanskje var det slik fjellet såg ut i hovudet til Slingsby etter hans feila forsøk på å nå toppen.

Foto: Frode Larsen / Nasjonalmuseet

«The ugliest mountain I ever saw», sa den røynde og verdskjende fjellklatraren William C. Slingsby om Gudanes ambolt i Stefjorden.

Det kan ha noko å gjere med at han, trass all erfaring, ikkje greidde å nå toppen då han prøvde i 1904.

Men stygt eller ikkje, Stetinden er mektig. I det ein kjem ut av ein tunnel og rundt ein sving på veg nordover, reiser fjellet seg so brått opp av havet at ein nesten kan bli overraska.

Fjellet vart i 2002 kåra til Noregs nasjonalfjell etter ei avstemming i Reiseradioen, av alle plassar. Det som då var Tysfjord kommune brukte 19.000 kroner på å vinne over Snøhetta, Gaustatoppen, Glittertind og Romsdalshorn.

Det har ikkje alle sett pris på i åra etter kåringa.

– Stetinden er eit fantastisk flott fjell, men det er ein bergknaus. Noko nasjonalfjell er det ikkje, sa då redaktør i bladet Friluftsliv Bjørn Andreas Esaissen til NRK i 2014.

– Mange ser jo på det som eit kupp, at nordlendingane slo seg saman slik, seier Westvig i dag og ler.

– Men eg meiner at det fjellet faktisk er verd det. Det er so spektakulært.

Og enn so lenge ser det ut til at Gudenes ambolt framleis vil halde på tittelen som Noregs nasjonalfjell.

Dagsrevyenreportasje om Stetinden frå 16. august 2002
https://tv.nrk.no/serie/dagsrevyen/200208/NNFA21122802/avspiller

Dagsrevyreportasje frå 2002 då Stetinden vart kåra som nasjonalfjell. Klatrelegende og stjernefilosof Arne Næss er også intervjua om fjellet han har eit spesielt forhold til.

Hei!

Har du nokre tankar om fjell eller tips til andre saker eg bør sjå på? Eg er alltid interessert i å høyre kva som interesserer deg.

Eg har tidlegare skrive saker om mellom anna jakta på den forsvunne nobelprisen Hamsun gav til nazistane, korleis det var å stå dagevis i ferjekø på 70-talet og om då Thor Ulve vart bisett til brølet frå eit jagarfly.