Dei siste daganes kraftige uvêr i Lofoten sende turistane på flukt over Vestfjorden. Det førte til kilometervis med kø for å kome med ferja.
Bubilar og turistar stua saman på ferjeleia er eit sikkert sommarteikn i Nordland.
Det var heilt likt for femti år sidan også.
Sjå video av «ferjekaoset» i 1973 lenger nede i saka.
To døgn venting
– Vi sto i nesten to døgn på ferjeleiet ein gong, seier Tor Harald Vist.
Mor hans kom frå Lødingen, men dei budde i Bodø. Det betydde mykje reising med ferjene då han var liten på 60- og 70-talet.
Den raskaste vegen mellom fylkeshovudstaden og besteforeldra var då med E6.
Då måtte dei med den vidgjetne ferja Sommerset-Bonnåsjøen.
Tor Harald Vist trur det må ha vore travelt for foreldra då det sto på som verst, men at dei som ungar storkosa seg i ferjekøen.
Foto: Privat– Far min var og sette opp telt nede på ein åker der, like før Sommerset, seier Vist.
Dei som sto i kø hadde eit system for pass av både ungar og hundar som gjekk på rundgang.
– Vi sto der utruleg lenge, men dæven vi hadde det artig, seier Vist.
– Nokre gongar vart det jo litt kjedeleg der og då, men vi ungane var jo stort sett og leika etter vegen. Det var jo berre for dei vaksne å kauke inn ungane då det kom ei ferje motsett veg.
NRK-reportasje frå 1973 om ferjekøen på Sommerset.
«Alt tilgjengeleg materiell»
Mellom Sommerset og Bonnåsjøen greidde dei i 1973 å få over 60 bilar i timen, og hadde store vyar om å få til 100 neste sesong.
I dag går om lag 400 bilar over E6-ferja mellom Bognes og Skarberget kvar retning kvar time.
Og nett det same var kravet i 1973.
Men då, som no, var det for få toalett og for liten kiosk for å ta unna alle tørste og tissetrengde turistar i høgsesongen.
Reportasje frå 11. august 1973.
Rally mellom ferjene
Men ferjekaoset var ikkje over då ein kom seg i land på nordsida av fjorden heller.
Mellom Bonnåsjøen ferjeleie og Bognes er det litt over hundre kilometer på vegar som etter dagens standard sikkert hadde blitt eigne avisoppslag.
So skulle ein rekke neste ferje nordover, hadde ein ganske trongt med tid.
Det førte til det som vart kalla Rally Hamarøy.
Stygge forbikøyringar for å rekke ferja er altso på langt nær noko nytt.
– Far min tok det bestandig med ro. Karane som for forbi sto ofte lenger framme med panseret oppe og plagdes med motoren, so faderen tok det alltid med ro.
– Då vi kom til Bognes for søster mi, mor mi og eg over med ferja til Lødingen medan faderen sto i kø med bilen.
Reportasje frå 18. august 1973. No hadde dei auka kapasiteten til 200 bilar timen og redusert ventetida frå 15 timar til seks timar.
Tente ein slant på køen
Men telting på Sommerset var ikkje alt Vist fekk ut av dei lange køane.
I Lødingen budde besteforeldra like ved ferjekaia, og då også ved den kilometervis lange ferjekøen.
– Vi var og kjøpte is i butikken og selde langsetter ferjekøen. Vi måtte jo skunde oss og selje før alt tinte, mimrar Vist.
Bestefar hans fylte ein balje med is og hjelpte ungane tene nokre kroner i overskott.
– Vi fann på mykje rart den gongen.